Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

28-29/11 2016: Studiereise til Cork Folklore Project

lagt inn 26. des. 2016, 03:26 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. des. 2016, 06:49 ]
I dagane 28. og 29. november 2016 gjennomførte Line Esborg (Folkeminnesamlinga), Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking) og Bjørn Enes (Memoar) eit besøk hos Cork Folklore Project (CFK). Hovudformålet var å studera korleis CFK lærte opp nye minnesamlarar. I tillegg ynskte me å få informasjonar om og inntrykk frå praksisen til eit prosjekt som gjennom 20 år har engasjert både etnologistudentar og ikkje-akademikarar i innsamling, dokumentasjon og publisering av munnleg historie i Cork.




Tysdag 28. november besøkte me sjølve prosjektet som er samlokalisert med Northside Community Enterprises Ltd i St. Finbarr’s College i bydelen Blackpool på nordsida av elva Lee. Onsdag 29. besøkte me Department of Folklore and Ethnology ved University College Cork (UCC), der me hadde samtalar med instituttleiar Dr. Stiofán Ó Cadhla, og lektorane Dr. Marie-Annick Desplanque og Dr. Clione O'Carroll.


Opplæringsmetode:

Sjølve hovudføremålet med reisa var i praksis fort unnagjort. Under samtalane med prosjektteamet fyrste dag vart opplæringsmetoden skildra omlag slik: "Me gir dei en opptakar i handa, viser kort startknappen er, og sender dei ut på opptak."


I starten hadde dei eit grundig kurs, fortalde Clione O'Carroll som i dag er fagleg prosjektleiar. Men dei lærte snart at kurset hadde liten effekt - særleg på folk som ikkje var vande med å vera på kurs.  Den beste inngangen til læring viste seg snart å vera ale dei spørsmåla som kom med dei fyrste erfaringane. Dermed vart kursinga erstatta med erfaringsutveksling og samarbeid mellom erfarne og nye minnesamlarar i sjølve prosjektteamet.


For etnologistudentar har dei framleis både kurs og lærmateriell i feltarbeid. Men også for studentane er "learning by doing" blitt hovudmetoden i praksis.


To slag minnesamlarar

http://publish.ucc.ie/researchprofiles/A005/scadhla
Bakgrunnen for samarbeidet mellom studentar og ikkje-akademikarar er denne: Utover 1980-talet skjedde dramatiske endringar i arbeidslivet i Cork. Mange tradisjonelle industriverksemder reduserte drift og arbeidsstokk, og utover 90-talet vart meir eller mindre all tradisjonell industri innstilt. Dette ramma særleg arbeidarbydelane på nordsida av elva Lee, som renn gjennom sentrum av byen.

Avdeling for etnologi og folkloristikk på UCC ynskte å dokumentera desse endringane gjennom å engasjera studentar til å intervjua folk frå dei nordlege bydelane. Men kulturskilnadane mellom nord og sør i byen var så skarpe, at dei ikkje rekna med å kunne gjennomføra intervjuserie dersom informantane måtte reise frå nord til universitetet på sørsida. Derfor oppretta dei i staden ein "feltstasjon" i nord, fyrst i eit av dei ledige bygga  på området til den nedlagde tekstilfabrikken Sunbeam Wolsey i bydelen Blackpool.


Feltstasjonen vart samlokalisert med arbeidsmarknadstiltaket Northside Community Enterprises Ltd (NCE), eit non-profitselskap som hadde som føremål å omskolera arbeidslause og å hjelpa fram nye verksemder. Ei drivande kraft bak NCE var presten "Father John", som me verken fekk møta eller fekk noko fullt namn på sjølv om han - tydelegvis både på godt og ikkje fullt så godt - framleis var ein viktig premissleverandør både for NCE og CFP.


Om det var "Father John" eller etnologane sjølve som kom på den ideen at arbeidslause "norries" ikkje berre var informantar men også kunne vera intervjuarar, fekk me vel aldri skikkeleg svar på. Men det vart i alle fall det konseptet som har gjort CFP til ein varig institusjon:


  • UCC har det faglege leiarskapet på innsamling, dokumentasjon og arkivering av intervjuseriane. Dei oppmodar også studentar til å gjera sine feltarbeid saman med CFP.

  • NCE engasjerer langtidsledige i kontraktar frå eit halvår opp til tre års arbeid i Cork Folklore Project. På desse åra får dei læra prosjektarbeid, data og informasjonsfag, arkivering, formidling, intervju og dokumentasjon av munnleg historie. Erfaringane når det gjeld å hjelpe folk attende til fast arbeid på denne måten er så gode at det ikkje er til diskusjon om prosjektet skal halda fram.  

  • Den tredje parten er regjeringa ved Department of Social Protection (Sosialdepartementet). Dei står for hovudparten av finansieringa.


"Det har vore ein suksess både som forsking, undervisning og som forretningsmodell", sa  Dr. Stiofán Ó Cadhla. "Me finansierer ein kvart stilling til fagleg prosjektleiing. I retur får me det me kallar 'eit levande arkiv' med seks-åtte intervjuarar til ei kvar tid - alle med personleg livserfaring frå feltet  dei samlar kjeldemateriale om."


Sjå dei tre sjølve presentera avdeling og prosjekt:




Instituttet og Cork Folklore Project:




Sunbeam Wolsley

http://publish.ucc.ie/researchprofiles/A005/madesplanques
Den mest illustrerande dømet på korleis dette fungerer kom ingen på å vise oss medan me var der - men i etterarbeidet kom me over filmen prosjektet har laga om fabrikken der dei hadde sin fyrste feltstasjon. Dei hadde alt samla eit stort munnleg materiale om fabrikken og livet i arbeidarbydelane rundt, då det oppstå ein brann i fabrikklokala i september 2003.  

Brannen utvikla seg til ein storbrann.  Marie-Annick Desplanque tok med seg både studentar og prosjektengasjerte til bustadområda rundt fabrikken, og gjorde intervju med forteljarar dei alt kjende frå tidlegare intervju. Medan flammane og røyken gjorde ende på ein heil epoke i byens historie, fortalde arbeidarane og naboane både om kva dei såg, kva dei følte og kva minner som dukka opp:


"Og heilt frå eg var tretten år gamal, har eg vore med på arbeidet der - akkurat der du ser det brenne no," seier ein av dei. "Kvar morgon heile livet har eg vakna opp til synet av fabrikken. Og no - Borte..."  (Sjå https://youtu.be/bAPJZD5cRsw#t=16m30s)


Filmen er eit godt døme på sterke dei munnolege forteljingane når det gjeld å skapa det store bilete av korleis ein fabrikk formar ein samfunn, slik Sumbeam gjorde mellom 1927 og 1990.   (sjå "More than av factory" av Liam Cullinane)


Etter brannen måtee Cork Folklore Project flytta til noverande adresse. Paraplyorganisasjonen dei er ein del av heilter Cork Community Enterprises 


Heile filmen ser du her:


Cork Folklore Project - om Sumbeam:



Prosjektet i dag:

http://publish.ucc.ie/researchprofiles/A005/cocarroll
I dag har prosjektet sin feltstasjon saman med ei rekkje andre kurs- og utviklingsprosjekt i den staselege gamle bygget til St. Finnegans College i nord. sidan starten i august 1996 har meir inn 90 personar vore med i innsamling av forteljingar om alt frå bingo, hurling (irsk ballspel), veg-bowling, irsk showband-tradisjon, hubertusjakt (terrengløp med hest og hund), fotball, barneleikar, rim og regler, leiker, motar, tekstilproduksjon (Sunbeam Wolsey), religiøsitet, båtbygging, familiar av reisande, populærmusikk - men fyrst og fremst kvardagslivet til lokale folk i Cork og området rundt.

Utskiftinga av medarbeidarar er stor - normalt får deltakarane berre eit halvår med oss. Det er eit problem, for straks dei er blitt dyktige må dei slutta. På den andre sida styrkar det mangfoldet, for alle gjer best jobb som intervjuarar når dei kan arbeidet på felt dei kjenner, fortalde teamleiaren då me besøkte dei.


Ein av deltakarane hadde fortid som krimteknikar. Han arbeidde med å intervjua journalistar om deira arbeid med kriminalsaker. Ein anna deltakar var arkitekt. Ho arbeidde med ein intervjuserie om folk sine tankar om arkitektur.


Alt er samla i eit arkiv som i dag inneheld mange hudnre timar med lyd- og videoopptak og meir enn 5000 fotografi. Arkivet er ope for organisasjonar, skular og forskarar. Med utgangpsunkt i arkivmaterialet har prosjektet også produsert ei rekke bøker, radio- og TVprogram, kortfilmar, ei nettside, regelmessige kulturminneveker, ei mobil utstilling, det trykte magasinet “The Archive” - og ikkje minst: Cork Memory Map.


Cork Memoary Map

Det er no seks år sidan prosjektet starta arbeidet med å leggja ut klipp frå lydrkivet i eit interaktivt kart som viser kor forteljingane har tilknyttingspunkt. Dei har nyleg oppsummert at eit par tidlege tekniske vegval var gale, slik at dei no er i ferd med å bygge den tekniske løysinga opp att frå botnar. men innhaldet er jo på plass og den gamle løysinga fungerer slik at ein kan sitje ved datamaskina og klikka seg fram frå gate til gate i kartet over Cork og høyra lokalhistorie og -kultur frå primærkjeldene sjølve.


Men det skal bli mykje meir brukarvennleg når den nye versjonen er ferdig, lovar prosjektleiaren for oppgraderinga.


Samarbeid Cork - Bergen?

Under samtalene dukka spørsmålet om samarbeid opp gong etter gong, og etter kvart vart det konkretisert i ein idé om lansera tanken både for universitetet i Bergen, lokalarkiv, bibliotek, lokale politikarar og arbeidsmarknadsverksemdene. Cork er Irlands nest-største by, og ser på seg sjølv som ein kulturby på same måten som Bergen.


Sett frå Memoar si side ville eit samarbeidsprosjekt som liknar på Cork Folklore Project vera svært interessant, og lansering av ideen og initiativ til eit fellesmøte er ei aktuell målsetjing i vårhalvåret 2017.        


Comments