Framdrift

Prosjekt Sjøfartsminner vart initiert av Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum hausten 2015. Ei rekke andre organisasjonar, verksemder og personar skal inviterast inn i prosjektet. Denne prosjektsida er etablert for å sikre kommunikasjon med alle samarbeidspartnarar, og innsyn i korleis arbeidet utviklar seg for alle interesserte. 
Dokument som har betyding for  framdrift eller evaluering av sluttresultat vert samla under peikaren "Vedlegg". 
Denne sida vert redigert av prosjektleiar Bjørn Enes - bjorn.enes@memoar.org 

14/1-16: Seatrans AS støttar "Sjøfartsminner"

lagt inn 14. jan. 2016, 03:33 av Bjørn Enes

www.seatrans.no
Prosjektl "Sjøfartsminner# fekk i dag denne meldinga frå Seatrans AS i Bergen: 

"Seatrans AS er villig til støtte 2 opptak a NOK 6.900,- tilsvarende samlet NOK 13.800,-. 

Vi ber om at det sendes faktura på beløpet når dere er klar til det."
 

Dette er fyrste respons på ei bunke brev som gjekk ut til 11 rederi og skipsmeklarar i Bergensområdet. Me er ikkje berre takksame for dette handslaget - det gir oss ekstra pågangsmot også! 

26/1: Bergen - foredrag om gullalderen 1875-1975

lagt inn 12. jan. 2016, 01:29 av Bjørn Enes

https://www.haugenbok.no/Skipsfartseventyret/I9788241911576
I Bergen Sjøfartsmuseum sin serie av ysdagsforedrag kjem det no opp eit nytt og svært interessant arrangement. Tysdag 26. januar kl 12 - 14 skal historikarane Silje Een De Amoriza og Ingrid Myrstad (Historikarverksemda) fortelje om om boka "Skipsfartseventyret". En fotografisk fortelling» utgitt på Vigmostad & Bjørke 2015.


Museet medler: "Boken tar for seg perioden 1875-1975 som var den norske sjømannsstandens gullalder, da utenriksfarten på det meste sysselsatte nærmere 60 000 nordmenn. Gjennom utvalgte bilder gir boken innblikk i sjøfolkenes skipsfartseventyr: glimt fra arbeid, kameratskap om bord, fremmede havner og dramatiske hendelser.

Velkommen til et spennende foredrag om norsk sjømannsliv, der forfatterne viser bilder fra et århundre på havet. 

Etter foredraget (kl 13-14) blir det enkel servering i vår maritime cafe.

Det blir mulighet til å kjøpe boken og få den signert fra forfatterne." 

9/1: Bergens Skipperforening blir partnar

lagt inn 10. jan. 2016, 09:52 av Bjørn Enes

Prosjekt Sjøfartsminner.memoar.org har i dag fått denne meldinga frå Gunvald  Isaksen, formann i Bergen Skipperforening: 

"Hei!
 
På styremøte i Bergens Skipperforening 7. januar 2016 behandlet vi “Invitasjon til partnerskap/medeierskap i prosjekt Sjøfartsminner”.
 
Styret synes dette var et meget positivt og ineressant prosjekt som Bergens Skipperforening støtter fult ut, og som vi takker ja til å bli partner- og medeiger i. 
 
Vårt medlem sjøkaptein Per Gustav Steimler er allerede med i styringsgruppen. Hans kandidatur støtter skipperforeningen fullt ut.
Han vil holde oss orientert om fremdrift, og hva skipperforeningen ytterligere kan bidra med.
 
 
Med vennlig hilsen
 
Gunvald Isaksen
Formann Bergens Skipperforening"

9/1-16 - Bjørn Enes, prosjektleiar.

17/1-16: Nytt minneopptak i Bergen Sjøfartsmuseum

lagt inn 8. jan. 2016, 05:42 av Bjørn Enes

Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros først for Mowinckel, Reksten og Westfal-Larsen. I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjeredieriet Askøy Bergen, noverande Fjord Line.

Pål "Pablo" Strand har mykje å fortelje, mellom anna om sitt fyrste møte med Japan, om å arbeide saman med krigseglarar, om drama som sjølvmord, kollisjonar og brannar, om 25 år som skipstillitsmann, om å bu i Colombia og mykje anna. Han er ein god forteljar, noko som han mellom anna har praktisert gjennom 30 år med frivillig nærradioarbeid.

Samtalepartnar / intervjuar vert Bjørn Enes frå Memoar. 

Publikum er velkomne til å vere til stade under intervjuet. Det vil seinare bli avlevert til Bergen Byarkiv, og dersom Paal Strand ynskjer det vil det også bli publisert på Internett, på Sjofart.memoar.no

4/1-16: Bergen Skipperforening invitert som medeigar.

lagt inn 4. jan. 2016, 00:24 av Bjørn Enes   [ oppdatert 4. jan. 2016, 00:30 ]

http://skipperforeningen.no/
Fyrste kvardag etter nyttår vart invitasjonen til Bergen Skipperforening om medeigarskap eller partnarskap i prosjektet sendt. Der er frå før to andre partnarar: Organisasjonen Memoar og Bergen Sjøfartsmuseum. 

Kjerna i det Skipperforeningen vert invitert med i er:

  • Prosjektet skal gjere minneopptak på video med aktive og pensjonerte sjøfolk og andre med tilknytting til sjøfart og offshoreverksemder.
  • Opptaka skal dokumenterast og arkiverast i samarbeid med Norsk etnologisk gransking og ein eller fleire offentleg eigd(e) ABM-insitusjon(ar).
  • Prosjektet har som intensjon å skape breitt engasjement for minnekultur om norsk sjøfart, både rundt innsamling av minne og rundt bruken/delinga av minneforteljingar i sosiale og tradisjonelle media.
Invitasjonsbrevet kan lesast i vedleggsarkivet

10/12-15: Styringskomiten forbetra prosjektet.

lagt inn 16. des. 2015, 08:15 av Bjørn Enes

Styringskomiteen i prosjekt Sjøfartsminner er samansett av fem personar - to frå Memoar, to frå Sjøfartsmuseet og ein frå Universitetet i Bergen.  Dei fem er: Lilli marie Ingvaldsen og Bård Gram Økland frå Sjøfartsmuseet, Bjørn Enes og Per Gustav Steimler frå Memoar og Hans Jacob Ågotnes med Peter Forrás som vara, begge dei sistnemnde er frå UiB / Kulturvitskap.

Styringskomiteen gjekk gjennom forslaget til prosjektskildring og gjorde ei rekke forbetringar. Sørleg interesserte kan sjå samandrag av diskusjonane i referat som ligg i Vedleggsarkiv 

Komiteen bestemte også å invitere ein skipsfartsfagleg partnar inn som medeigar i prosjektet. Så snart vedkomande har sagt ja, vil me offentleggjere kven det er. 

10/12 - Fyrste del av Ole Christian Næss si forteljing

lagt inn 16. des. 2015, 08:08 av Bjørn Enes

Ole Christian Næss:


Ole Christian Næss reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968. Det var ein heilt ny måte å reise ut på, som vart introdusert på same tid som dei store nedbemanningane sette inn. Han fortel om nyvinningar innanfor navigasjonsteknikkar - eigentleg laga for fly - og om den nye opplæringsstrukturen i Wilhelmsen. Då ryktane tok til å gå om jobbar for sjøfolk på plattformer og boreriggar, kunne mange ikkje tenkje seg noko slikt. Derfor var det ikkje vanskeleg å få jobb på dei fyrste norske plattformane. Næss fortel fargerikt om dei fyrste åra av norsk rigg-fart. I Del 1 skjem han fram til 1976, då han gjekk frå plattform til forsyningsskip for å få godkjend skipsførarsertifikatet sitt. Det er den verste farten han har vore i, fortel han - meir om det i Del 2 som vert publisert seinare i desember 2015.  - Les meir her: Http://OleChristianNaess.memoar.no

30/11-15: Styringskomiteen innkalt

lagt inn 30. nov. 2015, 06:28 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. des. 2015, 00:07 ]

Styringskomiteen i prosjektet er innkalt rtil møte torsdag 10/12 kl 10 - 11:30. 

Saksliste: 
Gjennomgang av prosjektskildringa (lagt ved)
Samarbeidsinvitasjonar 
Finansieringssøknader 
Målsetjingar for framdrift. 

Hans Jacob Ågotnes har meldt forfall til møtet. Men me er så heldige at stipendiat Peter Forras kjem i staden for han, så me får likevel UiB/kulturvitskapsperpektivet inn i drøftingane. 

24/11-15: Opptak av Arild E. Syvertsen sitt foredrag

lagt inn 30. nov. 2015, 06:24 av Bjørn Enes

http://www.aschehoug.no/nettbutikk/norske-sjofolk-i-krig-og-terror-aco.html
Arild Syvertsen er tidligere sjømann, og han seilte som førstestyrmann/kaptein på norske skip i Gulfen. Siden 1991 har han jobbet som statslos i Kystverket. Han har skrevet flere bøker, og den 24/11 var han invitert til Sjøfartsmuseet i Bergen for å holde foredrag om den siste - "Norske sjøfolk i krig og terror - Gulfkrigen 1980-88"

Etter avtale med Syvertsen gjorde vi opptak av foredraget, ut fra den tanke at den passer svært godt inn i rammene for prosjekt Sjøfartsminner. Det er en interessant problemstilling om vi "bare" skal bevare og dele primærkildeopptak, eller om vi også skal dokumentere arbeidet til personer som Syvertsen, som i tillegg til egne opplevelser også har arbeidet med å intervjue andre.

Under den irak-iranske krigen i den Persiske Gulf fra 1984¿1988, kjent som «The Tanker War», ble nøytrale tredjelands skip angrepet. Det moderne samfunnet var avhengig av stabile leveranser av olje og gass, og norske skip seilte under hele Gulfkrigen. Rederne tjente gode penger på en svært risikofylt seilas. De fleste av sjøfolkene seilte av lojalitet til rederiet og egen arbeidsplass. Et mindretall lot seg lokke av store penger og av spenning. 

Arild Syvertsen har intervjuet sjøfolk som var med på disse seilasene og forteller deres dramatiske historier. Det var en rå og brutal krig for sjømennene som var totalt forsvarsløse. 
Dette er nyere norsk sjøfartshistorie som ikke tidligere er fortalt. 

Syvertsen har tidligere skrevet bøkene Glimt fra Fredrikshalds sjøfartshistorie (2007) og Skipshistorier fra de syv hav (2011).
 

23/11-15: Prosjektet presentert for Sjøfartsnettverket

lagt inn 30. nov. 2015, 06:10 av Bjørn Enes   [ oppdatert 30. nov. 2015, 06:12 ]

Museumsnettverket for maritime museum og kystmuseum var samla til to dagars konferanse i Bergen 23 og 24 november. Om kvelden 23/11 var deltakarane på besøk på Sjøfartsmuseet, der dei fekk orientering om dei nyaste utstilingsprosjekt, samarbeidet med Kunstpilotane - og samarbeidet med memoar om sjøfartsminner. 
Bjørn Enes heldt ei kort orientering, og promoteringsvideoen vart vist. 

Det vart ein kort men svært interessant diskusjon i etterhand. mange syntest prosjektet høyrtest både spennande og viktig ut. Andre var litt it tvil om kor interessant det vile vere på sikt: Ein spurte om ikkje slike minneforteljingar ofte vert svært like - ein annan spurde om ikkje det lett kunne bli "som dei tusen mangletrea på veggane i norske heimar". 

Presentasjonen endte med eit løfte om at alle deltakarane i museumsnettverket vill få tilsend prosjektskildringa med invitasjon om å bli med i forprosjekt eller hovudprosjekt. 

1-10 of 16