3 - Mål

Forprosjektet skal:

  • Finne ut korleis videoopptak av munnleg kulturarv og deling av slike opptak kan gjerast til kulturelle opplevingar og inspirasjonskjelder i seg sjølv, både for dei som tek del i innsamlinga og for dei som seinare får tilgang til forteljingane.

  • Finne ut korleis ei samling av munnlege forteljingar om denne viktige perioden i norsk sjøfartshistorie kan organiserast og publiserast slik at den også fungerer som kjelde for kulturvitskapleg eller anna forsking (historie, språk, helse etc) og/eller som råstoff for forfattarar, program- eller filmskaparar, museumskuratorar etc.

  • Prøve ut korleis eit digitalt arkiv/minnebase bør sjå ut og organiserast for at det skal fungere for alle ("vanlege" innbyggarar, forvaltinga, forskarar, sivilsamfunnet og det profesjonelle kulturlivet).

  • Skildre, organisere og søke finansiering for eit hovudprosjekt med liknande minneinnsamling over heile landet. Ambisjonen er å sende fyrste finansieringssøknad til Kulturrådet sin fyrste søknadsfrist, 3mars 2016.



Comments