Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

3. sept: Oppsummering av workshop - vidare planar:

lagt inn 2. sep. 2016, 09:10 av Bjørn Enes   [ oppdatert 3. sep. 2016, 04:32 ]

Eit nettverk for minnekultur og munnleg historie er etablert. 

"Grunnfilosofien" for eit standardkurs om samling. dokumentasjon, arkivering og formidling av minne og munnleg historie er skissert. 

 Og på det grunnlaget er både ei studiereise og eit "prøvekurs" planlagt.


(Oppsummeringa er skriven av Bjørn Enes)


Den 29. august 2016 var ni personar samla i lokala til Norsk Folkeminnnesamling på Blindern i Oslo. Dei var:


Problemstillinga som var reist i invitasjonen til møtet var slik:

Trengst det ei "revaluering" av munnleg historie i Noreg?

Må det lagast eit norsk ord for "oral history"? Lever historikarar, etnologar og journalistar i kvart sitt univers? Er det intervjuaren eller forteljaren som eig ei munnleg ytring? Er transkribering og sletting av originalopptak kjeldevandalisme? Er det ei forsømming at det ikkje er plassert eit nasjonalt ansvar for arkivering og tilgjengeleggjering av munnleg materiale? Er det på tide med ei "vekkjing" innan formidling av munnlege kjelder? Bør livsforteljingar arkiverast i masseomfang?


Møtet vart halde i samtaleform med utgangspunkt i seks førebudde innlegg i tidsromet. Etter det hadde styringskomiteen i prosjektet Kurs.Memoar.no eit planleggingsmøte. Møteleiar i begge samanhengane var Bjørn Enes. Han har også skrive denne oppsummeringa.

Folkeminne:

Line Esborg meinte at diskusjonen handlar om ei felles fagleg interesse "en tro på og en interesse for det folk forteller - uansett om det kalles tradisjon, muntlig fortelling, minner eller oral history", og at det er stoff som bør sikrast tilgjengeleggjerast som historisk dokumentasjon som også allmogen må ha tilgang til.

På 1980- og 90-talet kom det fleire bøker der kulturhistorikar i bred forstand (forskarar innan folkloristikk, etnologi, historie, lokalhistorie, oral history) diskuterte nettopp muntligheten. Ingen av dei løyste spørsmålet om vi treng eit nytt ord for "oral history" – men dei stadfesta kanskje spørsmålet. Ho siterte mellom anna Gøran Rosander om at «også i dag utgjør muntlig stoff underlag for mange tekster som senere anvendes som kilder av historisk rettede forskere; avisreportasjer, vitneutsagn i rettssaker, utskrifter av stenografiske referater fra uforberedte innlegg i Stortinget etc. Det som kjennetegner denne typen materiale er at det er overført eller transformert – fra ett medium – tale - til et annet - skrift» (Muntlig kilder hva og hvordan, 1981:11)

Hennar eige fag har gått gjennom endringar både i nemning og innhald - frå etnologi, via folkeminnevitenskap og folkloristikk til kulturvitskap. Men interessa for det folk har å fortelje har helde seg - "At vi ikke bare er opptatt av hva folk forteller, men hvordan de gjør det og hvem som forteller – er en del av den genesisfortellingen eller paradigmeskiftet vi (mitt fagfelt) tar utgangspunkt i."

Den breie interessa for kva folk har å forteljeer mellom anna er materialisert i Folkeminnesamlinga sine innsamlingar av livsforteljingar. I dag inneheld den 220.000 manussider etter fire store innsamlingar (1964 - 1981 - 1995 - 2012). Den siste innsamlinga har hatt svakast respons - det kan vere ein av grunnane til å vurdere nye arbeidsformer og moglegheiter som kjem opp i den digitale tidsalderen.

For mer enn 20 år siden skreiv Dagfinn Slettan «Som nevnt vil neppe noen her kalle seg for oral historians eller minnehistorikere. Den store aktiviteten burde likevel tilsi et mer organisert nordisk samarbeid med et forum eller en koordinerende instans. Det bør være en oppgave å få dette etablert» (Slettan 1995:25)

Er det på tide å ta opp att dette spørsmålet? spurde ho, og konkretiserte spørsmålet slik:

  • Å nå ut til nye generasjoner/nye borgere på nye måter i nye medier gjennom

  • et felles forum

  • Synliggjøring, Samarbeid, Nyinnsamling


Arbeidarminne:

Ingar Kaldal gjorde ei samanlikning av ideologiane rundt den store arbeidarminneinnsamlinga til Edvard Bull jr. i 1950-åra, og innsamlingar av livsminner i dag - t.d. minneinnsamlinga som også Esborg snakka om. Han peika på den store forteljinga som arbeidarminnene gjekk inn i: Noreg var blitt industrialisert, livet var blitt moderne. Det var arbeidsfolk som hadde "bygd landet" - den einskilde historia handla om korleis forteljaren hadde vore ein del av dette. Som eksempel på korleis dette har endra seg markert, nemnde han ei innsamling som Utdanningsforbundet stilte seg attom i 2008. Det var sett inn betydelege ressursar på å marknadsføre ei innsamling av lærar-forteljingar. Men det kom ikkje eitt einaste bidrag.

Han refererte til Alexander Freund sin artikkel "Oral history in a neoliberal age" (2015) og problematiserte individualiseringa av dei personlege forteljingane. Dette kan vere ei forklaring på at sjølv om folk i dag skriv mykje meir enn før, så er det vanskeleg å få inn større minneforteljingar. Sjølv om ein lærar i dag både har høgare status og truleg er meir skrivefør enn ein arbeidar på femtitalet, så har han/ho ikkje ei liknande stoltheit over å ba vore med på å "bygge landet" (eller "opplyse folket" eller "skapa folkhemmet").

Medan Bull kunne engasjere hundrevis av frivillige minneskribentar, leiarar av minnesirklar og intervjuarar gjennom fagrørsla, er det blitt svært mykje vanskelegare i dag. Han fortalde om eit eksempel på det motsette - Østfoldmuseene sine minnesirklar i samband med utviklinga av utstillinga om by- og industrihistoria i Moss. Men der var det jo nettopp den einskilde deltakaren sin del av den stolte byhistoria som var motivasjonen for den frivillige produksjonen av forteljingar.

Han peika på kor viktig denne utfordringa er, av di "taus kunnskap" går tapt. Han nytta hesjing som eksempel: Dei fleste på min alder veit godt kva ei hesje er. Men ungdom i dag har knapt nok høyrt om hesjer - og folk på min alder tenkjer at hesjer har ståltråd. Kunnskapen om hesjer med liggjande staur er borte. Med den raske teknologi- og organisasjonsutviklinga som har vore etter 1970, aukar dette problemet.

Han spurde om ikkje det er naudsynt "å byggja nye (store) forteljingar". Det er ein nær samanheng mellom å historisera folk sine forteljingar og å skape motivasjon for å fortelje. Han nemnde til slutt to døme på store forteljingar som kan vere viktig å samla minner frå: Den eine var veksten i dei yrkesgruppene som har leik, draum, idrett og sjølvrealisering som arbeid. Den andre var den liknande veksten i "prekariatet", grupper der arbeid er flyktig, usikkert, stadig skiftande. Han slutta med påstanden om at kunnskap om endringar i arbeidslivet berre kan samlast gjennom å snakka med folk som sjølve har erfart det.


Haci Akman utdjupa problemet i samtalen etterpå gjennom å peike på migrasjonen. Mange flyktningar ber på svært dramatiske forteljingar "utan å ha nokon plass å gå med dei", av di den store forteljinga om migrasjonen også er individualisert.


Minnebase:

Audun Kjus tok utgangspunkt i dei mange oral history-prosjekta i New Orleans under og etter orkanen Katrina (2005). Ein av dei mest bevaringsverdige samlingane var laga av overlevande som intervjua kvarandre eller rett og slett berre la inn sine eigne forteljingar. Det er eit veldig mangfald i slike samlingar. Det er ein liknande tankegang som ligg bak Norsk etnologisk gransking sitt arbeid for å få etablert den minnebasen som skal lanserast den 13. oktober 2016 under namnet Minner.no.

NEG sin ynskje er at basen skal bli tverr-institusjonell. I dag er minnearkivering fordelt usystematisk mellom strukurar under både riksantikvaren, riksbibliotekaren og riksarkivaren. Bortsett frå at det vanskeleggjer bruk av det materialet som er arkivert, fører det til ressursmangel hos alle, ulike praksisar og sårbarfhet for teknologisk forelding.

Den 13. oktober 2016 skal fyrsteversjonen lanserast. Han er laga av NEG og KulturIT og er utvikla parallellt med den svenske Minnen.se. Basen heng saman med dei andre digitale fellesløysingane for kultursektoren, så som Digitalt Museum. Kulturpunkt osv. Han skal både vere eit felles arkiv og ein formidlingsplattform, og han skal kunne brukast både av institusjonar, prosjektorganisasjonar og einskildpersonar. I prinsippet skal kven som helst kunna oppretta ein brukarprofil og leggja inn sine eigne forteljingar i form av tekst, fotografi, video- eller lydopptak eller andre digitale filar. Den som legg stoff inn, bestemmer også korleis det kan brukast. Og: Den som har lagt stoff inn, kan endra bruksrettar eller sletta materialet seinare.

Minner.no skal vere prosjektbasert. Det vil seia at brukarane kan etablera prosjekt og lasta opp dokumentasjon (f.eks. minneoptak) etter kvart som dei vert samla inn. Etter kvart som prosjektet går framover, kan også anna stoff leggjast inn, så som prosjektrapportar, forskingsresultat eller sluttrapportar. Prosjekteigar kan så bestemma om innhaldet skal publiserast heilt eller delvist.

Opphavsretten skal i prinsippet tilhøyra forteljaren i kvart minneopptak, og dokumentarast enten ved at forteljaren sjølv opprettar ein brukarprofil og legg sine forteljingar inn, eller ved at prosjektarbeidarar dokumenterer innlegginga med ei signert samtykkeerklæring.

Redaksjonelt ansvar vil vere delt mellom redaktør av Minner.no og den som legg inn/publiserer stoff. Det er utvikla eit regelverk som den som publiserer må godta. Kvart innlegg vil vere utstyrt med ein "rapporteringsknapp" der brukarar kan melde frå om eventuelle brot på lov eller god presseskikk. Og dersom redaktør finn at det strir mot lov, presseskikk eller eigne retningsliner kan han/ho fjerne (avpublisere) innhaldet.

Kommentarar / utdjupingar: I fyrsteversjonen vil ikkje brukarar kunne kommentere eller supplere innlegg som andre har laga. Men dette er ikkje endeleg avgjort.


Minnebruk:

Bjørg Holsvik fortalde om erfaringar med innsamling og bruk av minner i Mjoss by- og industrimuseum og særleg i "satelitten" Verket 20, eit av dei sist fråflytta husa i Glassverket sin tidlegare arbeidarby.

Tradisjonen med bruk av minnestoff i museet i Moss kan skrivast tilbake til 1968, då Per Edfeldt som sjølv var son av ein glasblåsar, gjorde intervjuopptak med 17 av dei eldste arbeidarane på Moss Glassverk. Dei fortalde om barnearbeid, livet i glasarbeidarbustadane, tett tilknytting til Sverige og arbeidarkulturen rundt glassverket. I utstillinga har dei brukt ein del at eit opptak der glasblåsar Gustav Nilsen fortel om då han bles den fyrste flaska, og eit der Hilda Nilsen fortel om då ho begynte som oppassar på glassverket då ho var 14 år gamal.

Denne tradisjonen vart ført vidare vidare i arbeidet med utstillinga "Drømmen om et bedre liv" om innvandring til Moss i perioden 1905 - 2006. Den bygde i stor grad på intervju med fyrste- og andregenerasjons innvandrarar. Frå 2008 har Østfoldmuseene vore med i nettverket Arbeidsarven, noko som har stimulert vidare til innsamling av arbeidsminner. Det har mellom anna vore gjennomført fleire skuleprosjekt der elevar i ungdomsskulen har invtervjua eldre arbeidarar eller andre tilsette i verksemder i Moss. Gjennom fleire år har det vore skrivegrupper i sving der folk kjem til museet og arbeider saman om å lage minnetekstar. Folk har vore oppmoda til å skrive indisviduelle tekstar, men dette har i liten grad fått respons. Eller ikkje samarbeid med fagforeiningar har fungert så godt.

Det var i samband med 100årsjubileet for Mossekonvensjonen i 1814 at Moss by- og industrimuseum fekk den tidlegare arbeidarbustaden Verket 20 av Moss kommune. Museet bestemt seg for å bruke bustaden til ei permanent utstilling om arbeid, daglegliv og industri. Ved overtakinga var bustaden modernisert slik at det var uaktuelt å bruke han til ein rekonstruksjon av ein gamal arbeidarbustad. I staden har det blitt ei utstilling der minneforteljingar i tekst, foto, lyd og video er hovudinnhald. Holsvik fortalde mellom anna om korleis museet sin "beredskapsstyrke" rykka ut den dagen meldinga kom om at Peterson Moss - papirfabrikken - skulle leggjast ned, for å gjere intervju og dokumentere dei siste dagane i produksjon. Dette er mellom alt det som er tilgjengeleggjort gjennom ei stor mengd terminalar og skjermar i den veste arbeidarbustaden.

Erfaringa er at minneforteljingar får fram det personleg opplevde i utstillinga. Det representerer også ofte nye stemmer som ikkje kjem fram gjennom andre kjelder. Det involverer, engasjerer og trekkjer publikum. Ho konkluderte med eit tydeleg ja på hovudspørsmålet til workshopen: Det trengst ei revaluering av mujnnleg historie i Noreg. Konkret trengst det bevisstgjering om nytteverdien, betre rutinar og profesjonalisering av innsamling og bruk, og betre rutinar for bevaring av minne for framtida.

Bjørg Holsvik sin presentasjon er lagt ved.


Minnesamling:

Runar Jordåen fortalde om prosjektet "Skeivt Arkiv", som i løpet av berre fire år har vakse frå ein idé til ein permanent institusjon med årleg budsjett på fem millionar kroner. Han forklarte den raske utviklinga dels med initiativtakaren, noverande professor Tone Hellesund ved UiB/ Kulturvitskap, og dels med at minoritetsgrupper var "i tida". Han nemnde ei rekkje prosjekt og institusjonar som tidlegare hadde lukkast, så som Jødisk museum, Samisk arkiv, Kvensk institutt, Skogfinsk museum, norsk Døvemuseum osb.

Internasjonalt hadde homorørsla - under vekslande namn og identitetar - hatt framgang sidan 1970-talet, og ei rekkje insitusjonar hadde vakse fram - stort sett knytte til universitet. Dette gjorde det enklare å argumentere for noko liknande i Noreg. I 2012 donerte så Kim Friele sitt privatarkiv til Skeivt arkiv, og det vart både innhalds- og omdømemessig ein start på ei rask utvikling. Prosjektet fekk støtte frå Kulturrådet, Nasjonalbiblioteket - og frå 2016 er det inne på statsbudsjettet med ein årleg løyving på fem mill.

Det amerikanske Queer Oral History Project har vore eit førebilete for Skeivt Arkiv si opparbeiding av minneforteljingar. I Noreg starta minneinnsamlingane som ein del av prosjektet Seksuell orientering og levekår i 2013. Der vart det oppmoda om at frivillige skulle skrive minneforteljingar om skeive liv. Denne oppmodinga fekk god oppslutning. 70 slike forteljingar er i dag publisert på nettsida (Sjø minneinnsamlingane).

Tanken er også at Skeivt Arkiv skal samle audiovisuelle minneintervju, og ein serie pilotintervju er gjort. Arkivet har no lyst ut to stillingar som skal arbeide med innsamling, dokumentasjon og eventuell publisering av slike intervju. Så langt er det berre publisert utsnitt av dei minneopptka som er gjort. Skeive livsforteljingar er jo framleis sensitivt materiale for mange. Eit av pilotintervjua var eksempelvis tenkt publisert fullt ut - men etter at intervjuet var gjennomført, kom forteljar og intervjuar til at det likevel berre skulle publiserast eit utsnitt.

Intervjuformen er djupintervju, frå ein til fem timar lange. Det har vore både fri forteljing og spørjelister, som regel ein kombinasjon med hovedvekta på fri forteljing.


Samtalene

Mellom kvart førebudd innlegg gjekk samtalane relativt fritt og uformelt. Med mine ord er kortversjonen av ei samtaloppsummering slik:

  • Det er ei felles ineresse for folk sine forteljingar. Men det trengst ei meir utveksling og samordning av di "den digitale tidsalderen" har opna nye og store moglegheiter.

  • Folk sine forteljingar er ikkje berre munnlege - det kan ligge ei uheldig avgrensing i å oversetje "oral history" direkte til "munnleg historie". Truleg vil formuleringa "minnekultur og munnleg historie" være eit betre forslag til "oral history på norsk"

  • Lanseringa av Minner.no kan bli eit vendepunkt både for akademiske og folkeleg/frivillig historie- og kulturmiljø. Det kan bli det samlingspunktet som har mangla.

  • Slettan sitt spørsmål frå 1995 er høgaktuelt - og for å markere handling bestemte deltakarane i møtet å etablere seg sjølve som starten på eit nettverk for minnekultur og munnleg historie. Eit mogleg fyrstemål for eit slikt nettverk kan vere ein konferanse om moglegheiter og utfordringar knytta til utviklinga av Minner.no.

  • I styringskomitemøtet etterpå vart det bestemt å initiere ei studiereise. Bjørn Enes og Audun Kjus reiser på det budsjettet Memoar har for prosjektet Kurs.Memoar.no, medan Line Esborg reiser på prosjektmidler frå NFS. Fyrstevalg er ei reise til prosjektet Cork Memory Map som både er eit oral history-prosjekt og eit digitalt formidlingsprosjekt. Me forsøker å utvide delegasjonen.

  • Pilotkurs: Basert på samtalane i workshop'en, erfaringane frå studiereisa, erfaringane frå pilotkurset i Bergen i mai-august 2016 og tilgjengeleg litteratur skal Bjørn Enes skrive utkast til og dei andre styringskomitemedlemmene kommentere ein revidert kursplan. Denne skal så skal gjennomførast i samarbeid med lokal partnar. Fyrste val er Østfoldmuseene / Moss by- og industrimuseum på grunn av deira erfaringar og nettverk av lokale minnesamlarar,


Bergen, 3.sept 2016

Beste helsing Bjørn Enes 



Bjørn Enes - Presentasjon 29/8:


Comments