Minnesamling om norsk sjøfart
I oktober  2015 tok Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum  initiativ til eit prosjekt for å samle munnlege minneforteljingar frå sjøfolk og andre som har  eller har hatt med sjøfarten å gjere. Dette er viktig kulturarv. Det er verdfiult dokumentasjonsarbeid for framtidige forskarar, kunstnarar - og etterkomarar. Det er ein botnstokk i den norske identiteten. Og ikkje minst: Minnedeling er rike kulturopplevingar, både i godt lag og gjennom sosiale media. Her er nokre smakebitar frå starten:  

Prosjektinitiativet:



Framdrift i prosjektet:


  • Utviklinga av prosjekt Sjøfartsminner har si eiga nyheitsside  - kortversjonar av dei fem siste meldingane finn du her: 
  • 14/1-16: Seatrans AS støttar "Sjøfartsminner" Prosjektl "Sjøfartsminner# fekk i dag denne meldinga frå Seatrans AS i Bergen: "Seatrans AS er villig til støtte 2 opptak a NOK 6.900,- tilsvarende samlet NOK 13.800,-. Vi ...
    Lagt inn 14. jan. 2016, 03:33 av Bjørn Enes
  • 26/1: Bergen - foredrag om gullalderen 1875-1975 I Bergen Sjøfartsmuseum sin serie av ysdagsforedrag kjem det no opp eit nytt og svært interessant arrangement. Tysdag 26. januar kl 12 - 14 skal historikarane Silje Een De Amoriza og ...
    Lagt inn 12. jan. 2016, 01:29 av Bjørn Enes
  • 9/1: Bergens Skipperforening blir partnar Prosjekt Sjøfartsminner.memoar.org har i dag fått denne meldinga frå Gunvald  Isaksen, formann i Bergen Skipperforening: "Hei! På styremøte i Bergens Skipperforening 7. januar 2016 behandlet vi “Invitasjon til ...
    Lagt inn 10. jan. 2016, 09:52 av Bjørn Enes
  • 17/1-16: Nytt minneopptak i Bergen Sjøfartsmuseum Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann ...
    Lagt inn 8. jan. 2016, 05:42 av Bjørn Enes
  • 4/1-16: Bergen Skipperforening invitert som medeigar. Fyrste kvardag etter nyttår vart invitasjonen til Bergen Skipperforening om medeigarskap eller partnarskap i prosjektet sendt. Der er frå før to andre partnarar: Organisasjonen Memoar og Bergen Sjøfartsmuseum. Kjerna i ...
    Lagt inn 4. jan. 2016, 00:30 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 16. Vis mer »



Delte forteljingar (dei nyaste fyrst):

Embed gadget

Sundag 15. november var forteljaren på Sjøfarts-museet Ole Christian Næss. Han reiste ut som styrmanns-aspirant hos Wilhelmsen i 1968, og kom midt opp i den store rasjonaliserings-prosessen i handelsflåten.  Etter seks år i utenriksfart gjekk han over i offshore. Det var vanskeleg å få sjøfolk til dei nye boreriggane, fortalde han. Rederioet tok mot han med opne armar når han melde seg frivillig. Han var mellom anna med på jomfruturen til "Treasure Hunter" - ein av dei fyrste H3.riggane som vart bygde på Nylands Mekaniske. Den var nær ved å forlise ved Drøbak på jolekvelden 1975.
Fyrste del av hans forteljing vart publisert 10. desember 2015. Sjå dokumentasjon på hans side Http://OleChristianNaess.Memoar.no 

  

Per Gustav Steimler

Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter,  juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for å kome med MS "Estrella" (10.000 tdw) som gjekk i linjetrafikk for Bergenske Dampskipsselskap på SørAmerika. Fyrste turen hans var 22 mnd lang - han rakk å gå gradene frå dekksgutt via jungmann til lettmatros før han kom heim på tre vekers ferie våren 1964. Neste tur vart 14 mnd lang - og då hadde han akkurat fartstid nok til å begynne på Styrmannsskolen, berre 19 år gammal. I dag er han pensjonist på papiret - men i praksis skadestadsleiar og konsulent innan oljevern.  

Minneopptaket med han vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 18. oktober 2015, med publikum til stade. Intervjuar var Bjørn Enes.




Håkon Drange


Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før han kom ut. I mai 1947 mønstra han på damptankaren "Tiger" som då låg i dokk i Fredrikstad for å lappe kulehol frå krigen og byggast om frå kolfyr til oljefyrt kjele. Så gjekk det ikkje betre enn at oljetanken eksploderte - og fyrstereisa begynte med tre månader i dokk på Akers Mekaniske - dokka finst enno, som småbåthamn på Aker Brygge....

Det er litt mykje bakgrunnslyd på dette minneopptaket - Håkon Drange melde seg spontant til å fortelje etter den "offisielle delen" av eit minneopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015. Det er dette publikumet me høyrer i bakgrunnen på opptaket. Intervjuar var  Bjørn Enes 





Audun Olsen


Audun Trygve Olsen er pensjonert sjømann. Han reiste ut fyrste gong som dekksgut i 1967. Han var då 18 år gamal, båten heitte MT"Vinga" - ein solventtankar frå Mowinkel rederi i Bergen. 

I opptaket som vart gjort med han på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015, skryt ikkje akkurat av fyrstereisa: Etter litt fram og attende langs Italiakysten bar det over til Mexicogulfen der han stort sett opplevde "grøftehol på amerikansk strilaland".

Intervjuar var Bjørn Enes 




Bjørn Haave



Bjørn Haave er sjømann fra Tønsberg. Faren og flere i familien var hvalfangere, men det frista ikke unge Bjørn. Alt da han var ti år gamal bestemte han seg for å dra til sjøs - og sommeren 1964 ble det alvor. Første reis var 18 månader. Han kom på som messegut, men "avanserte" til dekksgut før turen var slutt. 

Den 8/10-2015 fortalte Bjørn Haave fra sjømannslivet sitt i et opptak med Bjørn Enes. Opptaket er en time og 35 minutt langt, og inneholder fortellinger og refleksjoner fra hele yrkeslivet fram til pensjonsalder i 2010. 

Ta kontakt for nye opptak

  • 30/11: To opptak under arbeid. Minneopptak med Per Christian Næss er under arbeid. Optaka vart gjort  i to omgangar - fyrst med publikum på Sjøfartsmuseet 15/11, så blei det gjort eit opptak til heime hos ...
    Lagt inn 30. nov. 2015, 06:37 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 1 av 4. Vis mer »