Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

17/11-16: To dagskurs og tre "lynkurs" gjennomført i Bergen

lagt inn 18. nov. 2016, 02:39 av Bjørn Enes
Munnleg historie med teiknspråk og døvetolking er eit av dei mest spennande planane som er komen ut av ein travel haustsesong med utprøving av kursvariantar saman med Bergen Bibliotek.  Camilla Bøe vert prosjektleiaren for eit prosjekt som skal starte med ein kursvariant skreddarsydd for døve. Tolkinga skal leggjast på etterpå framfor den situasjonen som er på biletet: Poenget er å få det same ein-til-ein-relasjonen under teiknspråkintervju som  under andre studiointervju. 

Eit anna "lynkurs" flrte til utviklinga av produksjonsprosjektet Sjolvbyggarane.memoar.no  

Eit tredje lynkurs fører i beste fall også til aktiv minnesamling i eit bydelsprosjekt. 

I tillegg har me gjennomført to dagskurs om intervjutekmnikk. Det var få deltakarar på begge - men dei var veldig tenkte etter kursdagane, og to av deltakarane er alt i gang med eigne produksjonar. 

Desse forsøka har vore svært nyttige i utviklinga av kursmalen. Det er ei heilt tydeleg erfaring at det som trengst, er modular som både kan køyrast kvar for seg som intensivkurs, eller i seriar som meir omfattande kurspakkar. 

I tråd med det same er det heilt avgjort at neste dagskurs vert eit kurs i dokumentasjon og tidskodetagging.  
Comments