7 - Avslutting

Forprosjektet skal førebu eit større hovudprosjekt som vil innehalde minneopptak og arrangement over heile landet. Hovusøknaden om finansiering til det, vil truleg bli send til Kulturrådet. Difor er det viktig å presisere at forprosjekt og høvedprosjekt høver inn i rådet sine strategiar:

Relevans: Forprosjekt og hovudprosjekt skal dokumentere minner frå ein periode i Noregs historie som enno ikkje ser ut til å ha blitt "gamal nok" for historikarar flest - men der kjeldene alt tek til å tynnast ut.

Sett i lys av dei økonomiske stormkasta som i desse dagar slår inn over offshore-verksemdene, er tematikken høgaktuell. Debatten om kva Noreg skal leve av i framtida har knapt hatt eit slikt fokus sidan åra rundt 1975.

Kvalitet: På søknadstidspunktet er den historie- og kulturvernfaglege kvaliteten i dette prosjektet sikra gjennom rettleiing frå professor Ingar Kaldal ved NTNU. Han er truleg den nolevande fagpersonen som har arbeidd mest og lengst med teori og metode for munnleg historie og minnesamlingar i Noreg, og han har og svært mykje erfaring med innsamlingsprosjekt. I tillegg er Bergen Sjøfartsmuseum ved konservator Bård Gram Økland leiar av styringsgruppa i forprosjektet. Når hovudprosjektet kjem i gang, ventar me at ei rekke av dei andre maritime musea vil delta. Alt som vert produsert i forprosjekt og hovudprosjekt vil bli levert til Norsk etnologisk gransking.

Prosjektleiar: Bjørn Enes er ein erfaren journalist som har arbeidd både med tekst og video. Utanom journalistikken har han arbeidd mykje med tidsvitneintervju frå krigsåra i Noreg (også litt i Russland). Parallelt er ha prosjektleiar for eit tilsvarande minneprosjekt i prosessindustrien (http://vendepunkt1975.memoar.org) Sjå meir info om Enes på www.enes.no.

Kulturuttrykk: Munnleg kulturarv - eller "oral history" - har aukande interesse over heile Europa. Minnesamlingar har i hovdregelen vore skriftlege eller transkriberte lydopptak. Dette prosjektet tar sikte på å samle inn, kvalitetssikre og publisere eit relativt stort tal av frie forteljingar i videoformat. Som kjent kommuniserer menneske med meir enn ord, og bevaring av minne i videoformat har derfor ein ekstra verdi.

Strategi: Prosjektet er etter vårt syn relevant i tilhøve til to punkt i Kulturrådet sin overordna strategi:

  • Det handlar om å dokumentere, bevare og formidle munnleg kulturarv frå norsk sjøfarts- og arbeidskultur.

  • Og det handlar om å styrke samtidas kulturuttrykk i den forstand at det markerer at munnlege forteljingar frå "vanlege folk" er eit bevaringsverdig kulturuttrykk.




Comments