Framdrift‎ > ‎

17/1-16: Nytt minneopptak i Bergen Sjøfartsmuseum

lagt inn 8. jan. 2016, 05:42 av Bjørn Enes
Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros først for Mowinckel, Reksten og Westfal-Larsen. I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjeredieriet Askøy Bergen, noverande Fjord Line.

Pål "Pablo" Strand har mykje å fortelje, mellom anna om sitt fyrste møte med Japan, om å arbeide saman med krigseglarar, om drama som sjølvmord, kollisjonar og brannar, om 25 år som skipstillitsmann, om å bu i Colombia og mykje anna. Han er ein god forteljar, noko som han mellom anna har praktisert gjennom 30 år med frivillig nærradioarbeid.

Samtalepartnar / intervjuar vert Bjørn Enes frå Memoar. 

Publikum er velkomne til å vere til stade under intervjuet. Det vil seinare bli avlevert til Bergen Byarkiv, og dersom Paal Strand ynskjer det vil det også bli publisert på Internett, på Sjofart.memoar.no

Comments