Prosjektskildring

1 - Skildring av forprosjekt om minneinnsamling med video

https://sites.google.com/a/memoar.org/sjofartsminner/dokument/15-12-17-ProsjektskildringSjofartsminne-MedVedlegg.pdf?attredirects=0&d=1
Organisasjonen Memoar tek med dette initiativ til eit samarbeidsprosjekt om munnleg minnekultur knytta til sjøfolk og sjøfart i manns minne - dvs frå 1940-åra fram til i dag.
  • Prosjektet skal gjere minneopptak på video med aktive og pensjonerte sjøfolk og andre yrkesgrupper innan sjøfart og offshoreverksemder.
  • Opptaka skal dokumenterast og arkiverast i samarbeid med Norsk etnologisk gransking og ein eller fleire offentleg eigd(e) ABM-insitusjon(ar).

  • Prosjektet har som intensjon å skape breitt engasjement for minnekultur, både rundt innsamling av minne og rundt bruken/delinga av minneforteljingar i sosiale og tradisjonelle media.

Prosjektet skal produsere ei betydeleg samling av munnlege minneforteljingar på video om dei store endringane i norsk sjøfart og offshoreverksemd etter andre verdskrigen. Kvart opptak skal kvalitetssikrast, dokumenterast og arkiverast hos Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet og/eller i ein ny struktur der lokal og nasjonal arkivering av minne fungerer saman.

Prosjektet skal tilby kurs for frivillige minnesamlarar som kan vere med å sikre eit varig tilfang av nye minneopptak med tilnærma profesjonell kvalitet og dokumentasjon, som skal kunne arkiverast i same struktur som nevnt over.

Og prosjektet skal gjennomføre minnearrangement med publikum i samarbeid med alle deltakande museum. Også desse arrangementa skal sikrast for ettertida.

  • Opptaka skal som hovudregel foregå som frie intervju om korleis informantane hugsar skip, fart, arbeidet, tekniske og organisasjonsmessige endringar, omgangsformer, vitsar og vandrehistorier, humor, konfliktar, kjønnsbilete, gruppeidentitetar (eigne og andre sine), statussymbol og tabuar, framtidstru og -frykt, formelle og uformelle hierarki, endringsprosessar, bustadforhold og bumiljø, flyttingar og migrasjon, klassetilhøve, kulturkonfliktar osb osb.

  • Det skal lagast eit tekstresyme av kvart opptak med tagging til videofila slik at innhaldet vert søkbart. Kvart opptak skal kvalitetssikrast for ikkje å publisere noko som bryt med vanleg presseetikk. Forprosjektet skal finne ei framtidsretta løysing for arkivering, forvalting og formidling av innsamla materiale og dokumentasjon hos ein institusjon i den offentlege ABMsektoren.

  • Forteljarane (informantane) skal kunne dele opptaket (eller utdrag frå det) i sosiale media, og det skal gjennomførast aktivitetar for å bruke pilotopptaka til å skape engasjement rundt innsamling av arbeidsminner.

Prosjektet skal starte som eit forprosjekt vinteren 2015-2016. Eit hovudmål i forprosjektet er å skape partnarsikap og finne finansiering til eit fylgjande hovudprosjekt.