Ta kontakt for opptak

Hausten 2015 arbeider MEMOAR på fritida med innsamling av sjøfartsminner. Det seier seg sjølv at framdrifta derfor ikkje er så god som me gjerne ville had\tt den. Me arbeider for å finne finansiering slik at me kan bruke arbeidstid på prosjektet, og så snart me har funne ei løysing på det vil tempoet gå kraftig opp. 

Dei som ynskjer avtale om opptak / intervju kan ta kontakt med post@memoar.no, så skal me setje opptaket på kalenderen. I starten vil opptaka bli gjort på Bergen Sjøfartsmuseum eller heime hos den som skal intervjuast. Pr. 15. oktober er der omlag seks veker ventetid.  

30/11: To opptak under arbeid.

lagt inn 30. nov. 2015, 06:37 av Bjørn Enes

Minneopptak med Per Christian Næss er under arbeid. Optaka vart gjort  i to omgangar - fyrst med publikum på Sjøfartsmuseet 15/11, så blei det gjort eit opptak til heime hos Næss den 18/11. Opptaka  er forventa ferdig dokumenterte innan neste opptak 13/12. (Årsaka til at det går så langsamt med dokumentasjonsarbeidet er at det førebels må gjerast på fritida til B. Enes)  

Opptak av Arild E, Syvertsen sitt foredrag "Norske sjøfolk i krig og terror" er under arbeid, og er rekna ferdig innan 15/12. 

Seks på venteliste pr. 15/10.

lagt inn 18. okt. 2015, 00:14 av Bjørn Enes

Seks sjøfartsveteranar i Bergensområdet står på "venteliste" på 15/10-15. 

Det som skal gjerast med kvart intervju er: 
- Avtale tid og stad 
- Gjennomføre intervjuet - det tar vanlegvis to til tre timar når ein tek med oppstart, pause og avslutting i reknestykket. 
- Gjennomgang, dokumentasjon og enkel redigering: Dette tek omlag ein arbeidsdag. 
- Publisering: Dette er ikkje arbeidskrevjande, men det legg beslag på utstyr i ganske mange timar for opplasting til publiseringsserver. Fram til ein minnebase er på plass, nyttar me primært Vimeo - unntaksvis YouTube. 
Opptaket vert fyrst publisert med passord, slik at berre redigeraren og forteljaren kan sjå det, Når forteljaren har bestemt seg for å dele opptaket, vert passordet fjerna slik at det kan delast i sosiale media og publiserast på Memoar sine nettsider, Sjøfartsmuseet sine nettsider etc. 

Memoar budsjetterer i oktober 2015 med ein arbeids- og utstyrskostnad på kr. 4.000,- per publisert intervju. Arbeidet vert inntil vidare gjort på frivillig basis, og utstyr / nettleige etc vert betalt privat av Memoar sine minnesamlarar. 

Om nokon skulle ynskje å støtte arbeidet, kan det setjast inn støtte på Memoar sin konto 3633 41 87769 

kl. 13:00: Audun Trygve Olsen

lagt inn 5. okt. 2015, 08:11 av Bjørn Enes

Audun Olsen reiste ut i 1967 og seilte til ca. 2000, i hovudsak på tankskip. 

Intervjuar vert Bjørn Enes 

18/10-15: Opptak i Bergen Sjøfartsmuseum

lagt inn 23. okt. 2009, 00:21 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. okt. 2015, 08:03 ]

Ca kl 13:45: Per Gustav Steimler

Steimler seilte ut i som fyrstereis 1962 og heldt fram innanfor sjøfart heile yrkeslivet, dei siste årea som leiar av Seimler Offshofre Service. 

Intervjuar vert Bjørn Enes.  

1-4 of 4