Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

Aug. 2016: Workshop

lagt inn 2. sep. 2016, 08:47 av Bjørn Enes

August 2016: Workshop 1

Fyrste led i utviklingsplanen var ein workshop med personar som har engasjert seg i innsamling, dokumentasjon, bruk eller formidling av munnlege kjelder  Workshop'en skal gjennomførast måndag 29. august 2016 med desse deltakarane: 

 

Endeleg program for workshop 29.august

Tid og stad: Måndag 29. august kl 10:00 - 14:30

P.A.Munchs hus, Niels Henrik Abels vei 36, blindern, Oslo - Møterom 425 .

Kart her: https://www.uio.no/om/finn-fram/omrader/blindern/bl07/


Problemstilling: Trengst det ei "revaluering" av munnleg historie i Noreg?

Må det lagast eit norsk ord for "oral history"? Lever historikarar, etnologar og journalistar i kvart sitt univers? Er det intervjuaren eller forteljaren som eig ei munnleg ytring? Er transkribering og sletting av originalopptak kjeldevandalisme? Er det ei forsømming at det ikkje er plassert eit nasjonalt ansvar for arkivering og tilgjengeleggjering av munnleg materiale? Er det på tide med ei "vekkjing" innan formidling av munnlege kjelder? Bør livsforteljingar arkiverast i masseomfang?


Bakgrunn:

Memoar har teke på seg å utvikla forslag til ein kursmal for både amatørar og profesjonelle om innsamling. dokumentering og arkivering av munnleg historie. Men før det gir meining å drøfte konkrete kursplanar, ynskjer me ei meinings- og erfaringsutveksling om stoda for munnleg historie ("oral history") i Noreg.


Gjennomføring:

Me vert 11 deltakarar. Seks av oss har lova å førebu innlegg om ulike tema:

  • Line Esborg - om etnografi i historisk og aktuelt perspektiv

  • Ingar Kaldal - om arbeider- og arbeidsminner - erfaringer, problemer og muligheter.

  • Audun Kjus - om visjonen om eit norsk tradisjonsarkiv

  • Bjørg Holsvik - om samling og bruk av minner i utstillinga på Verket, Moss.

  • Runar Jordåen - om visjonar og erfaringar frå bygginga av Skeivt arkiv

  • Bjørn Enes - eit forsøk på oppsummering - og visjonen om eit norsk "Oral history society"


Etter kvart innlegg diskuterer me relativt fritt med ambisjon om å halde oss innafor ein viss relevans til hovudproblemstillinga (ein dryg halvtime på kvart førebudde innlegg). I mitt eige innlegg til sist, vil eg gjere eit forsøk på å trekke trådar frå det som har skjedd fram til då - sik at den siste diskusjonen får eit visst preg av konkludering. Mi endelege oppsummering lagar eg som ein artikkel i etterkant.


Midtvegs i prosessen (12:00 - 12:30) stoppar me for ein matbit




Comments