Prosjektutvikling‎ > ‎Kursutvikling‎ > ‎

Kursutvikling

2/1-2017: Rapport til Kulturrådet levert

lagt inn 2. jan. 2017, 00:16 av Bjørn Enes

Memoar skal nok aldri slutta å vidareutvikla kursverksemda vår. Men i dag har me passert ein milepåle: Me har sendt sluttrapport til Kulturrådet for utviklingsprosjektet dei har støtta i 2016. Elt er klart for eit spennande år som kursarrangør i 2017!. Heile sluttrapporten er publisert i bnloggen vår - Framdrift.Memoar.no. Teksten i rapporten fylgjer også her:

Fagleg rapport - Prosjektnr. 291513

"Munnleg kjeldemateriale - Dokumentasjon og samling."

I perioden mai - desember 2016 har Memoar gjennomført prosjektet i tråd med prosjektskildringa, sjølv om rekkefylgja har vore noko annleis ein den opphavlege planen.

Me hadde både søkt Bergen Kommune om støtte til utvikling av eit lokalt kurs, og Kulturrådet om støtte til eit kursutviklingsprosjekt saman med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og Arbeidsarven. Dei to søknadane var ikkje identiske, men bygde på same idé. Ingen av søknadane vart innfridde fullt ut, men til saman fullfinansierte dei det prosjektet som var skildra i søknaden til Kulturrådet. Me valde å slå dei saman, men å rapportera dei kvar for seg. Sluttrapport til Bergen Kommune vart send i november 2016. Rekneskapstala frå den er inkluderte i det sluttrekneksapet som ligg ved denne rapporten.


Resultat:

Prosjektet har produsert fylgjande fem kursmodular som er formidla i form av presentasjonar som er gratisk tilgjengelege for alle interesserte:

  1. Praktisk intervjuarbeid: Litt kamerateknikk, lyd, lys. Åtvaring mot vanlege tabbar. Gode rutinar for førebuing og gjennomføring. Avtalar.

  2. Dokumentasjon: Analyse av innhaldet. Stikkord-dokumentasjon. Tidskodar. Utforming av rekneark og undertekstlister. Tagging / direkte link til tidskodar i opptaket.

  3. Minneintervjuet: Intervjuarrolla, forteljarrolla, fri forteljing eller spørjeliste? Meir om etikk og juss. Ytringsfridom og presseetikk. Forskingsetikk.

  4. Minneinnsamlingsprosjekt: Fokus, organisering, finansiering, arkivering, publisering og formidling: Emneordlister. Arkivmapper. Nettsideproduksjon. Bruk av munnleg materiale i formidling - QR-koder og geotagging. Bruk i bloggar og presentasjonar. Sosiale media.

  5. Minneteori - minner som prosessar. Munnleg historie i Noreg. International Oral History Association, OHS i Storbritania og dei nordiske landa. Samordning av frivillige arbeidarar, ABM-institusjonar, frilansarar og akademiske nettverk. Utviklinga av Memoar som ein norsk foreining for munnleg historie og minnekultur.


Denne strukturen med å starte praktisk og konkret og vente med teorien til slutt, var fyrst ei erfaring me gjorde oss gjennom dei ulike pilotkursa me køyrde. Seinare fekk me stadfesta gjennom besøket i Cork at det også der var den rekkefylgja som hadde gitt best resultat.


Truleg kan det vera klokt å ha fleksibilitet i forhold til dette når det gjeld studentar og profesjonelle kulturvernarar (museumstilsette, forskarar etc). Me har ikkje forsøkt ut kursopplegget på slike grupper i prosjektperioden (men har avtale om to kurs med museumstilsette i 2017 - det eine med Bergen Bymuseum, det andre med Østfoldmuseene).


Eigenvurdering:

Me har klart å laga eit verktøy som dekkjer Memoar sine behov for å læra opp nye minnesamlarar. Me trur det same kursopplegget også kan brukast av studentar og museumstilsette og folk utan historisk eller etnografisk fagutdanning som skal ta del i profesjonelle innsamlingsprosjekt.


Opplegget er fleksibelt både når det gjeld rekkefylgje og konkret innhald i kvar modul, slik at ulike kursleiarar vil kunne nytte materialet på ulike og personlege måtar.


Me har hatt eit utbytterikt samarbeid med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og nettverket Arbeidsarven. Me har drøfta kursutviklinga på ein nasjonal workshop og ei internasjonal studiereise. Me skal gjennomføre ei rekke kurs i 2017, mellom anna eit kurs med tilsette i Bergen Bymuseum i perioden 9. - 23. januar, og eit kurs for tilsette og frivillige i Østfoldmuseene i mars (tentative datoar er 3-5. mars). Me har blitt tatt opp som medlemmer av Studieforbundet Kultur og tradisjon, og i januar vil me starte arbeidet med å tilby kurset til museum, historielag og andre over heile landet.


Etter vår meining er målsettjingane med prosjektet oppnådd..


Ressursbruk og rekneskap:

Prosjektet var kalkulert til å kosta kr. 110.875,- . Faktisk kostnad vart kr. 124.953,- . Meirforbruket er dekka ved å knipe inn på der det har vore mogleg og ved å auke Memoar sin eigeninnsats. Den største kostnaden har vore timekostnader under arbeidet med utvikling og gjennomføring av kurset. Dette var også hovudkostnaden i budsjettet. Prosjektleiar har brukt 225 timar. Rettleiar og Styringskomite har i hovudsak brukt eiga tid/tid på NTNU, NEG og FMS si rekning til arbeidet. Me har gjennomført ein heildags workshop med deltakarar frå heile landet, kursopplegget har vore prøvd ut gjennom 24 kurstimar med i alt 16 deltakarar. Prosjektleiar har vore deltakar på Oral History Society sitt kurs "Introduction to oral history" i Sheffield, og prosjektleiar saman med 2/3 av styringskomiteen har besøkt Cork Folklore Project for å studera samarbeidet mellom Cork University College/Dept. for Folklore and Ethnology og ikkje-akademiske minnesamlarar rekrutterte gjennom Northside Community Enterprises. Ltd.


På nettsida med kortadressa kursutvikling.memoar.no og (i vårt Dropboxarkiv i mappa Memoar.org/Kompetanse/Kursutvikling2016) ligg fylgjande dokumentasjon på prosjektgjennomføring og ressursbruk:

  • Mars 2016: Utviklingsplan.

  • Mai: Rapport frå studiereise Storbritania og kurset "Introduction to oral history" i Sheffield.

  • August: Rapport frå gjennomføringa av fyrste kursgruppe (pilotkurs) i Bergen.

  • September: Oppsummering av workshop gjennomført i samarbeid med Folkeminnesamlinga.

  • Oktober: Rapport frå fyrste del av prosjektet (avlevert til Bergen Kommune).

  • November: Rapport frå tre "lynkurs" som vart prøvde ut i Bergen

  • Desember: Rapport frå studiereise til Cork

  • Januar 2017: Denne sluttrapporten med fylgjande vedlegg: Rekneskap, timeliste prosjektleiar, oppmoding om utbetaling av restløyvinga.

  • Produsert kursmateriell er opent tilgjengeleg for alle på adressa kurs.memoar.no


Med dette vil me takka Kulturrådet for støtta på kr. 70.000,- til gjennomføring av dette prosjektet.


Bergen - 1. januar 2016


Bjørn Enes 



Vedlegg 1 - Rekneskap:

Søknad Rekneskap:
Workshop 1

3 Deltakarar med foredrag kr 12 375,00 kr 2 000,00
4 Deltakarar utan foredrag

Lokalleige

Bevertning

Reisekost – foredragshaldarar kr 2 500,00 kr 4 489,17
Reisekost – utan foredrag




Studiereise til London / Sheffield og Cork:

- Reisekost - Deltakarar på prosjektet si rekning kr 6 000,00 kr 8 421,00
- Reisekost - Deltakrar på eiga rekning

- Diett og hotell - Deltakar dekte av prosjektet kr 2 200,00 kr 4 183,00
- Diett og hotell - 3 deltakarar på eiga rekning

- Kursavgift - deltakar dekte av prosjektet kr 2 000,00 kr 1 042,00
- Kursavgift - deltakrar på eiga rekning

- Timar - (20,8 % av fakturert tid) kr 16 500,00 kr 9 146,35
- Timar - (Eigeninnsats - 20,8 % av ufakturert tid)
kr 12 690,63
Skriveprosess

- Utskriving, (15,6% av fakturert tid) kr 12 375,00 kr 6 859,77
- Utskriving (15,6% av ufakturert tid)
kr 9 517,97
- Kritisk gjennomgang / (ufakturert) kr 6 600,00 kr 0,00
- Om / nyskriving (15,6% av fakturert tid) kr 12 375,00 kr 6 859,77
- On/nyskriving (15,8% av ufakturert tid)
kr 9 517,97
- Organisering av pilotkurs (9% av fakt. tid)) kr 4 950,00 kr 2 743,91
- organisering av pilotkurs (9%av ufakturert tid)
kr 3 807,19
Workshop 2 – pilotkurs

- Kursleiar - (10,4 % av fakturert tid) kr 8 250,00 kr 4 573,18
- Kursleiar - (10,4% av ufakturert tid)
kr 6 345,31
Lokalleige

Bevertning

Reisekost – foredragshaldarar
kr 0,00
Reisekost – utan foredrag




Reinskriving og publisering (23% av fakt. Tid) kr 12 375,00 kr 6 859,77


kr 9 517,97
Organisering av kursserie (23%) kr 12 375,00 kr 6 859,77


kr 9 517,97
SUM kr 110 875,00 kr 124 952,69






Finansiering:

Eigeninnsats – Memoar kr 25 875,00 kr 39 952,69
Søknad – Kulturrådet kr 85 000,00 kr 70 000,00
Støtte frå Bergen Kommune
kr 15 000,00
Sum: kr 110 875,00 kr 124 952,69

28-29/11 2016: Studiereise til Cork Folklore Project

lagt inn 26. des. 2016, 03:26 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. des. 2016, 06:49 ]

I dagane 28. og 29. november 2016 gjennomførte Line Esborg (Folkeminnesamlinga), Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking) og Bjørn Enes (Memoar) eit besøk hos Cork Folklore Project (CFK). Hovudformålet var å studera korleis CFK lærte opp nye minnesamlarar. I tillegg ynskte me å få informasjonar om og inntrykk frå praksisen til eit prosjekt som gjennom 20 år har engasjert både etnologistudentar og ikkje-akademikarar i innsamling, dokumentasjon og publisering av munnleg historie i Cork.




Tysdag 28. november besøkte me sjølve prosjektet som er samlokalisert med Northside Community Enterprises Ltd i St. Finbarr’s College i bydelen Blackpool på nordsida av elva Lee. Onsdag 29. besøkte me Department of Folklore and Ethnology ved University College Cork (UCC), der me hadde samtalar med instituttleiar Dr. Stiofán Ó Cadhla, og lektorane Dr. Marie-Annick Desplanque og Dr. Clione O'Carroll.


Opplæringsmetode:

Sjølve hovudføremålet med reisa var i praksis fort unnagjort. Under samtalane med prosjektteamet fyrste dag vart opplæringsmetoden skildra omlag slik: "Me gir dei en opptakar i handa, viser kort startknappen er, og sender dei ut på opptak."


I starten hadde dei eit grundig kurs, fortalde Clione O'Carroll som i dag er fagleg prosjektleiar. Men dei lærte snart at kurset hadde liten effekt - særleg på folk som ikkje var vande med å vera på kurs.  Den beste inngangen til læring viste seg snart å vera ale dei spørsmåla som kom med dei fyrste erfaringane. Dermed vart kursinga erstatta med erfaringsutveksling og samarbeid mellom erfarne og nye minnesamlarar i sjølve prosjektteamet.


For etnologistudentar har dei framleis både kurs og lærmateriell i feltarbeid. Men også for studentane er "learning by doing" blitt hovudmetoden i praksis.


To slag minnesamlarar

http://publish.ucc.ie/researchprofiles/A005/scadhla
Bakgrunnen for samarbeidet mellom studentar og ikkje-akademikarar er denne: Utover 1980-talet skjedde dramatiske endringar i arbeidslivet i Cork. Mange tradisjonelle industriverksemder reduserte drift og arbeidsstokk, og utover 90-talet vart meir eller mindre all tradisjonell industri innstilt. Dette ramma særleg arbeidarbydelane på nordsida av elva Lee, som renn gjennom sentrum av byen.

Avdeling for etnologi og folkloristikk på UCC ynskte å dokumentera desse endringane gjennom å engasjera studentar til å intervjua folk frå dei nordlege bydelane. Men kulturskilnadane mellom nord og sør i byen var så skarpe, at dei ikkje rekna med å kunne gjennomføra intervjuserie dersom informantane måtte reise frå nord til universitetet på sørsida. Derfor oppretta dei i staden ein "feltstasjon" i nord, fyrst i eit av dei ledige bygga  på området til den nedlagde tekstilfabrikken Sunbeam Wolsey i bydelen Blackpool.


Feltstasjonen vart samlokalisert med arbeidsmarknadstiltaket Northside Community Enterprises Ltd (NCE), eit non-profitselskap som hadde som føremål å omskolera arbeidslause og å hjelpa fram nye verksemder. Ei drivande kraft bak NCE var presten "Father John", som me verken fekk møta eller fekk noko fullt namn på sjølv om han - tydelegvis både på godt og ikkje fullt så godt - framleis var ein viktig premissleverandør både for NCE og CFP.


Om det var "Father John" eller etnologane sjølve som kom på den ideen at arbeidslause "norries" ikkje berre var informantar men også kunne vera intervjuarar, fekk me vel aldri skikkeleg svar på. Men det vart i alle fall det konseptet som har gjort CFP til ein varig institusjon:


  • UCC har det faglege leiarskapet på innsamling, dokumentasjon og arkivering av intervjuseriane. Dei oppmodar også studentar til å gjera sine feltarbeid saman med CFP.

  • NCE engasjerer langtidsledige i kontraktar frå eit halvår opp til tre års arbeid i Cork Folklore Project. På desse åra får dei læra prosjektarbeid, data og informasjonsfag, arkivering, formidling, intervju og dokumentasjon av munnleg historie. Erfaringane når det gjeld å hjelpe folk attende til fast arbeid på denne måten er så gode at det ikkje er til diskusjon om prosjektet skal halda fram.  

  • Den tredje parten er regjeringa ved Department of Social Protection (Sosialdepartementet). Dei står for hovudparten av finansieringa.


"Det har vore ein suksess både som forsking, undervisning og som forretningsmodell", sa  Dr. Stiofán Ó Cadhla. "Me finansierer ein kvart stilling til fagleg prosjektleiing. I retur får me det me kallar 'eit levande arkiv' med seks-åtte intervjuarar til ei kvar tid - alle med personleg livserfaring frå feltet  dei samlar kjeldemateriale om."


Sjå dei tre sjølve presentera avdeling og prosjekt:




Instituttet og Cork Folklore Project:




Sunbeam Wolsley

http://publish.ucc.ie/researchprofiles/A005/madesplanques
Den mest illustrerande dømet på korleis dette fungerer kom ingen på å vise oss medan me var der - men i etterarbeidet kom me over filmen prosjektet har laga om fabrikken der dei hadde sin fyrste feltstasjon. Dei hadde alt samla eit stort munnleg materiale om fabrikken og livet i arbeidarbydelane rundt, då det oppstå ein brann i fabrikklokala i september 2003.  

Brannen utvikla seg til ein storbrann.  Marie-Annick Desplanque tok med seg både studentar og prosjektengasjerte til bustadområda rundt fabrikken, og gjorde intervju med forteljarar dei alt kjende frå tidlegare intervju. Medan flammane og røyken gjorde ende på ein heil epoke i byens historie, fortalde arbeidarane og naboane både om kva dei såg, kva dei følte og kva minner som dukka opp:


"Og heilt frå eg var tretten år gamal, har eg vore med på arbeidet der - akkurat der du ser det brenne no," seier ein av dei. "Kvar morgon heile livet har eg vakna opp til synet av fabrikken. Og no - Borte..."  (Sjå https://youtu.be/bAPJZD5cRsw#t=16m30s)


Filmen er eit godt døme på sterke dei munnolege forteljingane når det gjeld å skapa det store bilete av korleis ein fabrikk formar ein samfunn, slik Sumbeam gjorde mellom 1927 og 1990.   (sjå "More than av factory" av Liam Cullinane)


Etter brannen måtee Cork Folklore Project flytta til noverande adresse. Paraplyorganisasjonen dei er ein del av heilter Cork Community Enterprises 


Heile filmen ser du her:


Cork Folklore Project - om Sumbeam:



Prosjektet i dag:

http://publish.ucc.ie/researchprofiles/A005/cocarroll
I dag har prosjektet sin feltstasjon saman med ei rekkje andre kurs- og utviklingsprosjekt i den staselege gamle bygget til St. Finnegans College i nord. sidan starten i august 1996 har meir inn 90 personar vore med i innsamling av forteljingar om alt frå bingo, hurling (irsk ballspel), veg-bowling, irsk showband-tradisjon, hubertusjakt (terrengløp med hest og hund), fotball, barneleikar, rim og regler, leiker, motar, tekstilproduksjon (Sunbeam Wolsey), religiøsitet, båtbygging, familiar av reisande, populærmusikk - men fyrst og fremst kvardagslivet til lokale folk i Cork og området rundt.

Utskiftinga av medarbeidarar er stor - normalt får deltakarane berre eit halvår med oss. Det er eit problem, for straks dei er blitt dyktige må dei slutta. På den andre sida styrkar det mangfoldet, for alle gjer best jobb som intervjuarar når dei kan arbeidet på felt dei kjenner, fortalde teamleiaren då me besøkte dei.


Ein av deltakarane hadde fortid som krimteknikar. Han arbeidde med å intervjua journalistar om deira arbeid med kriminalsaker. Ein anna deltakar var arkitekt. Ho arbeidde med ein intervjuserie om folk sine tankar om arkitektur.


Alt er samla i eit arkiv som i dag inneheld mange hudnre timar med lyd- og videoopptak og meir enn 5000 fotografi. Arkivet er ope for organisasjonar, skular og forskarar. Med utgangpsunkt i arkivmaterialet har prosjektet også produsert ei rekke bøker, radio- og TVprogram, kortfilmar, ei nettside, regelmessige kulturminneveker, ei mobil utstilling, det trykte magasinet “The Archive” - og ikkje minst: Cork Memory Map.


Cork Memoary Map

Det er no seks år sidan prosjektet starta arbeidet med å leggja ut klipp frå lydrkivet i eit interaktivt kart som viser kor forteljingane har tilknyttingspunkt. Dei har nyleg oppsummert at eit par tidlege tekniske vegval var gale, slik at dei no er i ferd med å bygge den tekniske løysinga opp att frå botnar. men innhaldet er jo på plass og den gamle løysinga fungerer slik at ein kan sitje ved datamaskina og klikka seg fram frå gate til gate i kartet over Cork og høyra lokalhistorie og -kultur frå primærkjeldene sjølve.


Men det skal bli mykje meir brukarvennleg når den nye versjonen er ferdig, lovar prosjektleiaren for oppgraderinga.


Samarbeid Cork - Bergen?

Under samtalene dukka spørsmålet om samarbeid opp gong etter gong, og etter kvart vart det konkretisert i ein idé om lansera tanken både for universitetet i Bergen, lokalarkiv, bibliotek, lokale politikarar og arbeidsmarknadsverksemdene. Cork er Irlands nest-største by, og ser på seg sjølv som ein kulturby på same måten som Bergen.


Sett frå Memoar si side ville eit samarbeidsprosjekt som liknar på Cork Folklore Project vera svært interessant, og lansering av ideen og initiativ til eit fellesmøte er ei aktuell målsetjing i vårhalvåret 2017.        


17/11-16: To dagskurs og tre "lynkurs" gjennomført i Bergen

lagt inn 18. nov. 2016, 02:39 av Bjørn Enes

Munnleg historie med teiknspråk og døvetolking er eit av dei mest spennande planane som er komen ut av ein travel haustsesong med utprøving av kursvariantar saman med Bergen Bibliotek.  Camilla Bøe vert prosjektleiaren for eit prosjekt som skal starte med ein kursvariant skreddarsydd for døve. Tolkinga skal leggjast på etterpå framfor den situasjonen som er på biletet: Poenget er å få det same ein-til-ein-relasjonen under teiknspråkintervju som  under andre studiointervju. 

Eit anna "lynkurs" flrte til utviklinga av produksjonsprosjektet Sjolvbyggarane.memoar.no  

Eit tredje lynkurs fører i beste fall også til aktiv minnesamling i eit bydelsprosjekt. 

I tillegg har me gjennomført to dagskurs om intervjutekmnikk. Det var få deltakarar på begge - men dei var veldig tenkte etter kursdagane, og to av deltakarane er alt i gang med eigne produksjonar. 

Desse forsøka har vore svært nyttige i utviklinga av kursmalen. Det er ei heilt tydeleg erfaring at det som trengst, er modular som både kan køyrast kvar for seg som intensivkurs, eller i seriar som meir omfattande kurspakkar. 

I tråd med det same er det heilt avgjort at neste dagskurs vert eit kurs i dokumentasjon og tidskodetagging.  

2/10-16: Rapport for fyrste del av kursutviklinga avlevert

lagt inn 2. okt. 2016, 22:08 av Bjørn Enes

https://docs.google.com/a/enes.no/viewer?a=v&pid=sites&srcid=ZW5lcy5ub3xtZW1vYXJ8Z3g6NzQxMDI0NjlhMjI1ODUzZA
Den fyrste oktober leverte Memoar inn rapport til Bergen Kommune for fyrste del av kursutviklingsprosjektet (kursutvikling.memor.no). Heile rapporten kan lesast i Memoar sitt 
dokumentarkiv.Den er også publisert i bloggen Framdrift.Memoar.no. 

Rapporten frå prosjektleiar ser slik ut:

Den 23. mai 2016 fekk Memoar tilsagn om støtte kr. 15.000,- frå Bergen Kommune til prosjektet "Kurs - Minnesamling". Målsetjinga var å utvikle og gjennomføre ein fyrste prøverunde av eit kursopplegg som seinare kan repeterast mange gonger, i regi av Memoar eller andre organisasjonar /institusjonar som arbeider innanfor kulturvern og dokumentasjon av historie.

Prosjektbudsjettet konkluderte med at utviklings- og utprøvingsarbeidet ville koste oss i alt kr. 37.500,-. Det vart søkt om kr.31.000,- i støtte frå Bergen Kommune. Tilsagnet vart som nemnt kr. 15.000,- og me fann det difor naudsynt å revurdere budsjettet.

Veka før hadde me fått tilsagn om støtte frå Kulturrådet til eit større men parallellt prosjekt der målsetjinga var å utvikle ein kursmal som skal kunne brukast både av Memoar, Norsk etnologisk gransking (Folkemuseet) og Folkeminnesamlinga (UiO), både i profesjonelt dokumentasjonsarbeid og i frivillig (lokal)historisk arbeid. Dette prosjektet var kalkulert kr. 205.175,- . Av dette støtta Kulturrådet med kr. 70.000,-

Me hadde såleis to parallelle men sterkt underfinansierte prosjekt å ta fatt på i mai 2016.

Forprosjekt - hovudprosjekt:
Me valde å løyse dette problemet slik at me fyrst henta inn ei viljeserklæring frå prosjektleiar / kursleiar om at han var villig til å arbeide utan garanti for å få utbetalt løn eller honorar for sitt arbeid. Han gjekk med på dette, men presiserte at han då rekna med ein moralsk rett på å bli engasjert som kursleiar når kurset seinare skal gjennomførast på normale vilkår. (Kopi av viljeserklæringa er lagt ved). Etter dette takka me ja til begge løyvingane.

Me slo så dei to prosjekta saman slik at me rekna Bergensprosjektet som eit forprosjekt og Kulturrådsprosjektet som eit hovudprosjekt. Denne rapporten gjeld såleis som ein rapport om forprosjektet, og den vil og bli teken med som ein del av sluttrapporten til Kulturrådet seinare i vinter.

Som målsetjingar for forprosjektet eller Bergensprosjektet heldt me fast med det som var avtalt med Bergen Kommune: Me skulle førebu, produsere læremateriell og gjennomføre eit introduksjonskurs om munnleg historie og minnesamling i Bergen i perioden mai-september 2015.

Som målsetjingar for hovudrosjektet heldt me fast med det som var avtalt med Kulturrådet: Me skulle samarbeide med Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og nettverket Arbeidsarven, drøfte kursutviklinga på ein nasjonal workshop og ei internasjonal studiereise, skrive ut og tilgjengeleggjere kursmateriell, gjennomkøyre og evaluere versjon 2 av kurset og gjere det tilgjengeleg for alle som arbeider med munnleg historie og immateriell kulturarv i Noreg.

Bergensprosjektet i kortversjon:
Bjørn Enes tok på seg arbeidet med å førebu og gjennomføre fyrste kursgruppe. Før kursstart gjorde han ei studiereise til Storbritania, der han møtte og intervjua tre "oral historians" og tok del i introduksjonskuset til Oral History Society i Sheffield 23/4. Rapport frå studiereisa og kurs er publisert i bloggen Framdrift.Memoar.no.

Det "norske" kurset starta torsdag 26. mai med ti deltakarar. Det var ei svært kompetent gruppe med kunnskapar og erfaringar frå arkivarbeid, lokalhistorisk formidling, medieutvikling, frivillig kulturarbeid og journalistikk. Gruppa møttest igjen 2, 9. og 16. juni og 11. august.

Til kvar samling vart det laga førebuingsmateriell som vart publisert på den opne kurssida Kurs.Memoar.no. Etter kvar samling vart materiellet redigert, oppdatert og forbetra ut frå dei diskusjonane som hadde vore. Fyrste kursdag vart det laga prøveopptak og klipt saman ein "videoblogg", og alt frå veke 2 var kursdeltakarar i gang med å lage "ekte" intervjuopptak. Erfaringane dei gjorde seg var med på å auke kvaliteten av tilbakemeldingane på kursmateriellet, slik at det skjedde ei vesentleg vidareutvikling av innhaldet alt under dette "pilotkurset".

Kurset resulterte i at to nye innsamlingsprosjekt er starta opp i haust: Det eine har utgangspunkt i lokalhistoriske intervju på Møhlenpris, det andre har utgangspunkt i mål, dialekt og språkspørsmål i "nynorskbyen Bergen".

Ein hovudkonklusjon av den fyrste kursgruppa var at sjølve introduksjonskurset ikkje treng å gå over fem kveldar, slik det fyrste gjorde: Den beste introduksjonen skjedde alt på dag 1, då deltakarane vart "kasta på djupt vatn" og fekk forsøke seg både som intervjuar og intervjuobjekt. Etter det viste det seg at dei som seinare vart aktive minnesamlarar, alt var klare for å starte.

Opprinneleg og revidert budsjett og rekneskap for forprosjektet / Bergensprosjektet ser slik ut:

Samandrag:



OriginalbudsRev.budsReknesk
Materialkostnaderkr 3 000,00kr 1 500,00kr 2 030,24
Kjøp av tenesterkr 0,00kr 0,00
Marknadsføring / annonseringkr 0,00kr 0,00
Honorarkr 30 800,00kr 30 800,00kr 30 800,00
Andre utgifterkr 3 700,00kr 3 700,00
total:kr 37 500,00kr 36 000,00kr 32 830,24








Tilskot kommunekr 31 500,00kr 15 000,00kr 15 000,00
Andre inntekterkr 6 000,00kr 6 000,00kr 3 000,00
Ufakturert profesjonelt arbeidkr 0,00kr 15 000,00kr 18 277,00
Annakr 0,00kr 0,000
Totaltkr 37 500,00kr 36 000,00kr 36 277,00


Den største kostnaden har vore timekostnader under arbeidet med utvikling og gjennomføring av kurset. Dette var også hovudkostnaden i budsjettet. I samsvar med viljeserklæringa som er nemnt ovanfor, har kursleiar og forfattar av kursmateriellet levert ein nota der han dokumenterer i alt 80,5 arbeidstimar til "Bergensdelen" av prosjektet. Av avtalt honorar kr. 30.800,- har han kreditert prosjektet med kr. 18.277,- og sagt seg villig til å utsetje faktureringa av restbeløpet (kr. 12.523,-) til del 2 av prosjektet er gjennomført. På den måten kan fyrste del av prosjektet avsluttast i balanse.

Utviklinga av prosjektet er dokumentert på nettsida kursutvikling.memoar.no . Der vil ein og kunne fytlgje utviklinga av hovudprosjektet.
Produsert kursmateriell er opent tilgjengeleg for alle på adressa kurs.memoar.no

Med dette vil me takka Bergen Kommune for støtta på kr. 15.000,- til gjennomføring av dette prosjektet. Me er så frie å meine at Bergen by har fått god verdi for denne investeringa.

27/9-16: Studiereise til Cork bestemt

lagt inn 27. sep. 2016, 23:12 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. sep. 2016, 23:14 ]

http://www.ucc.ie/en/cfp/
I dagane 29 og 30 november skal Bjørn Enes (Memoar), Line Esborg (Folkeminnesamlinga) og Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking) besøke Cork Folklore Project for å studere korleis dei involverer og skolerer frivillige og profesjonelle minnesamlarar - mellom anna i oppbygginga av Cork memoary map

Andre som er interesserte i munnleg historie / minnesamling / minnekultur, er velkomne til å slutte seg til reisa. Ta kontakt med bjorn.enes@memoar.no 

Det er skriven ein bloggpost om dette i Framdrift.Memoar.no

3. sept: Oppsummering av workshop - vidare planar:

lagt inn 2. sep. 2016, 09:10 av Bjørn Enes   [ oppdatert 3. sep. 2016, 04:32 ]

Eit nettverk for minnekultur og munnleg historie er etablert. 

"Grunnfilosofien" for eit standardkurs om samling. dokumentasjon, arkivering og formidling av minne og munnleg historie er skissert. 

 Og på det grunnlaget er både ei studiereise og eit "prøvekurs" planlagt.


(Oppsummeringa er skriven av Bjørn Enes)


Den 29. august 2016 var ni personar samla i lokala til Norsk Folkeminnnesamling på Blindern i Oslo. Dei var:


Problemstillinga som var reist i invitasjonen til møtet var slik:

Trengst det ei "revaluering" av munnleg historie i Noreg?

Må det lagast eit norsk ord for "oral history"? Lever historikarar, etnologar og journalistar i kvart sitt univers? Er det intervjuaren eller forteljaren som eig ei munnleg ytring? Er transkribering og sletting av originalopptak kjeldevandalisme? Er det ei forsømming at det ikkje er plassert eit nasjonalt ansvar for arkivering og tilgjengeleggjering av munnleg materiale? Er det på tide med ei "vekkjing" innan formidling av munnlege kjelder? Bør livsforteljingar arkiverast i masseomfang?


Møtet vart halde i samtaleform med utgangspunkt i seks førebudde innlegg i tidsromet. Etter det hadde styringskomiteen i prosjektet Kurs.Memoar.no eit planleggingsmøte. Møteleiar i begge samanhengane var Bjørn Enes. Han har også skrive denne oppsummeringa.

Folkeminne:

Line Esborg meinte at diskusjonen handlar om ei felles fagleg interesse "en tro på og en interesse for det folk forteller - uansett om det kalles tradisjon, muntlig fortelling, minner eller oral history", og at det er stoff som bør sikrast tilgjengeleggjerast som historisk dokumentasjon som også allmogen må ha tilgang til.

På 1980- og 90-talet kom det fleire bøker der kulturhistorikar i bred forstand (forskarar innan folkloristikk, etnologi, historie, lokalhistorie, oral history) diskuterte nettopp muntligheten. Ingen av dei løyste spørsmålet om vi treng eit nytt ord for "oral history" – men dei stadfesta kanskje spørsmålet. Ho siterte mellom anna Gøran Rosander om at «også i dag utgjør muntlig stoff underlag for mange tekster som senere anvendes som kilder av historisk rettede forskere; avisreportasjer, vitneutsagn i rettssaker, utskrifter av stenografiske referater fra uforberedte innlegg i Stortinget etc. Det som kjennetegner denne typen materiale er at det er overført eller transformert – fra ett medium – tale - til et annet - skrift» (Muntlig kilder hva og hvordan, 1981:11)

Hennar eige fag har gått gjennom endringar både i nemning og innhald - frå etnologi, via folkeminnevitenskap og folkloristikk til kulturvitskap. Men interessa for det folk har å fortelje har helde seg - "At vi ikke bare er opptatt av hva folk forteller, men hvordan de gjør det og hvem som forteller – er en del av den genesisfortellingen eller paradigmeskiftet vi (mitt fagfelt) tar utgangspunkt i."

Den breie interessa for kva folk har å forteljeer mellom anna er materialisert i Folkeminnesamlinga sine innsamlingar av livsforteljingar. I dag inneheld den 220.000 manussider etter fire store innsamlingar (1964 - 1981 - 1995 - 2012). Den siste innsamlinga har hatt svakast respons - det kan vere ein av grunnane til å vurdere nye arbeidsformer og moglegheiter som kjem opp i den digitale tidsalderen.

For mer enn 20 år siden skreiv Dagfinn Slettan «Som nevnt vil neppe noen her kalle seg for oral historians eller minnehistorikere. Den store aktiviteten burde likevel tilsi et mer organisert nordisk samarbeid med et forum eller en koordinerende instans. Det bør være en oppgave å få dette etablert» (Slettan 1995:25)

Er det på tide å ta opp att dette spørsmålet? spurde ho, og konkretiserte spørsmålet slik:

  • Å nå ut til nye generasjoner/nye borgere på nye måter i nye medier gjennom

  • et felles forum

  • Synliggjøring, Samarbeid, Nyinnsamling


Arbeidarminne:

Ingar Kaldal gjorde ei samanlikning av ideologiane rundt den store arbeidarminneinnsamlinga til Edvard Bull jr. i 1950-åra, og innsamlingar av livsminner i dag - t.d. minneinnsamlinga som også Esborg snakka om. Han peika på den store forteljinga som arbeidarminnene gjekk inn i: Noreg var blitt industrialisert, livet var blitt moderne. Det var arbeidsfolk som hadde "bygd landet" - den einskilde historia handla om korleis forteljaren hadde vore ein del av dette. Som eksempel på korleis dette har endra seg markert, nemnde han ei innsamling som Utdanningsforbundet stilte seg attom i 2008. Det var sett inn betydelege ressursar på å marknadsføre ei innsamling av lærar-forteljingar. Men det kom ikkje eitt einaste bidrag.

Han refererte til Alexander Freund sin artikkel "Oral history in a neoliberal age" (2015) og problematiserte individualiseringa av dei personlege forteljingane. Dette kan vere ei forklaring på at sjølv om folk i dag skriv mykje meir enn før, så er det vanskeleg å få inn større minneforteljingar. Sjølv om ein lærar i dag både har høgare status og truleg er meir skrivefør enn ein arbeidar på femtitalet, så har han/ho ikkje ei liknande stoltheit over å ba vore med på å "bygge landet" (eller "opplyse folket" eller "skapa folkhemmet").

Medan Bull kunne engasjere hundrevis av frivillige minneskribentar, leiarar av minnesirklar og intervjuarar gjennom fagrørsla, er det blitt svært mykje vanskelegare i dag. Han fortalde om eit eksempel på det motsette - Østfoldmuseene sine minnesirklar i samband med utviklinga av utstillinga om by- og industrihistoria i Moss. Men der var det jo nettopp den einskilde deltakaren sin del av den stolte byhistoria som var motivasjonen for den frivillige produksjonen av forteljingar.

Han peika på kor viktig denne utfordringa er, av di "taus kunnskap" går tapt. Han nytta hesjing som eksempel: Dei fleste på min alder veit godt kva ei hesje er. Men ungdom i dag har knapt nok høyrt om hesjer - og folk på min alder tenkjer at hesjer har ståltråd. Kunnskapen om hesjer med liggjande staur er borte. Med den raske teknologi- og organisasjonsutviklinga som har vore etter 1970, aukar dette problemet.

Han spurde om ikkje det er naudsynt "å byggja nye (store) forteljingar". Det er ein nær samanheng mellom å historisera folk sine forteljingar og å skape motivasjon for å fortelje. Han nemnde til slutt to døme på store forteljingar som kan vere viktig å samla minner frå: Den eine var veksten i dei yrkesgruppene som har leik, draum, idrett og sjølvrealisering som arbeid. Den andre var den liknande veksten i "prekariatet", grupper der arbeid er flyktig, usikkert, stadig skiftande. Han slutta med påstanden om at kunnskap om endringar i arbeidslivet berre kan samlast gjennom å snakka med folk som sjølve har erfart det.


Haci Akman utdjupa problemet i samtalen etterpå gjennom å peike på migrasjonen. Mange flyktningar ber på svært dramatiske forteljingar "utan å ha nokon plass å gå med dei", av di den store forteljinga om migrasjonen også er individualisert.


Minnebase:

Audun Kjus tok utgangspunkt i dei mange oral history-prosjekta i New Orleans under og etter orkanen Katrina (2005). Ein av dei mest bevaringsverdige samlingane var laga av overlevande som intervjua kvarandre eller rett og slett berre la inn sine eigne forteljingar. Det er eit veldig mangfald i slike samlingar. Det er ein liknande tankegang som ligg bak Norsk etnologisk gransking sitt arbeid for å få etablert den minnebasen som skal lanserast den 13. oktober 2016 under namnet Minner.no.

NEG sin ynskje er at basen skal bli tverr-institusjonell. I dag er minnearkivering fordelt usystematisk mellom strukurar under både riksantikvaren, riksbibliotekaren og riksarkivaren. Bortsett frå at det vanskeleggjer bruk av det materialet som er arkivert, fører det til ressursmangel hos alle, ulike praksisar og sårbarfhet for teknologisk forelding.

Den 13. oktober 2016 skal fyrsteversjonen lanserast. Han er laga av NEG og KulturIT og er utvikla parallellt med den svenske Minnen.se. Basen heng saman med dei andre digitale fellesløysingane for kultursektoren, så som Digitalt Museum. Kulturpunkt osv. Han skal både vere eit felles arkiv og ein formidlingsplattform, og han skal kunne brukast både av institusjonar, prosjektorganisasjonar og einskildpersonar. I prinsippet skal kven som helst kunna oppretta ein brukarprofil og leggja inn sine eigne forteljingar i form av tekst, fotografi, video- eller lydopptak eller andre digitale filar. Den som legg stoff inn, bestemmer også korleis det kan brukast. Og: Den som har lagt stoff inn, kan endra bruksrettar eller sletta materialet seinare.

Minner.no skal vere prosjektbasert. Det vil seia at brukarane kan etablera prosjekt og lasta opp dokumentasjon (f.eks. minneoptak) etter kvart som dei vert samla inn. Etter kvart som prosjektet går framover, kan også anna stoff leggjast inn, så som prosjektrapportar, forskingsresultat eller sluttrapportar. Prosjekteigar kan så bestemma om innhaldet skal publiserast heilt eller delvist.

Opphavsretten skal i prinsippet tilhøyra forteljaren i kvart minneopptak, og dokumentarast enten ved at forteljaren sjølv opprettar ein brukarprofil og legg sine forteljingar inn, eller ved at prosjektarbeidarar dokumenterer innlegginga med ei signert samtykkeerklæring.

Redaksjonelt ansvar vil vere delt mellom redaktør av Minner.no og den som legg inn/publiserer stoff. Det er utvikla eit regelverk som den som publiserer må godta. Kvart innlegg vil vere utstyrt med ein "rapporteringsknapp" der brukarar kan melde frå om eventuelle brot på lov eller god presseskikk. Og dersom redaktør finn at det strir mot lov, presseskikk eller eigne retningsliner kan han/ho fjerne (avpublisere) innhaldet.

Kommentarar / utdjupingar: I fyrsteversjonen vil ikkje brukarar kunne kommentere eller supplere innlegg som andre har laga. Men dette er ikkje endeleg avgjort.


Minnebruk:

Bjørg Holsvik fortalde om erfaringar med innsamling og bruk av minner i Mjoss by- og industrimuseum og særleg i "satelitten" Verket 20, eit av dei sist fråflytta husa i Glassverket sin tidlegare arbeidarby.

Tradisjonen med bruk av minnestoff i museet i Moss kan skrivast tilbake til 1968, då Per Edfeldt som sjølv var son av ein glasblåsar, gjorde intervjuopptak med 17 av dei eldste arbeidarane på Moss Glassverk. Dei fortalde om barnearbeid, livet i glasarbeidarbustadane, tett tilknytting til Sverige og arbeidarkulturen rundt glassverket. I utstillinga har dei brukt ein del at eit opptak der glasblåsar Gustav Nilsen fortel om då han bles den fyrste flaska, og eit der Hilda Nilsen fortel om då ho begynte som oppassar på glassverket då ho var 14 år gamal.

Denne tradisjonen vart ført vidare vidare i arbeidet med utstillinga "Drømmen om et bedre liv" om innvandring til Moss i perioden 1905 - 2006. Den bygde i stor grad på intervju med fyrste- og andregenerasjons innvandrarar. Frå 2008 har Østfoldmuseene vore med i nettverket Arbeidsarven, noko som har stimulert vidare til innsamling av arbeidsminner. Det har mellom anna vore gjennomført fleire skuleprosjekt der elevar i ungdomsskulen har invtervjua eldre arbeidarar eller andre tilsette i verksemder i Moss. Gjennom fleire år har det vore skrivegrupper i sving der folk kjem til museet og arbeider saman om å lage minnetekstar. Folk har vore oppmoda til å skrive indisviduelle tekstar, men dette har i liten grad fått respons. Eller ikkje samarbeid med fagforeiningar har fungert så godt.

Det var i samband med 100årsjubileet for Mossekonvensjonen i 1814 at Moss by- og industrimuseum fekk den tidlegare arbeidarbustaden Verket 20 av Moss kommune. Museet bestemt seg for å bruke bustaden til ei permanent utstilling om arbeid, daglegliv og industri. Ved overtakinga var bustaden modernisert slik at det var uaktuelt å bruke han til ein rekonstruksjon av ein gamal arbeidarbustad. I staden har det blitt ei utstilling der minneforteljingar i tekst, foto, lyd og video er hovudinnhald. Holsvik fortalde mellom anna om korleis museet sin "beredskapsstyrke" rykka ut den dagen meldinga kom om at Peterson Moss - papirfabrikken - skulle leggjast ned, for å gjere intervju og dokumentere dei siste dagane i produksjon. Dette er mellom alt det som er tilgjengeleggjort gjennom ei stor mengd terminalar og skjermar i den veste arbeidarbustaden.

Erfaringa er at minneforteljingar får fram det personleg opplevde i utstillinga. Det representerer også ofte nye stemmer som ikkje kjem fram gjennom andre kjelder. Det involverer, engasjerer og trekkjer publikum. Ho konkluderte med eit tydeleg ja på hovudspørsmålet til workshopen: Det trengst ei revaluering av mujnnleg historie i Noreg. Konkret trengst det bevisstgjering om nytteverdien, betre rutinar og profesjonalisering av innsamling og bruk, og betre rutinar for bevaring av minne for framtida.

Bjørg Holsvik sin presentasjon er lagt ved.


Minnesamling:

Runar Jordåen fortalde om prosjektet "Skeivt Arkiv", som i løpet av berre fire år har vakse frå ein idé til ein permanent institusjon med årleg budsjett på fem millionar kroner. Han forklarte den raske utviklinga dels med initiativtakaren, noverande professor Tone Hellesund ved UiB/ Kulturvitskap, og dels med at minoritetsgrupper var "i tida". Han nemnde ei rekkje prosjekt og institusjonar som tidlegare hadde lukkast, så som Jødisk museum, Samisk arkiv, Kvensk institutt, Skogfinsk museum, norsk Døvemuseum osb.

Internasjonalt hadde homorørsla - under vekslande namn og identitetar - hatt framgang sidan 1970-talet, og ei rekkje insitusjonar hadde vakse fram - stort sett knytte til universitet. Dette gjorde det enklare å argumentere for noko liknande i Noreg. I 2012 donerte så Kim Friele sitt privatarkiv til Skeivt arkiv, og det vart både innhalds- og omdømemessig ein start på ei rask utvikling. Prosjektet fekk støtte frå Kulturrådet, Nasjonalbiblioteket - og frå 2016 er det inne på statsbudsjettet med ein årleg løyving på fem mill.

Det amerikanske Queer Oral History Project har vore eit førebilete for Skeivt Arkiv si opparbeiding av minneforteljingar. I Noreg starta minneinnsamlingane som ein del av prosjektet Seksuell orientering og levekår i 2013. Der vart det oppmoda om at frivillige skulle skrive minneforteljingar om skeive liv. Denne oppmodinga fekk god oppslutning. 70 slike forteljingar er i dag publisert på nettsida (Sjø minneinnsamlingane).

Tanken er også at Skeivt Arkiv skal samle audiovisuelle minneintervju, og ein serie pilotintervju er gjort. Arkivet har no lyst ut to stillingar som skal arbeide med innsamling, dokumentasjon og eventuell publisering av slike intervju. Så langt er det berre publisert utsnitt av dei minneopptka som er gjort. Skeive livsforteljingar er jo framleis sensitivt materiale for mange. Eit av pilotintervjua var eksempelvis tenkt publisert fullt ut - men etter at intervjuet var gjennomført, kom forteljar og intervjuar til at det likevel berre skulle publiserast eit utsnitt.

Intervjuformen er djupintervju, frå ein til fem timar lange. Det har vore både fri forteljing og spørjelister, som regel ein kombinasjon med hovedvekta på fri forteljing.


Samtalene

Mellom kvart førebudd innlegg gjekk samtalane relativt fritt og uformelt. Med mine ord er kortversjonen av ei samtaloppsummering slik:

  • Det er ei felles ineresse for folk sine forteljingar. Men det trengst ei meir utveksling og samordning av di "den digitale tidsalderen" har opna nye og store moglegheiter.

  • Folk sine forteljingar er ikkje berre munnlege - det kan ligge ei uheldig avgrensing i å oversetje "oral history" direkte til "munnleg historie". Truleg vil formuleringa "minnekultur og munnleg historie" være eit betre forslag til "oral history på norsk"

  • Lanseringa av Minner.no kan bli eit vendepunkt både for akademiske og folkeleg/frivillig historie- og kulturmiljø. Det kan bli det samlingspunktet som har mangla.

  • Slettan sitt spørsmål frå 1995 er høgaktuelt - og for å markere handling bestemte deltakarane i møtet å etablere seg sjølve som starten på eit nettverk for minnekultur og munnleg historie. Eit mogleg fyrstemål for eit slikt nettverk kan vere ein konferanse om moglegheiter og utfordringar knytta til utviklinga av Minner.no.

  • I styringskomitemøtet etterpå vart det bestemt å initiere ei studiereise. Bjørn Enes og Audun Kjus reiser på det budsjettet Memoar har for prosjektet Kurs.Memoar.no, medan Line Esborg reiser på prosjektmidler frå NFS. Fyrstevalg er ei reise til prosjektet Cork Memory Map som både er eit oral history-prosjekt og eit digitalt formidlingsprosjekt. Me forsøker å utvide delegasjonen.

  • Pilotkurs: Basert på samtalane i workshop'en, erfaringane frå studiereisa, erfaringane frå pilotkurset i Bergen i mai-august 2016 og tilgjengeleg litteratur skal Bjørn Enes skrive utkast til og dei andre styringskomitemedlemmene kommentere ein revidert kursplan. Denne skal så skal gjennomførast i samarbeid med lokal partnar. Fyrste val er Østfoldmuseene / Moss by- og industrimuseum på grunn av deira erfaringar og nettverk av lokale minnesamlarar,


Bergen, 3.sept 2016

Beste helsing Bjørn Enes 



Bjørn Enes - Presentasjon 29/8:


Aug. 2016: Workshop

lagt inn 2. sep. 2016, 08:47 av Bjørn Enes

August 2016: Workshop 1

Fyrste led i utviklingsplanen var ein workshop med personar som har engasjert seg i innsamling, dokumentasjon, bruk eller formidling av munnlege kjelder  Workshop'en skal gjennomførast måndag 29. august 2016 med desse deltakarane: 

 

Endeleg program for workshop 29.august

Tid og stad: Måndag 29. august kl 10:00 - 14:30

P.A.Munchs hus, Niels Henrik Abels vei 36, blindern, Oslo - Møterom 425 .

Kart her: https://www.uio.no/om/finn-fram/omrader/blindern/bl07/


Problemstilling: Trengst det ei "revaluering" av munnleg historie i Noreg?

Må det lagast eit norsk ord for "oral history"? Lever historikarar, etnologar og journalistar i kvart sitt univers? Er det intervjuaren eller forteljaren som eig ei munnleg ytring? Er transkribering og sletting av originalopptak kjeldevandalisme? Er det ei forsømming at det ikkje er plassert eit nasjonalt ansvar for arkivering og tilgjengeleggjering av munnleg materiale? Er det på tide med ei "vekkjing" innan formidling av munnlege kjelder? Bør livsforteljingar arkiverast i masseomfang?


Bakgrunn:

Memoar har teke på seg å utvikla forslag til ein kursmal for både amatørar og profesjonelle om innsamling. dokumentering og arkivering av munnleg historie. Men før det gir meining å drøfte konkrete kursplanar, ynskjer me ei meinings- og erfaringsutveksling om stoda for munnleg historie ("oral history") i Noreg.


Gjennomføring:

Me vert 11 deltakarar. Seks av oss har lova å førebu innlegg om ulike tema:

  • Line Esborg - om etnografi i historisk og aktuelt perspektiv

  • Ingar Kaldal - om arbeider- og arbeidsminner - erfaringer, problemer og muligheter.

  • Audun Kjus - om visjonen om eit norsk tradisjonsarkiv

  • Bjørg Holsvik - om samling og bruk av minner i utstillinga på Verket, Moss.

  • Runar Jordåen - om visjonar og erfaringar frå bygginga av Skeivt arkiv

  • Bjørn Enes - eit forsøk på oppsummering - og visjonen om eit norsk "Oral history society"


Etter kvart innlegg diskuterer me relativt fritt med ambisjon om å halde oss innafor ein viss relevans til hovudproblemstillinga (ein dryg halvtime på kvart førebudde innlegg). I mitt eige innlegg til sist, vil eg gjere eit forsøk på å trekke trådar frå det som har skjedd fram til då - sik at den siste diskusjonen får eit visst preg av konkludering. Mi endelege oppsummering lagar eg som ein artikkel i etterkant.


Midtvegs i prosessen (12:00 - 12:30) stoppar me for ein matbit




Juni 2016: Pilotkurs i Bergen

lagt inn 2. sep. 2016, 00:23 av Bjørn Enes   [ oppdatert 2. sep. 2016, 00:25 ]

Memoar har prosjektleiaransvar for å utvikle eit minnesamlarkurs for både profesjonelle og amatørar i løpet av 2016. (Sjå prosjektskildring her)

Fyrste del av dette utviklingsarbeide var  ei pilotgruppe i Bergen som gjennomførte fem samlingar i mai og juni 2016. 

Nettsida Kurs.Memoar.no vart nytta som kursmateriell under pilotkurset. I utgangspunktet innheldt sida planane for gjennomføring av pilotkurset. Etter kvart som kvar samling vart gjennomført, vart planane for neste justerte og kursmateriellet tilpassa, slik at sida også utvikla seg til eit læremiddel for komande kurs og ein rapport frå fyrste gjnnomkøyring. 

Alle interesserte er velkomne til å sjå og bruke materialet som vert utvikla.

Mål for pilotkurset: Oralhistorie er ei grein både av historiefag, kulturvitskap og fomidlings- eller mediefag. Fagområdet treng større merksemd i Noreg, både i fagmiljøa og i frivillig sektor. Målet med innføringskurset er å avklare særtrekka med det å samle, dokumentere, arkivere, dele og formidle munnleg kjeldemateriale og munnleg forteljar- eller minnekultur. Kurset skal også gi ei innføring i praktisk og konkret arbeid med opptaks, redigerings- og publiseringsutstyr.

Metode: Teori, erfarings- og meiningsutveksling og drøfting med lærar. Det vert veksla mellom plenumsforedrag og -demonstrasjonar, plenums/gruppedrøfting, praktiske øvingar og individuelt arbeid.


Innhald: Innføring i emnet og aktuell litteratur. Praktiske øvingar og reelt innsamlingsarbeid med rettleiing. Etikk og jus - opphavsrett, ytringsfridom og redaksjonelt ansvar. Praktisk arbeid med opptaks, redigerings- og publiseringsutstyr. Intervjuteknikk med spørjelister og med fri forteljing. Planlegging og gjennomføring av innsamlingsprosjekt. Vidareformidling av resultat, artikkel til avis, nettside, lagsblad elle

Læringsressursar: 

  • Instruksjon/formidling: Kurslærar og Tradisjonsberar.
  • Skriftleg dokumentasjon: Nettstaden Kurs.Memoar.no, Lokalhistoriewiki.no, norsk og utanlandsk litteratur som høver til emnet
  • (Lærebok under arbeid).

Omfang: Fem samlingar - tre timar med lærar kvar gong + minimum 5 timar utan lærar

Utprøving:

Dette kurset er per september 2016 gjennomført ein gong. Det var i Bergen i perioden 26.mai til 11. august 2016. Ti deltakarar begynte, fem fullførte. Erfaringane er oppsummert i Memoar sin blogg Framdrift.Memoar.no 

Innhaldet av kvar kursdag er lagt ut i menyen ovanfor:  Introduksjon, minnekultur, minneforteljing, intervjuet, prosjektutvikling.  


Mars 2016: Utviklingsprosjekt

lagt inn 2. sep. 2016, 00:22 av Bjørn Enes

I begynnelsen av mars 2016 hadde Memoar klar ein plan for å utvikla og prøva ut eit kurs om innsamling og dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale. 
  • Den 18. mai 2016 fekk me tilsagn om at Kulturrådet ville støtte dette prosjektet med kr. 70.000 . 
  • Ei snau veke seinare fekk me også tilsagn om støtte frå Bergen Kommune. Dei ville støtte prosjektet med kr. 15.000,- 
  • Utviklingskostnadane var totalt berekna til kr. 205.000.  
  • Memoar bestemte seg likevel for å starte ut frå ei viljeserklæing frå nøkkelpersonar med naudsynt kompetanse om å leggja inn så mykje frivillig som trengst.  

I prosjektskildringa heitte det: 

Målformulering:
Me vil utvikle og prøve ut ein mal for kurs i samling, dokumentasjon og arkivering av munnleg historie. Kurset skal kunne brukast både av frivillige og profesjonelle kulturvernarar. Samling, dokumentasjon og arkivering av munnleg kjeldemateriale er eit viktig arbeidsfelt både for institusjonar, forskarar og sivile organisasjonar. Mange trur at det også kan bli viktigare i åra framover, dels som fylgje av at opptaks-, redigerings- og lagringskostnader er gått kraftig ned, dels av di det ser ut til å vere aukande publikumsinteresse for å dele slikt stoff i sosiale media.

Bakgrunn

Norsk etnografisk gransking (NEG) og Norsk Folkeminnesamling (NFS) har gode tradisjonar med å lage kurs for masterstudentar og forskarar. Norsk lokalhistorisk institutt har gode tradisjonar med tradisjonelt kjelde- og dokumentasjonsarbeid også for frivillige lokalhistorisk engasjerte.

Organisasjonen Memoar har definert som sitt formål å "fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv", I januar 2016 opna Bergen Bibliotek etter initiativ frå Memoar eit intervjustudio som alle innbyggarar kan nytte, og Memoar har etablert ei mellombels arkivløysing for munnlege forteljingar i videoformat, i påvente av at Bergen Byarkiv skal bli i stand til å ta mot slikt materiale. Neste punkt på planen i Bergen er å invitere frivillige og profesjonelle til kurs.

Det er slik Memoar har "oppdaga" at dei eksisterande kursoplegga manglar innretting både på minneopptak med video og på engasjering av frivillige utan særlege forkunnskapar. Eit slikt kursopplegg må lagast.

Utfyllande kompetansar

Memoar vender seg i stor grad til ufaglærte frivillige, utan formell historisk eller etnografisk forkunnskap. Men på same tid ser me at "minnesamlarar" frå Memoar har med seg andre verdfulle ressursar. Dei har somregel personlege erfaringar frå det same stoffområdet som informantane skal fortelje om.

To etisk/juridiske paradigme viser seg og å vere utfyllande. I den etnografiske tradisjonen tenkjer ein på munnleg kjeldemateriale som noko informanten har gitt til forskaren i fortrulegheit og som difor må anonymiserast før det kan synast vidare til andre. Memoar har røtene sine i journalistikken og i "delingsmedia" der ein i større grad ser intervjuaren som ein støttespelar for forteljaren sin ytringsfridom. Forteljaren har ein sjølvsagt rett til å bli namngitt som opphavsmann/kvinne til forteljinga, og mottakaren har ein like sjølvsagt rett til å vite kven som er kjelda for det som er fortald. Det er bruk for begge desse tradisjonane, også i framtida, men det er viktig å ha tydelege grenser mellom dei, å vite kva som er kva og å vere tydeleg på kva for ei paradigme ein arbeider i til ei kvar tid. Forskaren og "minnedelaren" har mykje å lære av kvarandre i dette.

Like gunstig som det vil vere å bygge på element frå NEG, NFS og NLI, vil det vere å hente impulsar frå utanlandske miljø som har arbeidd lengre og meir eksplisitt med munnleg kjeldemateriale. Me tenkjer då fyrst og fremst på den britiske organisasjonen Oral History Society, den institusjonelle partnaren British Library og samarbeidsprosjektet National Life Stories (NLS).

Organisering:

Prosjektleiar: Memoar ynskjer å ta rolla som prosjekteigar og -ansvarleg. Dette er ikkje nokon føresetnad, men ut får det me veit i dag er det praktisk og dessutan i tråd med det prinsippet at den har mest å hente i eit prosjekt truleg vil legge mest arbeid i det. For Memoar er utvikling av slike attraktive kurs ein strategisk hovudsak akkurat no. Me ynskjer Bjørn Enes som prosjektleiar.

Styringskomite: Me ynskjer å etablere ein styringskomite som må kunne møtast to gonger i løpet av prosjektperioden. Me ynskjer desse tre personane inn i komiteen:

  • Audun Kjus, (Norsk etnologisk gransking)

  • Line Esborg (Norsk folkeminnesamling)

  • Ingar Kaldal (NTNU / Arbeidsarven)


Framdriftsplan:

Workshop 1: Kva må styrkast i arbeidet med munnleg historie?

Fyrste møte i styringskomiteen vert kombinert med ein dags workshop der me inviterer namngitte deltakarar frå arkiv-, bibliotek- og museumssektoren, frivillig sektor og forsking. Dagen kan veksle mellom foredrag og samtalar, t.d. om ei slik temarekke:

  • Arbeidarminne gjennom tre industrielle revolusjonar - (Ingar Kaldal)

  • Nasjonal etnografi 2016? Line Esborg

  • Ideen om eit norsk trasisjonsarkiv? Audun Kjus

  • Munnleg tradisjon som råstoff og utstillingsobjekt: f.eks. Bjørg Holsvik (Moss by- og industrimuseum)

  • "Vendepunkt 1975" - Praktiske erfaringar med video-innsamling av munnleg historie frå Nikkelverket: Bjørn Enes

  • Å samle skeiv historie - Erfaringar frå Skeivt Arkiv: F.eks. Tone Hellesund

  • Helst også ein invitert britisk forelesar - f.eks. Om National Life Stories project

Invitasjonslista må setjast opp av prosjektleiar med (telefoniske) råd frå styringskomiteen.



Studiereise til London:

To dagar i London som inneheld:

- Møter med kontaktpersonar i British Library og Oral History Society

- Delta på kurset "Introduction to Oral History"


Skriveprosess:

Basert på workshop og studiereise skriv prosjektleiar utkast til kursprogram og malar for kurspresentasjonar.

Styringskomiteen går kritisk gjennom forslag til kursprogram og presentasjonar, Prosjektleiar gjer ei om- eller nyskriving basert på tilbakemeldingane.

Til sist vert program for introduksjonskurs sett opp og kursleiarar engasjert og presentert for program og presentasjonsmalar.


Workshop 2 - Gjennomføring av pilotkurs.

Lansering og gjennomkøyring av "pilotkurs" med deltakarar.

Avslutting med evaluering.

Reinskriving og publisering av kursopplegg, læremateriell.

Organisering av kursserie. 

jan. 2016: Dagskurs i Kristiansand

lagt inn 2. sep. 2016, 00:20 av Bjørn Enes

Utviklinga av kurset starta hausten 2015, som ein del av memoar sitt industriprosjekt - Industri.Memoar.no. Tanken var at både nybegynnarar og erfarne, profesjonelle minnesamlarar skulle finne nyttige tips og informasjonar på kursa og alt kursmateriellet skulle leggjast ut på ei nettside. Det var starten 
på denne nettsida Kurs.Memoar.no. Fyrste gjennomkøyring av kurset var planlagt som eit dagskurs i Kristiansand, i samarbeid med Nikkelverkets Arbeiderfroening. Kollisjonar med årsmøteførebuingar etc gjorde at Arbeidarforeininga ikkje såg seg i stand til å ta del i samarbeidet og kurset vart difor ikkje gjennomført. 

Opplegget for dagskurset var slik: 

Dagskurs: 

09: 00 Opning - Frukost og presentasjonsrunde. 

09:30: Bjørn Enes: Om Memoar og erfaringane med oralhistorie. Kva er styrken og kva er problemet med munnlege kjelder?

10:15 - Pause

10:30 - Ingar Kaldal: Kva er ei minnesamling?

11:15 - Pause

11:30 - Opptak 1: Bjørn Enes intervjuar ein av deltakarane i

Poeng: Bli ven med kamera. 1) Lyd - 2) Lys - 3)

Ha det hyggeleg - få forteljingane fram.

12:15 - Lunsj 

13:00 - Ingar Kaldal - Om intervjuet. Kva er viktig å hugse?

13:45 - Diskusjon -

14:15 - Pause - kaffi

14:30 - Etterarbeidet:

Etikk - Avtaledokument

Redigering?

Dokumentasjon - "Metadata" - "Tesaurus" - Resymé - Undertitlar

Opplasting til Memoar.no eller Minner.no (når den er operativ)

Publisering

Ingar Kaldal. Bjørn Enes - og fri samtale.

15:15 Opptak 2: Ein eller to av deltakarane intervjuar ein av dei andre

16:00 (Pause med) diskusjon om opptak 2

16:15 Dokumentasjon av opptak 2: Kva for metadata skal me føre opp?

Kva skal presentasjonsteksten vere?

17:00 Opplasting til Vimeo (eller minner,no om den er operativ)

Etablering av side i Memoar.no (eller Minner.no om den er operativ)

17:30 Kursevaluering

18:00 Slutt .


1-10 of 12