6 - Budsjett

Budsjettet er prega av ideen om å sameine frivillige, fag- og bransjeforeiningar og ABM-institusjonar i eit arbeid for å skape interesse og engasjement rundt minneinnsamling. Memoar er i utgangspunktet ein frivillig organisasjon som arbeider for å "fremje ein kultur for å ta vare på å dele munnlege forteljingar om levd liv" (formålsformuleringa). Men frivillig arbeid aleine kan verken skape den interessa som trengst no eller sikre at framtida får tilgang til det materiale som entusiastar samlar inn. Det trengst historie- og kulturvernfagleg kompetanse, det trengs ABM-insitusjonar - og det trengst ikkje minst at fagforeiningar og næringsorganisasjonar ser det som ei oppgåve å sikre også den immaterielle kulturarven for framtida.

Ut frå denne grunnhaldninga, har me laga fylgjande forprosjektbudsjett


Kostnadsbudsjett – Forprosjekt «Sjøfartsminner»
Organisering av prosjekt kr 11 000,00
Utvikling av avtaledokument kr 4 125,00
Gjennomføring av 10 prøveopptak innan kr 19 800,00
Ferdig kalitetssikring og dokumentasjon kr 42 900,00
Ferdig prosjektskildring og partnarskap kr 16 500,00
Ferdig kortkurs for minnesamling kr 24 750,00
Publisering av publikumsretta nettstad kr 9 900,00
Søknad til Kutlurrådet om hovudprosjekt: kr 12 375,00
Gjennomføring av fyrste kurs for frivillige: kr 12 375,00
Nettverksarbeid – Museumsnettverket kr 13 750,00
Nettverksarbeid – Sjøfartsorg. /verksemder kr 16 500,00
Rådgjeving og evaluering – metodikk og metode kr 12 750,00
Evaluering av sluttrapport og plan for gjennomføring kr 6 800,00
Kostnadar i alt: kr 188 400,00

Finansieringsplan:


Finansieringsplan – forprosjekt Sjøfartsminner:
Ufakturert arbeidsinnsats – Memoar kr 28 875,00
Ufakturert arbeidsinnsats – Sjøfartsmuseet kr 20 625,00
Søknader kr 138 900,00

kr 188 400,00

Søknader om støtte til forprosjektet er tenkt sende til Sjømannsforbundet, Rederiforbundet, Bergen skipper- og maskinistforening, Bergen Kommune, Hordaland Fylkeskommune, Kavlifondet, Fritt Ord m.fl. Hovudsøknad om finansiering av hovudprosjekt skal bestemmast i forprosjektet, men Kulturrådet er ein aktuell søknadsmottakar.


  
Comments