Prosjektutvikling

Heilt frå starten har Memoar tatt initiativ til samarbeid om tematiske innsamlingar av munnlege forteljingar. 
Planar og framdrift i dei ulike prosjekta kan du lese om på organisasjonssida - Memoar.org. 
Her presenterer me tematisk oversyn over forteljingane knytta til desse ulike tematiske innsamlingane. 

Her er lista over temasider som er publiserte: 

Arkiv.Memoar.no

lagt inn 1. sep. 2016, 22:04 av Bjørn Enes

12/12-15: Memoar lanserte mellombels arkivløysing:

Trass i at mange såg ut til å støtte tanken om å bygge ut lokale og nasjonale arkiv til å kunne forvalte og fomidle munnlege forteljingar i videoformat, såg det ikkje ut til å vere noko slik utvikling i emning. 
  • Lokalt var det interesse for dette i Bergen Byarkiv.  Men dei vurderte kostnadane med videolagring som så store at ein lokal server som både kunne vere lagrings- og delingsmedium, måtte vere eit framtidsprosjekt. Dei ville gjerne ta imot ferdige prosjektarkiv til digitalt sikringsmagasin. slike kurkiv kunne omfatte både video, dokumentasjon i form av tekstar og emneord, og eventuelt tillegsmateriale i form av foto, artiklar etc. (Sjå referat frå siste samtalar med Byarkivet
  • På nasjonalt plan var det fyrst og fremst Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet som hadde vist interesse og handlekraft i dette sprøsmålet. Dei arbeidde for å få etablert ein pilot på ein minnebase i 2016. (sjå referat frå møte med Folkemuseet og KulturIT)
Men Memoar trengde ein stad å arkivere munnlege forteljingar alt no. Talet på ferdig dokumenterte opptak steig, og det var til aukande bekymring at dei berre fanst på private harddiskar utanom dei kopiane som låg på Vimeo. Eit lynnedslag i Bergen kunne gjere kål på alt arbeidet som var gjort! 

Derfor arbeidde me fram ei løysing som kunne vere økonomisk overkommeleg i eim mellomperiode fram til ei offentleg løysing er på plass. I beste fall ville den også synleggjere moglege løysingar både for organisering og kostnadsrammer for ein framtidig nasjonal minnebase. .Me presenterte løysinga i denne presentasjonen:

Mellombels arkivløysing:


Krigsminne 1939 - 45

lagt inn 1. sep. 2016, 00:14 av Bjørn Enes   [ oppdatert 26. jul. 2017, 04:48 ]

Prosjekt Krigsminne.Memoar.no er eit dugnadsprosjekt i oppstartfasen hausten 2016. 
Les meir om korleis du kan ta del i dugnadsarbeidet på nettsida Dugnad,Memoar.no 



Krigsminne - av Nils Audun M. Vassenden



I dette opptaket frå 17. februar 2016 fortel Nils Audun Mugaas Vassenden om oppveksten sin i Klokkarvik på Sotra, og korleis han opplevde krigen som barn. 

Bygda var strategisk plassert ved innseglinga til Bergen. Far hans var lensmann og "jøssing" med nre kontaktar til motstandsrørsla og Nordsjøtrafikken. 

Unge Nils Audun var augevitne til ei rekke krigshandlingar både i april 1940 og de fem åra som fylgde. Han er ein god forteljar. 

Opptaket er to timar langt, men utstyrt med tekstfelt som gjer det enkelt å spole i. Alle tekstane finst på nettsida http://Vassenden.Krigsminne.Memoar.no

Intervjuar er Bjørn Enes    










Fridtof Apelthun:

Dette opptaket er gjort i 1998 av Jn Eidi og Jostein Saakvitne i prosjeiktet Norgesdokumentasjon. 

Fridtjof Apeltun (f.1922) vokste opp i Fjell på Sotra med fire søstre. Kristendom og politikk preget barndommen. I opptaket forteller han om tida under krigen da han var i marinens flyvåpen og stasjonert i London, på Island og Shetland. Han forteller også om etterktigstida og vanskelige rivninger mellom de ulike grupperingene som ble dannet under krigen - hjemmefront, utefront og tysklandsfangene. 

Religion var viktig for Apelthun, og han forteller om hvordan han ble læstadianer. 

Hele den oprinnelige dokumentasjonsteksten fra Norgesdokumentasjon er publisert på Apelthuns side Fridtjhof.Apelthun.Memoar.no 



Birgitta og Gabriel Nordanger

Dette intervjuet er eit av dei opptaka som vart gjort i prosjektet "Norgesdokumentasjon" i åra 1997-2000. 

Birgitta og Gabriel Nordanger vart intervjua heime av Jan Eidi og Oddvar Foss. I opptaket fortel dei om barndomsår og ungdomstid i dåverande Hordabø Kommune i Nordhordland (no: Radøy). 

Dei fortel om krigsåra, om russerfangeleiren  på Fossøy og om tyskerarbeid som Gabriel såg seg nøydd til å ta del i - sjølv om han fortel at han skjemdest, både den gong og no. 

Då lærarinna kom og fortalde at krigen var slutt, brukte Gabriel av dynamitten han hadde stole frå tyskarane til å lage fredssallutt.

Sjå meir om innhaldet i intervjuet på deiara eiga side - http://Birgitta-Gabriel.Nordanger.Memoar.no 

Kursutvikling

lagt inn 6. jun. 2016, 03:18 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. nov. 2016, 02:19 ]

http://kurs.memoar.no
OBS: Dette er prosjektsida - om framdrifta i kursutviklingsprosjektet.

Kursmateriellet finn du her:  Kurs.Memoar.no

Prosjektframdrift:

Heilt sidan starten har Memoar prioritert utviklinga av gode kurs for nye og erfarne minnesamlarar. 

Den fyrste kursplanen var ferdig hausten 2015, men av ulike grunnar drygde det heilt til mai 2016 før det fyrste formelle kurset kom i gang. 

I mai 2015 fekk Memoar støtte både frå Kulturrådet og frå Bergen Kommune til å utvikle ein mal for kurs om minnesamling med video.  Kurset skal kunne brukast både av profesjonelle (museumstilsette, historikarar, kulturvitskapsfolk etc) og andre (frivillige i Memoar, slektsgranskarar, lokalhitorikarar, forfattarar etc)

Arbeidet starta med ei studiereise til Storbritania med besøk til British Library/Oral History Collection, samtalar med tre kontaktpersonar i Oral History Society og deltaking på eit av organisasjonen sine introduksjonskurs

I samband med det fyrste pilotkurset som vart gjennomført i Bergen i mai og juni 2016, vart det utvikla eit enkelt E-læringsprogram som besto av ei nettside med presentasjonar og peikarar til bakgrunnsstoff. Tanken er at denne nettsida skal utviklast vidare gjennom prosjektet slik at den vert eit stadig betre læremiddel for alle som ynskjer å blir dyktige minnesasmlarar. 


Framdrift - kursutvikling:

  • Resten av arbeidet som skal gjerast hausten 2016 framgår av prosjektskildinga

    Framdrifta vidare vert rapportert nedanfor. 

    Direkte adresse til denne sida er  Kursutvikling.Memoar.no 

  • 2/1-2017: Rapport til Kulturrådet levert Memoar skal nok aldri slutta å vidareutvikla kursverksemda vår. Men i dag har me passert ein milepåle: Me har sendt sluttrapport til Kulturrådet for utviklingsprosjektet dei har støtta i 2016 ...
    Lagt inn 2. jan. 2017, 00:16 av Bjørn Enes
  • 28-29/11 2016: Studiereise til Cork Folklore Project I dagane 28. og 29. november 2016 gjennomførte Line Esborg (Folkeminnesamlinga), Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking) og Bjørn Enes (Memoar) eit besøk hos Cork Folklore Project (CFK). Hovudformålet var å ...
    Lagt inn 28. des. 2016, 06:49 av Bjørn Enes
  • 17/11-16: To dagskurs og tre "lynkurs" gjennomført i Bergen Munnleg historie med teiknspråk og døvetolking er eit av dei mest spennande planane som er komen ut av ein travel haustsesong med utprøving av kursvariantar saman med Bergen Bibliotek.  Camilla ...
    Lagt inn 18. nov. 2016, 02:39 av Bjørn Enes
  • 2/10-16: Rapport for fyrste del av kursutviklinga avlevert Den fyrste oktober leverte Memoar inn rapport til Bergen Kommune for fyrste del av kursutviklingsprosjektet (kursutvikling.memor.no). Heile rapporten kan lesast i Memoar sitt dokumentarkiv.Den er også publisert ...
    Lagt inn 2. okt. 2016, 22:08 av Bjørn Enes
  • 27/9-16: Studiereise til Cork bestemt I dagane 29 og 30 november skal Bjørn Enes (Memoar), Line Esborg (Folkeminnesamlinga) og Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking) besøke Cork Folklore Project for å studere korleis dei involverer og ...
    Lagt inn 27. sep. 2016, 23:14 av Bjørn Enes
  • 3. sept: Oppsummering av workshop - vidare planar: Eit nettverk for minnekultur og munnleg historie er etablert. "Grunnfilosofien" for eit standardkurs om samling. dokumentasjon, arkivering og formidling av minne og munnleg historie er skissert.  Og på det grunnlaget ...
    Lagt inn 3. sep. 2016, 04:32 av Bjørn Enes
  • Aug. 2016: Workshop August 2016: Workshop 1Fyrste led i utviklingsplanen var ein workshop med personar som har engasjert seg i innsamling, dokumentasjon, bruk eller formidling av munnlege kjelder  Workshop'en skal gjennomførast ...
    Lagt inn 2. sep. 2016, 08:47 av Bjørn Enes
  • Juni 2016: Pilotkurs i Bergen Memoar har prosjektleiaransvar for å utvikle eit minnesamlarkurs for både profesjonelle og amatørar i løpet av 2016. (Sjå prosjektskildring her)Fyrste del av dette utviklingsarbeide var  ei pilotgruppe i Bergen ...
    Lagt inn 2. sep. 2016, 00:25 av Bjørn Enes
  • Mars 2016: Utviklingsprosjekt I begynnelsen av mars 2016 hadde Memoar klar ein plan for å utvikla og prøva ut eit kurs om innsamling og dokumentasjon av munnleg kjeldemateriale. Den 18. mai 2016 fekk ...
    Lagt inn 2. sep. 2016, 00:22 av Bjørn Enes
  • jan. 2016: Dagskurs i Kristiansand Utviklinga av kurset starta hausten 2015, som ein del av memoar sitt industriprosjekt - Industri.Memoar.no. Tanken var at både nybegynnarar og erfarne, profesjonelle minnesamlarar skulle finne nyttige tips og ...
    Lagt inn 2. sep. 2016, 00:20 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 10 av 12. Vis mer »


Bergen.Memoar.no

lagt inn 22. feb. 2016, 03:43 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. sep. 2016, 00:54 ]

Ella Rafto - Del 1:

Ella Rafto fyller hundre år i november 2016. I mai og juni fortalde ho livshistoria si til to intervjuaraqr frå Memoar. Ho fortalde om 
 barndom og ungdomstid på Møhlenpris i Bergen. Ho hugsar svært godt frå barndomen sin - leikar, songleikar, leikeområde, dei ulike gatene og markene på Møhlenpris, skuletida, Puddefjordsferjene, trikken, tilhøvet mellom gutar og jenter og ikkje minst sommarferiane på landet. 
Ho tok handelsskulen og tok til å arbeide, fyrst på kontoret til Nilssen & søn som dreiv engroshandel med fiskeriutstyr i Sandviken, seinare på advokatkontor i sentrum. 
Då krigen kom, vart ho med i arbeidet med å distribuere illegale aviser. Ho vart avslørt, arrestert, forhøyrd - og sat det siste krigsåret fanga på Grini. Denne fyrste delen av intervjuet vart gjort på Konow senter i Bergen den 31. mai 2015. Intervjuarar var Bjørn Enes og Ada Freng frå Memoar.

Direkte adresse til Ella Rafto si nettside heiter http://Ella.Rafto.Memoar.no


Synnøve Rasmussen


Synnøve Rasmussen vart fødd på Nygård, men hadde heile oppveksten, ungdomsår og store deler av vaksenlivet på Møhlenpris. "Men me budde berre i ei gate," fortel ho mellom mykje anna. Ho var sjeldan utanfor Welhavensgate, og nesten aldri i andre bydeler. Ho fortel om faren som vart arbeidslaus på grunn av jødeforfylgjingane, kom på tvangsarbeid på tyskarane sin ubåtbunker og kom heim med vakre ting laga av russiske fangar som han arbeidde saman med. Ho fortel om skulegangen under krigen, leikane, butikkane, alt det eventyrlege som hende på idrettsbanen - ikkje minst Sonja Henie og Norma Balean - om forskjellar mellom folk, om språket og oppdragarsyn og om fine damer på Møhlenpris. 

Intervjuar er Ada Freng. Opptaket er gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 23. august 2016.

Direkte nettadresse til hennar side er http://synnove.rasmussen.memoar.no



Tom Larsen

Striladans:




Tom Larsen om STRILEDANS OG BYDANS på 60/70-tallet
Jostein Saakvitne i samtale med Tom Larsen om hans unge dager i Bergen på 60/70-tallet. Tom gir en livfull beskrivelse om fenomenet striledans og hvordan musikk- og danselivet var i byn i disse tiårene. Jenter med brødskalk i håret og sjenerte gutter med brylcreme og tynne slips. Mye danseglede, og et yrende lokalt musikkliv.

Opptaket er ein del av samlinga Http://Motkultur.Memoar.no







Krigsminne - av Nils Audun M. Vassenden



I dette opptaket frå 17. februar 2016 fortel Nils Audun Mugaas Vassenden om oppveksten sin i Klokkarvik på Sotra, og korleis han opplevde krigen som barn. 

Bygda var strategisk plassert ved innseglinga til Bergen. Far hans var lensmann og "jøssing" med nre kontaktar til motstandsrørsla og Nordsjøtrafikken. 

Unge Nils Audun var augevitne til ei rekke krigshandlingar både i april 1940 og de fem åra som fylgde. Han er ein god forteljar. 

Opptaket er to timar langt, men utstyrt med tekstfelt som gjer det enkelt å spole i. Alle tekstane finst på nettsida http://Vassenden.Krigsminne.Memoar.no

Intervjuar er Bjørn Enes    








 

Lars Ole Hafsmo


Lars Ole Hafsmo har levd med musikk sidan han låg i mors liv, seier han. Men musikar vart han aldri. Han karakteriserar kvaliteten på eige gitarspel og visekunst som middels. Men likevel har musikken både gitt han levebrød og livsinnhald. 

Denne refleksjonen om musikk var det fyrste opptaket som vart gjort i Bergen Bibliotek sitt nye intervjustudio for mineopptak om levd liv - og det er såleis eit rett historisk opptak. 

Det innleier serien "Bergensminner". 

Intervjuar er Bjørn Enes

Sjå meir av han på LarsOleHafsmo.Memoar.no






Kaj Skagen:

Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå den 19/10 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Kaj Skagen fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70 og 80-tal. Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. "Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg".

Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det. Du finn alle mellomtitlane her: Http://KajSkagen.Memoar.no 




Embed gadget

Hausten 2015 tok Memoar også initiativ til prosjektet Motkultur.Memoar.no. Det er eit prosjekt for å dokumentere norsk motkultur på 1960-, 70- og 80-tal gjennom munnlege minneopptak og gjennom å samle og republisere trykksaker frå den gong. Les meir i prosjektweb'en Motkultur.Memoar.no 

I dette fyrste opptaket samtalar Arild Wærness og Jostein Saakvitne  om norsk fandom i 1970- og -80åra. 

Stikkord for samtalen: 

Fanziner - og teknikkane for å mangfaldiggjere tekstar og bilete i stensilmaskinane si tid. 

Cons - Norcon, Swecon, Gøtacon og Worldcon. 

Kven som var med - kva det vart av dei seinare. 

Kva dei skreivom 

- og kva dei krangla om. 

Mot slutten av samtalen vert dei to samde om å starte prosjektet Motkultur.Memoar.no






Gunn marit Sæbø Meyer:

Gunn Marit Sæbø Meyer: 
Sakprosaforfattar, tidlegare lærar frå Bergen. 

Dette var den fyrste munnlege forteljinga som vart laga i Bergen Bibliotek sitt Studio 1. Opptaket er frå 27. juni 2015 - lenge før studio var oppgradert. Meyer fortel ho om to tanter som døydde i tuberkulosen på slutten av 1930-talet. Herborg vart lagt inn på Luster Sanatorium 14 år gamal i 1937, og vart send heim for å døy etter knapt to år. Systera Marit var sjuk i knappe to veker, kort etter at Herborg hadde reist. marit var åtte då ho døydde. "Tagnaden har alltid fylgd tuberkolosen", seier ho mellom anna i intervjuet. 

Intervjuar er Bjørn Enes, syskenbarnet hennar. 

Minneopptak på Sjøfartsmuseet

lagt inn 10. des. 2015, 07:33 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. jun. 2016, 04:35 ]

Minneopptak på Sjøfartsmuseet ein sundag kvar månad:  

Memoar gjer minneopptak kl. 13 ein sundag kvar månad heile vinteren 2015-2016. Publikum er velkomne til å vere til stade. 
Normalt vil det vere ein forteljar kvar gong, og kvart opptak vil vere mellom 45 og 90 minutt langt. 
Etter opptak vert opptaka gjennomgått, dokumentert, utstyrt med mellomtitlar og så publisert med passord. Det er forteljaren som bestemmer om og når passordet skal fjernast.  Opptaka vert mellombels arkiverte i eit prosjektarkiv, og heile prosjektarkiv vert avlevert Norsk etnologisk gransking seinast ved årsskiftet 2016/17. Når Bergen Byarkiv får på plass infrastruktur til å ta imot denne typen minnesamling, vil materuialet også bli avlevert der. 

 
Biletet: Frå opptaket med Pål "Pablo" Strand  den 17. januar 2016. 

Dei neste minneopptaka i museet skal gjerast på desse datoane: 

8. mai og 13. juni - alle dagar kl. 13 - ca 14:30

Det skal også gjerast studioopptak utan publikum. 

Ynskjer du å fortelje? Ta kontakt med Bjørn Enes i Memoar eller Bård Gram Økland på Bergens Sjøfartsmuseum.


Sundag 12. juni kl 13:   


Siste intervjuopptak før ferien var sundag 12. juni kl. 13. 
Sigurd Skagen - om Amerikalinjen m.m.

Etter Skipperskulen i 1961, mønstra Siggurd Skagen på Den norske amerikalinjen. 

Med nokre få års avbrekk, var han med gjennom heile "solnedgangsperioden" i i det som ein gong vel var landet sitt fremste skipsfartseventyr. 


Samtalen tok til sundag 8. mai kl 13 og heldt fram i tett på to timar. 

Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar. Samtalen vart filma for å bevarast for ettertida og eventuelt publiserast på internett. 


I alt er det gjort 12 minneopptak på Sjøfartsmuseet i Bergen i perioden oktober 2015 - juni 2016. 


Så langt er ni av dei publiserte på Memoar.no. 

Før sommarferien vil styringskomiteen for prosjektet avgjere om intervjuserien skal halde fram hausten 2016. 


Sjå alle publiserte opptak på Sjofart.Memoar.no

Sjøfart.Memoar.no

lagt inn 16. okt. 2015, 23:41 av Bjørn Enes   [ oppdatert 13. okt. 2016, 08:39 ]

Sundag 21. februar:

Planlagte datoar for minneopptak framover: 

Sundag 16. okt::Det vert difor ikkje opptak med publikum 16/10 - 

Opptak er denne gongen gjort i studio).

Sundag 13. nov.

Sundag 11. des.

Sundag 22. jan.

Sundag 19. feb.

Sundag 19. mars

Sundag 23. apr.:

Sundag 14. mai 

Sundag 11. juni

(Sjøfartsprosjektet har ein eigen prosjektweb med prosjektskildring, meldingar til involverte etc. 
Den er open for innsyn for alle interesserte. Adressa er Http://Sjofartsminner.Memoar.org)

I oktober 2015 tok Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum til å samle inn munnlege forteljingar frå norske sjøfolk.  Dette er viktig kulturarv. Det er verdfiult dokumentasjonsarbeid for framtidige forskarar, kunstnarar - og etterkomarar. Det er ein botnstokk i den norske identiteten. Og ikkje minst: Minnedeling er rike kulturopplevingar, både i godt lag og gjennom sosiale media. 

I november etablerte me innsamlinga av sjøfartsminner som eit prosjekt med eigne prosjektsider - sjå meir om prosjektet på adressa inviterar me ABM-institusjonar, sjømanns- og skipperforeiningar, reiarlag og investorar med på samarbeid.  Dette er nokre smakebitar frå starten:





Promo - minnesamling om sjøfart:

 



Minneopptaka er forteljaren sin eigendom. Kvar forteljar vert oppmoda om å dele (publisere) forteljingane sine. Etter kvart som dei gjer det, vil forteljingane bli publiserte her. Memoar lagar også ei eiga side for kvar forteljar, der dei kan legge mer innhald, fleire opptak, fotografi, artiklar etc, 

Adressa til desse sidene står som "Les meir" under kvar video. 

Ta gjerne kontakt for å avtale minneopptak: Post@memoar.no   

Ver OBS på at også Folkemuseet/Norsk etnologisk gransking samlar minnetekstar frå sjøfolk - sjå  Folkemuseet sine sider.  








Delte forteljingar (dei nyaste fyrst):

Sigurd Skagen:

Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han bytta til hyre på dekk, på MS "Taranger"  (Westfal-Larsen). Fyrste reise gjekk i Interocean Line, Europa og begge kystane i statane. 

Store deler av Skagen si forteljing handlar om den Norske Amerikalinja - den kongelege norske Amerikalinja. Han har både ris og ros å minnast om sitt gamle rederi. han begynte der like før nedgangstidene vart bratte, då flytrafikken tok over passasjerane, NAL gjekk over til cruisetrafikk og etter kvart vart det heilt slutt. 

Opptaket vart gjort på Bergens Sjøfartsmuseum den 12. juni 2016. Intervjuar var Bjørn Enes. Les meir om forteljinga hans er: Sigurd.Skagen.Memoar.no 


Olav Vindedal:

Olav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til topps, gjennom katastrofen i 1975 og fram til slutten. 

Dette opptaket er frå Bergens Sjøfartsmuseum 8. mai 2016. Det inneheld barndomsminne frå krigsåra, litt om arbeidet som telegrafist, ein god om hans arbeid på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten, om arbeid med kunstsamlinga saman med Reksten mot slutten av hans liv, og om berginga av Statsråd Lemkuhl. 

Sjå nettsida Vindedal.Memoar.no for meir detaljar om opptaket. Intervjuar er Bjørn Enes



Det mest dramatiske i Myklebust si forteljing må vere kollisjonen då hans båt, MS "Jalanta" (Anders Jahre) vart delt i to av cruisedamparen "Constitution" i tett tåke i East River, New York, den 1.mars 1959. 

Elles manglar det ikkje på hendingar - frå sjukeavmønstring i Belgisk Kongo, arrestasjon i Japan, redningsoperasjon under tyfon i Stillehavet, ein periode på bommen i New York - og revolusjon i Havana. 

Han fortel om Sjøgutlinja på Framhaldsskulen i Bergen, skuleskipet "Gann", "Liberty-båtar" ("C4-båtar") - og familietradisjonar i ei slekt der alle var sjøfolk.

Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 10. april 2016. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar.

Kortadresse til denne sida er http://GJ.Myklebust.Memoar.no 


Ludvig Myrland:



I dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som 15åring på eit skip fullt av "pakk" - og fyrste tur med eit gammalt, men normalt skip - til Leningrfad i 1953.

Opptaket vart  gjort i Bergen Sjøfartsmuseum den 3. mars 2016. Intervjuar er Bjørn Enes.

Direkte adresse til Ludvig Myrland sine forteljingar er:  http://myrland.memoar.no








Paal Strand:

Paal Strand "Pablo"reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjerederiet Askøy Bergen, noverande Fjord Line. Han fekk verkeleggjort gutedraumen om å sjå verda. Men han fekk og innsyn i dei mørke sidene ved sjømannslivet - ikkje minst kva slag arr som tyske torpedoar hadde brent inn i sinnet til skipskameratar som hadde vore krigsseglarar.

Sjå meir om han og full dokumentasjon av intervjuet på sida hans : Http://PaalStrand.Memoar.no


Nils Audun Mugaas Vassenden

Nils Audun Mugaas Vassenden  fortel om tida på skuleskipet Statsraad Lemkuhl i 1947. 

Han held fram med å fortelje om fyrstereisa si på Ditlef Simonsen sin lastebåt MS "Skagerrak" ifrå hausten 1947 til hausten 1949. Ein stor del av mannskapet var tidlegare krigsseglarar, og han fortel om kor dårleg dei vart behandla i land etter krigen - og om mareritt og torpedonerver ombord. 

Fyrste reis gjekk på Austen og SørAmerika. 

Han fortel også om interessante år i Marinen på 1950-talet. Etter 1961 har han arbeidd i sjøforsikring og sjørett. 

Les meir på  vassenden.memoar.no





Embed gadget

Sundag 15. november var forteljaren på Sjøfartsmuseet Ole Christian Næss. Han reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968, og kom midt opp i den store rasjonaliseringsprosessen i handelsflåten.  Etter seks år i utenriksfart gjekk han over i offshore. Det var vanskeleg å få sjøfolk til dei nye boreriggane, fortalde han. Rederioet tok mot han med opne armar når han melde seg frivillig. Han var mellom anna med på jomfruturen til "Treasure Hunter" - ein av dei fyrste H3.riggane som vart bygde på Nylands Mekaniske. Den var nær ved å forlise ved Drøbak på jolekvelden 1975.
Fyrste del av hans forteljing vart publisert 10. desember 2015. Sjå dokumentasjon på hans side Http://OleChristianNaess.Memoar.no 


Per Gustav Steimler

Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter,  juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for å kome med MS "Estrella" (10.000 tdw) som gjekk i linjetrafikk for Bergenske Dampskipsselskap på SørAmerika. Fyrste turen hans var 22 mnd lang - han rakk å gå gradene frå dekksgutt via jungmann til lettmatros før han kom heim på tre vekers ferie våren 1964. Neste tur vart 14 mnd lang - og då hadde han akkurat fartstid nok til å begynne på Styrmannsskolen, berre 19 år gammal. I dag er han pensjonist på papiret - men i praksis skadestadsleiar og konsulent innan oljevern.  

Minneopptaket med han vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 18. oktober 2015, med publikum til stade. Intervjuar var Bjørn Enes.




Håkon Drange


Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før han kom ut. I mai 1947 mønstra han på damptankaren "Tiger" som då låg i dokk i Fredrikstad for å lappe kulehol frå krigen og byggast om frå kolfyr til oljefyrt kjele. Så gjekk det ikkje betre enn at oljetanken eksploderte - og fyrstereisa begynte med tre månader i dokk på Akers Mekaniske - dokka finst enno, som småbåthamn på Aker Brygge....

Det er litt mykje bakgrunnslyd på dette minneopptaket - Håkon Drange melde seg spontant til å fortelje etter den "offisielle delen" av eit minneopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015. Det er dette publikumet me høyrer i bakgrunnen på opptaket. Intervjuar var  Bjørn Enes 





Audun Olsen


Audun Trygve Olsen er pensjonert sjømann. Han reiste ut fyrste gong som dekksgut i 1967. Han var då 18 år gamal, båten heitte MT"Vinga" - ein solventtankar frå Mowinkel rederi i Bergen. 

I opptaket som vart gjort med han på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015, skryt ikkje akkurat av fyrstereisa: Etter litt fram og attende langs Italiakysten bar det over til Mexicogulfen der han stort sett opplevde "grøftehol på amerikansk strilaland".

Intervjuar var Bjørn Enes 




Bjørn Haave



Bjørn Haave er sjømann fra Tønsberg. Faren og flere i familien var hvalfangere, men det frista ikke unge Bjørn. Alt da han var ti år gamal bestemte han seg for å dra til sjøs - og sommeren 1964 ble det alvor. Første reis var 18 månader. Han kom på som messegut, men "avanserte" til dekksgut før turen var slutt. 

Den 8/10-2015 fortalte Bjørn Haave fra sjømannslivet sitt i et opptak med Bjørn Enes. Opptaket er en time og 35 minutt langt, og inneholder fortellinger og refleksjoner fra hele yrkeslivet fram til pensjonsalder i 2010. 










Folkemuseet samlar minnetekstar frå sjøfolk:

http://www.norskfolkemuseum.no/no/Forskning/Norsk-etnologisk-gransking/Alle-undersokelser/Sjofolk/


Les meir hos Folkemuseet

Motkultur.Memoar.no

lagt inn 20. sep. 2015, 00:23 av Bjørn Enes   [ oppdatert 15. mar. 2016, 05:37 ]

http:fandom.memoar.org
Fandom.memoar.no er eit initiativ for å dokumentere norsk fandom. Omgrepet dekkjer ein subkultur som oppsto etter sterke impulsar fyrst og fremst frå USA på 1960-talet. Utgangspunktet var fascinasjonen for nye framtdsscenarier, slik den nye science fiction-litteraturen opna for. 

Initiativet til å starte dokumentasjonsarbeidet var teke hausten 2015 av to veteranar frå det fanniske miljøet på Vestlandet - Jostein Saakvitne og Arild Værness. 

Dei kan kontaktas på epostadressa fandom@memoar.no

Les meir på bloggen Motkultur70.blogspot.com

Fylgj prosjektutviklinga  på prosjektweb'en







Tom Larsen om STRILEDANS OG BYDANS på 60/70-tallet

Tom Larsen om striladans:

Jostein Saakvitne i samtale med Tom Larsen om hans unge dager i Bergen på 60/70-tallet. Tom gir en livfull beskrivelse om fenomenet striledans og hvordan musikk- og danselivet var i byn i disse tiårene. Jenter med brødskalk i håret og sjenerte gutter med brylcreme og tynne slips. Mye danseglede, og et yrende lokalt musikkliv.

Intervjuar: Jostein Saakvitne 
Foto: Lars Ole Hafsmo 

Opptaket er gjort i mars 2016. 







Kaj Skagen


Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. 

I dette opptaket frå den 19/10 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Kaj Skagen fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70 og 80-tal. 

Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. 

"Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg", seier han.

Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det. sjå Http://KajSkagen.Memoar.no 



Samtale om norsk fandom 1970



Kafédrivarteikneserieskaparforlagssjef, festivalgründer, -   ein kan velgje mange titlar for å presentere Arild Wærness. 

Han har røtene på Stord, har farta over det meste - og bur i Bergen. 

Hausten 2015 sette han seg ned for å mimre over ein liten del av historia si saman med ungdomskameraten Jostein Saakvitne. Saman laga dei "sam-forteljinga" om norsk fandom på 1970 og -80talet. 

Medan kamera gjekk, bestemte dei seg for å starte ein innsamlings- og publiseringsprosjekt for å publisere gamle fanziner frå subkulturen av science-fiction-tilhengjarar på 60- og 70-talet. 


Industri.Memoar.no

lagt inn 20. sep. 2015, 00:05 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. okt. 2016, 01:09 ]



I perioden oktober 2015 - februar 2016 gjennomførte  Memoar, Norsk etnologisk gransking, fagforbundet Industri Energi og Nikkelverkets Arbeiderforening forprosjektet "Vendepunkt 1975". Forprosjektet forsøkte ut samarbeid med lokal fagforeining om å gjere opptak av munnlege forteljingar om endringar i industrien i åra rundt 1975, det året då hundre år nesten samanhengande vekst i industrisysselsetjinga brått snudde til nedgang. Meininga var å førebu eit større hovudprosjekt for å samle munnleg kjeldemateriale om endringane i norsk industri og samfunnsliv. Forprosjektet vart avrunda med eit ope "minnemøte"  i Kristiansand 25. Februar 2016. 
(Industriprosjektet har ein eigen prosjektweb med prosjektskildring, meldingar til involverte etc. 
Den er open for innsyn for alle interesserte. Adressa er Http://Vendepunkt1975.Memoar.org)

Munnlege kjelder: 

https://sites.google.com/a/memoar.org/memoar/tema/arbeidsminner/SluttrapportFramside.jpg
Prosjektet (prosjektskildringa kan lesast her) har laga 10 minneopptak med personar som var aktive på Nikkelverket i endringsåra ca 1965 - 1995. Kvart intervju er omlag ein time langt. Etter opptak er dei dokumenterte i den forstand at dei er utstyrt med "mellomtitlar" og ei emneordliste som gjer det enklare å bruke opptaka som kjeldemateriale. Etter kvart som dei har blitt ferdige, har dei blitt lasta opp til internett med passord. Det er så forteljaren som avgjer om passordet kan fjernast. 

Sluttrapport for forprosjektet vert avlevert 1. mars 2016. Deretter vert alt materiale avlevert til Norsk etnologisk gransking, Arbeiderbevegelsens arkiv, Statsarkivet i Kristiansand, Norsk Folkeminnesamling og Nasjonalbiblioteket. Fram til ein eller fleire av desse har stadfesta mottak og at materialet er tilgjengeleg der, vil Memoar bevare ein kopi.  Prosjekthistoria kan lesast på prosjektweb'en

Opptak frå avsluttingsmøtet vert publisert tidleg i mars 2016

Desse opptaka er publiserte: 
(Kvar forteljar har ei underside med emneord og litt tekst. Der det er passord må innsyn avtalast med forteljaren)

  • Erling Stensholt, ingeniør, seinare teknisk direktør og administrerande direktør, begynte i 1964
  • Olav Erik Sørensen, skiftarbeidar på våtsida, seinare dagarbeidar, seinare lagersjef, begynte i 1972. 
  • Torleif Odland, skiftarbeidar på tørrsida, seinare skiftarbeidar på våtsida, begynte i 1972
  • Øyvind Hushovdøkonom, seinare økonomidirektør, administrerande direktør og konsernsjef, begynte i 1974
  • Bjørg Bakken, dagarbeidar på våtsida, seinare vedlikehaldsarbeidar gummiering, seinare lagerarb., beg. 1974
  • Wiggo Svendsen, ingeniør, seinare vedlikehaldssjef, seinare peronalsjef, begynte i 1981 
  • Olav Støylen, forbundssekretær og seinare leiar av Norsk kjemisk industriarbeidarforbund



Kva skjedde på Nikkelverket i 1975? 
I desse dagar, når mange kjenner slik uro over framtida, er det på tide å stille spørsmålet om korleis notida eigentleg vart til. Midt i Kristiansand finst ein svært god "case" for den diskusjonen. 
Fyrst dei store tala: I 1975 snudde ei utvikling som hadde vore dominerande i meir enn hundre år. Veksten i norsk industrisysselsetjing vart til nedgang. No er det gått 40 år sidan den sumaren då vendepunktet inntraff, og i dag kan me sjå på statisikkane at det var noko mykje meir enn eit konjunkturskifte som skjedde. Men kva var det?
Sjølv hugsar eg det godt. Eg arbeidde på Falconbridge Nikkelverk og meinte at eg såg skrift på veggen. I august måtte alle ferieavløysarane slutte - det hadde aldri hendt før, fabrikken hadde alltid vore i mangel på folk. Eg meinte fagforeininga måtte bu seg på harde tider. No kan me leggje bemanningsstatistikken for Nikkelverket oppå den nasjonale og sjå at frå 1929 til i dag er kurvene så å seie heilt samanfallande.  Les meir i Bjørn Enes sin blogg 


Kåre Knudsen


Kåre Knudsen begynte som sveisea på dei gamle rosteovnane i 1960. Han har vore med på alle utviklingstrinna i mekanisk avdeling frå 1960 til godt ut på 2000-tallet, og har stort sett alltid likt seg godt. Men då UMS vart innført og tidsstudiane var på det mest intense, vurderte han sterkt om han skulle slutte. I dag ler han av kulturen den gong mange ingeniørar ikkje kunne snakke direkte til arbeidsfolk - og langt mindre høyre på kva dei måtte meine. 
Knutsen arbeidde lenge i ei av dei tverrfaglege prosjektgruppene som dreiv intens teknologiutvikling. Hans gruppe var bygd opp rundt "Petter Smart" - oppfinnaren Ottar Romslo. Mellom anna utvikla dei den fyrste strippemaskinen i Koppar-elektrolysen. 



Erlin Olav Stensholt:

Erling Olav Stensholt kom til Falconbridge som nyutdanna sivilingeniør i 1964, for å arbeide med eit SINTEF-prosjekt på dei gamle rostovnane. Eit drygt år seinare vart han tilsett direkte på Falconbridge, og med unntak av ein periode i Zambia (1968-71) og ein i Kanada (1971 -73) var han med i leiinga av den teknologiske utviklinga på Nikkelverket heilt til han gjekk ut av styret i 2005. Han var teknisk direktør frå 1978-1990, viseadministrerande direktør frå 1990 og adm. dir. frå 1995-2000.
Den store omlegginga til KLprosessen har vore ein hovudsak det meste av denne tida. i og for seg var teknologiane kjende, det var berre ingen som hadde gjort det i praksis før. Han trekk fram både metallurgi, prosess-, material- og datateknologi som viktige utviklingsområder, helse miljø og sikkerheit som viktige drivarar - og krisa i 1982 som drivar for skippertaket som førte nikkelverket over i ei ny tid.  

Direkte adresse er ErlingStensholt.Memoar.no 


Arne Johan Fine:


Arne Johan Finne begynte på Falconbridge Nikkelverk i 1967, etter fyrst å ha vore to år på sjøen (MS "Moslane", Mosvolds rederi). 

Han begynte i Kopparelektrolysen og blei verande på våtsida, i kopparen, cementasjonen og det som i dag vert kalla elektrolytrens. 

I omlag ti år var han heiltids tillitsvald, fyrst som tidsstudietillitsmann og seinare som miljøtillitsmann. Han arbeidde mykje med den såkalla Kreftsaken, både med å fjerne arbdsoperasjonar med mykje eksponering, og seinare med den store erstatingssaken. Han har representert Arbeidarforeininga i bedriftsforsamling og styre heilt sidan lov om Bedriftsdemokrati blei gjort gjeldande for Falconbridge.





Robert Alsaker:

Robert Alsaker begynte som 
rasjonaliseringsingeniør på Falconbridge i juli 1964. Året etter var han med på innføringa av det amerikanske vedlikehaldssystemet UMS (Universal Maintenance System), Det gjekk i hovudsak ut på å studere arbeidsoperasjonar, måle naudsynt tid og rekne ut grunnlag for arbeidsakkordar. 
Der var motstand mot systemet, og då den fyrste datamaskinen vart skaffa i administrasjonen, tok utviklinga av organisasjonen ei heilt anna retning: Fjerning av dobbeltkontrollar og dobbeltrapportering vart ein hovudsak. UMS vart avvikla. 
Dei to fyrste datamaskinane etablerte to ulike "datakulturar", fortel han: Ein rundt den fyrste driftsmaskinen "Nikkeline", og ein rundt den fyrste IBM360-maskinen i administrasjonen. Men begge førte til omfattande organisasjonsendringar og etter kvart nye måtar å tenkje på. Han brukar ordet "systemtenking" om den nye kulturen. 




Olav Erik Ssørensen:

Olav Erik Sørensen fekk dimme før tida av di han hadde fått jobb på Falconbridge i juni 1972. Der blei han verande arbeidslivet ut. Han vart skiftarbeidar - alltid på B-skiftet - på våtsida, og var frå fyrste dag involvert i utviklinga av det som skulle bli den nye klorluteprosessen. Då KLanlegget sto ferdig like før jul i 1974, var var han mellom dei fyrste skiftfolka som tok til å arbeide der. KL-prosessen starta som eit lite sidespor til hovudprosessen. Gjennom eit samanhgengande, intenst utviklingsarbeid dei neste 12 - 15 åra, tok den nye prosessen over meir og meir av sirkulasjonen, og i siste halparten av 1980-åra var den gamle Hybinetteprosessen historie.

I dette opptaket, som vart gjort heime hos han den 4/12 2015, fortel han både om den industrielle revolusjonen han var med på i produksjonen - og "etterpelet" som han opplevde i dei administrative avdelingane då han gjekk over til å arbeide på hovudlageret frå 1996.

Direkte adresse til has side: ErikSorensen.Memoar.no


Torleif Odland

Torleif Odland:

Torleif Odland hadde sin fyrste arbeidsdag i Smeltehytta på Falconbridge i 1972. 

Dei elleve neste åra var han innom så godt som alle driftsjobbane i hytta: Forherden, tappinga, anodebrekkinga, satsinga, stampinga, toppanlegget, kalsineringsovnen, slamrosten, slamrensen, sjølve køyringa av trearen og firaren og reduksjonsovenen ("Sputniken"). 

Han var med på siste tapping på firaren i 1977. Seinare flytta han over på våtsida, nærare bestemt på Klorluteanlegget der han var fram til pensjonsalder. Det har vore 38 år med evige endringar, seier han. Men det har blitt ein betre fabrikk, både helsemessig og når det gjeld innhaldet i arbeidet. Så - aldri så gale at det ikkje er godt for noko. 

Intervjuar er Børn Enes. Opptaket vart gjort heime hos han, 4/11 2015. (Odland bestemmer om passordet skal fjernast).


Direkte adresse er http://TorleifOdland.Memoar.no


Øyvind Hushovd:


Øyvind Hushovd kom rett frå Handelshøgskolen til rekneskapsavdelinga på Falconbridge i 1974. Han teiknar eit ganske dramatisk bilete av industrien sin situasjon på 1970-talet: Inflasjon, auka lønskostnader og kraftpris gjekk hardt ut over konkurransekrafta - noko måtte gjerast. Men då krisa slo til for alvor i 1982, var planane klare på Falconbridge. Ny teknologi gjorde det mogleg å redusere kostnadane med lågare bemanning og meir effektiv prosess. Føresetnaden var å dyrke fram ein flatare organisasjon der alle vart involvert - mellom anna i budsjettarbeidet. Hushovd meiner at resultatet vart vellukka: Norsk industrikompetanse er ein viktig del av forklaringa på det norske oljeeventyret.

Les meir på  Http://OyvindHushovd.Memoar.no 





Bjørg Bakken


Bjørg Bakken arbeidde i skoforretning i Markensgate då Falconbridge søkte etter kvinner i 1974. Det året var der omlag 1600 tilsette på verket, og Falconbridge hadde store problem med å få tak i nok folk. Ho begynte i Elektrolysen, der ho assisterte under testkøyring med den nye KLA-prosessen i Nikkel 9. 

To år seinare fekk ho tilbod om å begynne intern fagopplæring i gummieringsverkstaden. Med nokre avbrekk under dei urolege tidene på 1980-talet, vart ho på på gummieriengs- og PVC-verkstaden fram til ca 1997, då ho fekk tilbod om jobb på hovudlageret .

"Det er varmt mellom menneskane her" seier ho til spørsmålet om kvifor ho vart verande i 42 år.

Les meir på  BjorgBakken.Memoar.no




Wiggo Svendsen

Wiggo Svendsen begynte som sivilingeniør i Koboltraffineriet på Nikkelverket i 1980. Før det hadde han mellom anna arbeidd i ei lita familieverksemd som produserte stigar. Kulturskilnaden til det store, toppstyrte og lagdelte nikkelverket var slåande, fortel han. Alt i 1981 vart han leiar for eit stort endringsprosjekt ("Resultatutviklingsprosjektet"). Det tok i starten til med å endre haldningar i leiinga. Etter kvart vart fokus utvida til å endre heile oarganisasjonen. Mellom anna vart alle tilsette inviterte til todagars seminar på Buestad - ein eigedom som tidlegare berre vart nytta til representasjon. Wiggo hadde også nær kontakt med "cowboyen" Bill James - den konsernpresidenten som vart sett inn for å redde Falconbridge då heile konsenet sto på kanten av stupet i starten av 1980-åra.   

Les meir på WiggoSvendsen.Memoar.no 

 





Embed gadget


Olav Støylen arbeidde sjølv aldri på Falconbridge. Men frå 1974 var han den forbundssekretæren i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund (noverande Industri Energi) som hadde ansvar for avtalar og tvisteforhandlingar med Falconbridge.  Han kom frå Alnor på Karmøy, der han arbeidde frå starten i 1967. Han vart  seinare leiar av NKIF frå 1995 fram til samanslåinga med NOPEF og danninga av Industri Energi i 2006. 
I opptaket fortel han om brytningstidene på 70-talet, om rolla som sentral tillitsvald under dei store bedriftsnedleggingane på 80- og 90-talet, og om effektiviserings- og teknologiutvikling, energipolitikk og kompetanseutvikling. Han fortel også om motstand mot teknologi- og organisasjonsendringar og om spenningane mellom lokalt og sentralt ftillitsmannsarbeid. 

Les meir på  OlavStoylen.Memoar.no 






Prosjektpresentasjon på symposium i London, 14. mai 2016:

Turning point 1975 - presentation:



1-8 of 8