2 - Bakgrunn

Bergen 2015: Memoar og Bergens sjøfartsmuseum starta dei fyrste forsøka med videoopptak av sjøfartsminne hausten 2015. Erfaringane viste snart at der er ei betydeleg interesse for slike intervju, både blant dei som vert intervjua, deira næraste (born, barneborn og nære vener), meir perifere kontaktar, så som gamle skipskameratar og yrkesbrør, andre sjøfolk - og folk flest langs kysten. Desse erfaringane stadfestar erfaringar frå andre land der det har vore arbeidd lenger med såkalla oral history-prosjekt:

I Storbritania har det gjennom tretti år vorte samla inn munnleg kjeldemateriale gjennom tematiske prosjekt. "Oral history" er blitt eit omgrep både i folkeleg engasjement og i akademiske disiplinar (sjå Oral History Society - www.ohs.org.uk).

I USA har prosjektet Story Corps i løpet av dei siste tolv åra samla inn og arkivert meir enn 50.000 intervju frå meir enn 80.000 deltakarar. Deltakaren får ein kopi som ho/han kan dele med kven dei vil. Ein annan kopi vert arkivert i American Folklife Center, som er ein del av Library of Congress. (Sjå www.storycorps.org)

I "fastlands-Europa" har interessa for munnlege forteljingar fram til nyleg vore konsentrerte om andre verdskrigen. Men her og veks interessa for dokumentasjon munnlege kjelder. Eit eksempel er det spanske (katalanske) prosjektet "Memorial Democratic" som har bygd opp mediet "Banc Audiovisual de Testimonis" http://bancmemorial.gencat.cat)

I Noreg var Edvard Bull d.y. ein foregangsmann på dette feltet, og saman med Norsk Folkemuseum dokumenterte han minner frå norsk industri i perioden 1880-1950. Innsamling av minne i tekstformat om sjøfarten har helde fram og pågår stadig i regi av Norsk etnologisk gransking. NEG viser stor interesse for minneinnsamling på video, og arbeider med utvikling av ein norsk minnebase og eit medium bygd over lestet til Nordiska Museets medium www.minnen.se .




Comments