Kurs - Memoar.no‎ > ‎

Kurs om minnesamling i Kristiansand 28-30. august 2017


Memoar og Kristiansand Folkebibliotek  inviterer til 
kurs om minnesamling  28, 29 og 30 august 2017.   

Kurset vil handla om å ta vare på og dela munnlege forteljingar om levd liv 
gjennom videoopptak, etterarbeid, avlevering til arkiv og  publisering.
  
Kristiansand Folkebibliotek opnar eit nytt intervjustudio i august, 
og kurset vil gjera deltakarane i stand til å bruka både studio, eit tilknytta digitalt arkiv og ei nettside. 

Kurset passar både for forteljarar - folk som har mykje å fortelja, 
og for minnesamlarar - folk som vil bruke fritid eller arbeidstid på å samla andre forteljarar sine minne. 

Ingen forkunnskapar krevst - 
bortsett frå interesse for munnleg historie, minneforteljingar og nær fortid.

Kursplan: 
Fyrst tre gruppesamlingar i august 
(28., 29. og 30/8, kl 10-14. Eventuelt også ei kveldsgruppe kl. 17-21)  
Deretter individuell "fjernhjelp" til arbeid med eigne opptak
(førebuing, gjennomføring, etterarbeid klargjering for arkiv og eventuell publisering) 
Til sist ei avsluttingssamling med erfaringsutveksling I månadsskiftet november/desember.
(Sjå detaljert program nederst på sida).

Stad:
Kristiansand Folkebibliotek
(Ei eventuell kveldsgruppe må møtast i eit anna lokalei Kristiansand pg opningstidene i biblioteket)

Kursleiar: Bjørn Enes. 
Bjørn er frilansjournalist og leiar av Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. 

Kursavgift: kr. 300,- 
Medlemmer av Memoar betalar ingenting. 
Alle interesserte er velkomne som medlemmer av Memoar. 
(Det kostar også 300,- kr.)



(Biletet er frå intervjuopptak under eit kurs på Rjukan i mars 2017)

www.kulturogtradisjon.no

Påmelding - kurs i Kristiansand 28-30/8-17



Detaljert kursprogram:

Dag 1 Samling:
1.time Presentasjonsrunde - Foredrag: Kva er munnleg historie?
2-3.time Prøveopptak – alle prøver seg både som intervjuar og forteljar
4.time Samtale om erfaringane.


Dag 2 Samling:
1.time Etikk og etterarebeid
2. time Lærar intervjuar ein av deltakarane
3. time Foredrag / samtale om intervjuteknikk
4.time Utforming av presentasjonstekst


Dag 3: Samling:
1.time Ein av deltakarane intervjuar ein annan
2. time Filbehandling og deling
3. time Dokumentasjonsarbeidet
4.time Oppsummering – førebuing eigne opptak



«Fjernhjelp» dag 4-9:
Dag 4 Deltakar gjer intervju og etterarbeid

Lærar kommenterer og gjev råd


Dag 5 Deltakar gjer intervju og etterarbeid

Lærar kommenterer og gjev råd


Dag 6 Deltakar gjer intervju og etterarbeid

Lærar kommenterer og gjev råd


Dag 7 Deltakar gjer intervju og etterarbeid

Lærar kommenterer og gjev råd


Dag 8 Deltakar gjer intervju og etterarbeid

Lærar kommenterer og gjev råd


Dag 9 Deltakar gjer intervju og etterarbeid

Lærar kommenterer og gjev råd


Dag 10 Avsluttande samling:
1.time Oppsummeringssamtale
2. time Foredrag: Om munnleg histrorie
3. time Om organisering av nytt prosjekt
4.time Avslutting – og ny start.





Comments