Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

Juni 2016: Pilotkurs i Bergen

lagt inn 2. sep. 2016, 00:23 av Bjørn Enes   [ oppdatert 2. sep. 2016, 00:25 ]
Memoar har prosjektleiaransvar for å utvikle eit minnesamlarkurs for både profesjonelle og amatørar i løpet av 2016. (Sjå prosjektskildring her)

Fyrste del av dette utviklingsarbeide var  ei pilotgruppe i Bergen som gjennomførte fem samlingar i mai og juni 2016. 

Nettsida Kurs.Memoar.no vart nytta som kursmateriell under pilotkurset. I utgangspunktet innheldt sida planane for gjennomføring av pilotkurset. Etter kvart som kvar samling vart gjennomført, vart planane for neste justerte og kursmateriellet tilpassa, slik at sida også utvikla seg til eit læremiddel for komande kurs og ein rapport frå fyrste gjnnomkøyring. 

Alle interesserte er velkomne til å sjå og bruke materialet som vert utvikla.

Mål for pilotkurset: Oralhistorie er ei grein både av historiefag, kulturvitskap og fomidlings- eller mediefag. Fagområdet treng større merksemd i Noreg, både i fagmiljøa og i frivillig sektor. Målet med innføringskurset er å avklare særtrekka med det å samle, dokumentere, arkivere, dele og formidle munnleg kjeldemateriale og munnleg forteljar- eller minnekultur. Kurset skal også gi ei innføring i praktisk og konkret arbeid med opptaks, redigerings- og publiseringsutstyr.

Metode: Teori, erfarings- og meiningsutveksling og drøfting med lærar. Det vert veksla mellom plenumsforedrag og -demonstrasjonar, plenums/gruppedrøfting, praktiske øvingar og individuelt arbeid.


Innhald: Innføring i emnet og aktuell litteratur. Praktiske øvingar og reelt innsamlingsarbeid med rettleiing. Etikk og jus - opphavsrett, ytringsfridom og redaksjonelt ansvar. Praktisk arbeid med opptaks, redigerings- og publiseringsutstyr. Intervjuteknikk med spørjelister og med fri forteljing. Planlegging og gjennomføring av innsamlingsprosjekt. Vidareformidling av resultat, artikkel til avis, nettside, lagsblad elle

Læringsressursar: 

  • Instruksjon/formidling: Kurslærar og Tradisjonsberar.
  • Skriftleg dokumentasjon: Nettstaden Kurs.Memoar.no, Lokalhistoriewiki.no, norsk og utanlandsk litteratur som høver til emnet
  • (Lærebok under arbeid).

Omfang: Fem samlingar - tre timar med lærar kvar gong + minimum 5 timar utan lærar

Utprøving:

Dette kurset er per september 2016 gjennomført ein gong. Det var i Bergen i perioden 26.mai til 11. august 2016. Ti deltakarar begynte, fem fullførte. Erfaringane er oppsummert i Memoar sin blogg Framdrift.Memoar.no 

Innhaldet av kvar kursdag er lagt ut i menyen ovanfor:  Introduksjon, minnekultur, minneforteljing, intervjuet, prosjektutvikling.  


Comments