Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

Mars 2016: Utviklingsprosjekt

lagt inn 2. sep. 2016, 00:22 av Bjørn Enes
I begynnelsen av mars 2016 hadde Memoar klar ein plan for å utvikla og prøva ut eit kurs om innsamling og dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale. 
  • Den 18. mai 2016 fekk me tilsagn om at Kulturrådet ville støtte dette prosjektet med kr. 70.000 . 
  • Ei snau veke seinare fekk me også tilsagn om støtte frå Bergen Kommune. Dei ville støtte prosjektet med kr. 15.000,- 
  • Utviklingskostnadane var totalt berekna til kr. 205.000.  
  • Memoar bestemte seg likevel for å starte ut frå ei viljeserklæing frå nøkkelpersonar med naudsynt kompetanse om å leggja inn så mykje frivillig som trengst.  

I prosjektskildringa heitte det: 

Målformulering:
Me vil utvikle og prøve ut ein mal for kurs i samling, dokumentasjon og arkivering av munnleg historie. Kurset skal kunne brukast både av frivillige og profesjonelle kulturvernarar. Samling, dokumentasjon og arkivering av munnleg kjeldemateriale er eit viktig arbeidsfelt både for institusjonar, forskarar og sivile organisasjonar. Mange trur at det også kan bli viktigare i åra framover, dels som fylgje av at opptaks-, redigerings- og lagringskostnader er gått kraftig ned, dels av di det ser ut til å vere aukande publikumsinteresse for å dele slikt stoff i sosiale media.

Bakgrunn

Norsk etnografisk gransking (NEG) og Norsk Folkeminnesamling (NFS) har gode tradisjonar med å lage kurs for masterstudentar og forskarar. Norsk lokalhistorisk institutt har gode tradisjonar med tradisjonelt kjelde- og dokumentasjonsarbeid også for frivillige lokalhistorisk engasjerte.

Organisasjonen Memoar har definert som sitt formål å "fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv", I januar 2016 opna Bergen Bibliotek etter initiativ frå Memoar eit intervjustudio som alle innbyggarar kan nytte, og Memoar har etablert ei mellombels arkivløysing for munnlege forteljingar i videoformat, i påvente av at Bergen Byarkiv skal bli i stand til å ta mot slikt materiale. Neste punkt på planen i Bergen er å invitere frivillige og profesjonelle til kurs.

Det er slik Memoar har "oppdaga" at dei eksisterande kursoplegga manglar innretting både på minneopptak med video og på engasjering av frivillige utan særlege forkunnskapar. Eit slikt kursopplegg må lagast.

Utfyllande kompetansar

Memoar vender seg i stor grad til ufaglærte frivillige, utan formell historisk eller etnografisk forkunnskap. Men på same tid ser me at "minnesamlarar" frå Memoar har med seg andre verdfulle ressursar. Dei har somregel personlege erfaringar frå det same stoffområdet som informantane skal fortelje om.

To etisk/juridiske paradigme viser seg og å vere utfyllande. I den etnografiske tradisjonen tenkjer ein på munnleg kjeldemateriale som noko informanten har gitt til forskaren i fortrulegheit og som difor må anonymiserast før det kan synast vidare til andre. Memoar har røtene sine i journalistikken og i "delingsmedia" der ein i større grad ser intervjuaren som ein støttespelar for forteljaren sin ytringsfridom. Forteljaren har ein sjølvsagt rett til å bli namngitt som opphavsmann/kvinne til forteljinga, og mottakaren har ein like sjølvsagt rett til å vite kven som er kjelda for det som er fortald. Det er bruk for begge desse tradisjonane, også i framtida, men det er viktig å ha tydelege grenser mellom dei, å vite kva som er kva og å vere tydeleg på kva for ei paradigme ein arbeider i til ei kvar tid. Forskaren og "minnedelaren" har mykje å lære av kvarandre i dette.

Like gunstig som det vil vere å bygge på element frå NEG, NFS og NLI, vil det vere å hente impulsar frå utanlandske miljø som har arbeidd lengre og meir eksplisitt med munnleg kjeldemateriale. Me tenkjer då fyrst og fremst på den britiske organisasjonen Oral History Society, den institusjonelle partnaren British Library og samarbeidsprosjektet National Life Stories (NLS).

Organisering:

Prosjektleiar: Memoar ynskjer å ta rolla som prosjekteigar og -ansvarleg. Dette er ikkje nokon føresetnad, men ut får det me veit i dag er det praktisk og dessutan i tråd med det prinsippet at den har mest å hente i eit prosjekt truleg vil legge mest arbeid i det. For Memoar er utvikling av slike attraktive kurs ein strategisk hovudsak akkurat no. Me ynskjer Bjørn Enes som prosjektleiar.

Styringskomite: Me ynskjer å etablere ein styringskomite som må kunne møtast to gonger i løpet av prosjektperioden. Me ynskjer desse tre personane inn i komiteen:

  • Audun Kjus, (Norsk etnologisk gransking)

  • Line Esborg (Norsk folkeminnesamling)

  • Ingar Kaldal (NTNU / Arbeidsarven)


Framdriftsplan:

Workshop 1: Kva må styrkast i arbeidet med munnleg historie?

Fyrste møte i styringskomiteen vert kombinert med ein dags workshop der me inviterer namngitte deltakarar frå arkiv-, bibliotek- og museumssektoren, frivillig sektor og forsking. Dagen kan veksle mellom foredrag og samtalar, t.d. om ei slik temarekke:

  • Arbeidarminne gjennom tre industrielle revolusjonar - (Ingar Kaldal)

  • Nasjonal etnografi 2016? Line Esborg

  • Ideen om eit norsk trasisjonsarkiv? Audun Kjus

  • Munnleg tradisjon som råstoff og utstillingsobjekt: f.eks. Bjørg Holsvik (Moss by- og industrimuseum)

  • "Vendepunkt 1975" - Praktiske erfaringar med video-innsamling av munnleg historie frå Nikkelverket: Bjørn Enes

  • Å samle skeiv historie - Erfaringar frå Skeivt Arkiv: F.eks. Tone Hellesund

  • Helst også ein invitert britisk forelesar - f.eks. Om National Life Stories project

Invitasjonslista må setjast opp av prosjektleiar med (telefoniske) råd frå styringskomiteen.



Studiereise til London:

To dagar i London som inneheld:

- Møter med kontaktpersonar i British Library og Oral History Society

- Delta på kurset "Introduction to Oral History"


Skriveprosess:

Basert på workshop og studiereise skriv prosjektleiar utkast til kursprogram og malar for kurspresentasjonar.

Styringskomiteen går kritisk gjennom forslag til kursprogram og presentasjonar, Prosjektleiar gjer ei om- eller nyskriving basert på tilbakemeldingane.

Til sist vert program for introduksjonskurs sett opp og kursleiarar engasjert og presentert for program og presentasjonsmalar.


Workshop 2 - Gjennomføring av pilotkurs.

Lansering og gjennomkøyring av "pilotkurs" med deltakarar.

Avslutting med evaluering.

Reinskriving og publisering av kursopplegg, læremateriell.

Organisering av kursserie. 

Comments