Arkiv.Memoar.no

lagt inn 1. sep. 2016, 22:04 av Bjørn Enes
12/12-15: Memoar lanserte mellombels arkivløysing:

Trass i at mange såg ut til å støtte tanken om å bygge ut lokale og nasjonale arkiv til å kunne forvalte og fomidle munnlege forteljingar i videoformat, såg det ikkje ut til å vere noko slik utvikling i emning. 
  • Lokalt var det interesse for dette i Bergen Byarkiv.  Men dei vurderte kostnadane med videolagring som så store at ein lokal server som både kunne vere lagrings- og delingsmedium, måtte vere eit framtidsprosjekt. Dei ville gjerne ta imot ferdige prosjektarkiv til digitalt sikringsmagasin. slike kurkiv kunne omfatte både video, dokumentasjon i form av tekstar og emneord, og eventuelt tillegsmateriale i form av foto, artiklar etc. (Sjå referat frå siste samtalar med Byarkivet
  • På nasjonalt plan var det fyrst og fremst Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet som hadde vist interesse og handlekraft i dette sprøsmålet. Dei arbeidde for å få etablert ein pilot på ein minnebase i 2016. (sjå referat frå møte med Folkemuseet og KulturIT)
Men Memoar trengde ein stad å arkivere munnlege forteljingar alt no. Talet på ferdig dokumenterte opptak steig, og det var til aukande bekymring at dei berre fanst på private harddiskar utanom dei kopiane som låg på Vimeo. Eit lynnedslag i Bergen kunne gjere kål på alt arbeidet som var gjort! 

Derfor arbeidde me fram ei løysing som kunne vere økonomisk overkommeleg i eim mellomperiode fram til ei offentleg løysing er på plass. I beste fall ville den også synleggjere moglege løysingar både for organisering og kostnadsrammer for ein framtidig nasjonal minnebase. .Me presenterte løysinga i denne presentasjonen:

Mellombels arkivløysing:


Comments