Kurs

Memoar vil fremja ein kultur for å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv. 

I praksis betyr det å 
  • Gjera video- og eller lydopptak av forteljingane
  • Dokumentera opptaka - det vil seie å gjera det enkelt å finna fram i timelange videoforteljingar for brukarar i dag - og om hundre år. 
  • Arkivera opptak og dokumentasjon - det vil seia å arbeida saman med offentlege arkiv, bibliotek eller museumsinstitusjonar for å sikre forsvarleg bevaring
  • Publisera opptak og dokumentasjon - det vil seia å arbeida saman med forteljarane for å gjera forteljingane (eller deler av dei) lett tilgjengelege for brukarar i dag gjennom nettpublisering.
  • Formidla enkeltforteljingar og samlingar i samarbeid med historielag og -foreiningar, bibliotek, musé, undervisningsinstitusjonar, media og mange andre.
  • Arbeida for fagutvikling innan munnleg historie og minnekultur - det vil seia å arbeida saman med andre frivillige og profesjonelle fagmiljø om utvikling av kompetanse, organisasjon og infrastruktur for oral history i Noreg.
Me arbeider for å utvikla kurs innan alle sider av dette.  I 2017 skal med vidareutvikla fem delar: 
  1. Praktisk intervjuarbeid: Litt kamerateknikk, lyd, lys. Åtvaring mot vanlege tabbar. Gode rutinar for førebuing og gjennomføring. Avtalar.
  2. Dokumentasjon: Analyse av innhaldet. Stikkord-dokumentasjon. Tidskodar. Utforming av rekneark og undertekstlister. Tagging / direkte link til tidskodar i opptaket.
  3. Minneintervjuet: Intervjuarrolla, forteljarrolla, fri forteljing eller spørjeliste? Meir om etikk og juss. Ytringsfridom og presseetikk. Forskingsetikk.
  4. Minneinnsamlingsprosjekt: Fokus, organisering, finansiering, arkivering, publisering og formidling: Emneordlister. Arkivmapper. Nettsideproduksjon. Bruk av munnleg materiale i formidling - QR-koder og geotagging. Bruk i bloggar og presentasjonar. Sosiale media.
  5. Minneteori - minner som prosessar. Munnleg historie i Noreg. International Oral History Association, OHS i Storbritania og dei nordiske landa. Samordning av frivillige arbeidarar, ABM-institusjonar, frilansarar og akademiske nettverk. Utviklinga av Memoar som ein norsk foreining for munnleg historie og minnekultur.
Minnesamling

Me tek sikte på å laga mange kursvariantar - frå to-timars "lynkurs". via helgekurs til kursseriar over fleire veker. 

Me arrangerer nokre kurs sjølve - andre i samarbeid med andre organisasjonar, institusjonar eller verksemder. 

Me er alltid opne for nye samarbeidsidéar som er i tråd med formålet vårt! 

Nye kurs vert annonserte her: kurs.memoar.no 

Kursmateriellet vårt er tilgjengeleg frå undermenyen på den same sida. 

Kontakt oss på epost post@memoar.no 

Bli medlem i Memoar


    Interessemelding 2017




Liste over undersider



Comments