Prosjekt‎ > ‎Sund‎ > ‎

Anna Jorunn (Kleppe) Bjorøy

lagt inn 29. jun. 2017, 23:09 av Bjørn Enes   [ oppdatert 29. jun. 2017, 23:10 ]
Anna Jorunn Bjorøy vaks opp på Kleppe, i eit lite hus med to systre, foreldra, besteforeldra, onkel og tante. Jentene måtte bera klårvatn frå elva kvar dag, til folkje og til dyra. Dei haddee kyr, sauer, høns og ein hest. Hesten var rett nok mest på stas - han åt mykje og gjorde lite. Far var fiskar, som bestefar. Dei åt fisk til middag kvar einaste kvardag. Dei dei ikkje åt sjølve, leverte far eller bestefar på mottaket i Håkonsundet.  Mor stelte garden. Om vinteren var far vekke på fiskje mange månader. Det var koseleg å vera aleine med mo, men Annao var redd når det var mørkt. Ikkje for vanlege tussar og troll, men for Bakketenten. 
Det har vore ei kollosal utvikling i Anna Jorunn si tid: Dei fekk straum og elektrisk komfyr i 1951 eller 52, hennar fyrste symaskin fekk ho i 1964, vaskemaskin i 1967, kjøleskap og vassklosett like etterpå, sertifikat i 1972, oppvaskmaskin i 1978 og i 1982 gjekk ho på sitt fyrste datakurs.  I 1992 fekk ho modem. Ho gifta seg tidleg - då ho var 25 år hadde ho fem born. Saman med Odden flytta ho inn i nytt, stort, moderne hus med innlagt vatn og straum og heile 85 kvadratmeter buareal.  Det seier sitt om utviklinga at ho i dag lever aleine - i eit lite, koseleg hus på seg sjølv på 129 kvadrat... 

Intervjuopptaket vart gjort i Sund Folkeboksamling 24. mai 2017. Intervjuarar var Bjørn Enes og Bente Fosse. Dokumentasjonen er gjort av Bjørn Enes. 

Diirekte adresse til denne sida er Anna.Jorunn.Bjoroey.Memoar.no


Anna Jorunn Bjorøy


Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/221239155#t=0h37m54s ) 
 
00:00:00Presentasjon
00:29:00Eit firkanta bord i stovo er det fyrste eg kan hugsa. Me var åtte i huset
01:23:00Om bestemor: Ho sat i sengja og lærte meg å spøta
02:35:00Om bestefar: Han var fiskar Me fekk brus når han leverte i Håkonsundet
03:28:00Om fisket
04:14:00Bestefar song – og lærte oss gamle songar
05:45:00Det var vanleg å bu saman med besteforeldra
06:30:00Skrå – det var ikkje greit med dei som sputta i omnen
07:18:00Dei vaksne hadde det ikkje så travelt. Pappa fiska – mor stelte garden.
08:58:00Far dreiv aleine. Me åt fisk kvar dag.
10:20:00Me jentene måtte hjelpa i floren. Me vart sterke.

Hesten var mest til staa - åt mykje og gjorde lite
12:45:00Meir om fiskjet . Turka longa på berget . Lyr vart vanka og malt til fiskakaka
13:25:00Arbeidsfordelinga heime
14:25:00Variasjonar av fiskemiddagane - me hadde alltid løk og timian til, men elles lite grønnsaker
16:00:00Sundagsmiddagane - då var det kjøtkaker eller anna kjøt.
17:39:00Slaktedagen - blodet måtte rørast. Innmat. Henging . Turking og salting.
19:19:00Kjøtet vart lagra i tunner i kjedlaren . Der hadde me brunn og.
19:30:00Klåravatnet mẗte me henta i elva. Me måtte bera vatn kvar dag.
21:12:00Då bestefar døydde. Open kista , heime i stovo.Presten kom og hadde andakt
23:00:00Gravferdsdagen . Det var leigd ein buss for å koma til kyrkjes
25:30:00Det var veldig kjekt i gravferd.
26:30:00Livets gang vart naturleg. Seksualundervising var å leia kyrne til okse.
27:37:00Om vinteren drog pappa  på fiskje i mange månader
28:40:00Det vr triveleg å vera med mor, og der var ikkje utearbeid om vinteren.
29:45:00Me måtte læra oss å arbeida tidleg. Eg trur det vr sunt.
31:10:00Det var nok ikkje lett å koma som ny, ung kona i slike trongbudde hus
31:46:00Eg ordna meg på ein annan måte då eg vart gift. Me budde hos onkelen hans.
32:19:00Odden vart sint og flytta då ordføraren ville gi Bjorøy til Laksevåg
33:40:00Småskuletida
35:30:00Me hadde noke bøker heima - mest med gotisk skrift.
36:20:00Om kveldane: Me hadde ikkje straum. Det var mørkt og eg var livande redd
37:50:00Om Bakketenten - hjelparen til Julereia.
38:17:00Songen om Monsmålsnotta 13. Desember (den som no heiter Lucianatta)
40:30:00Vanlege tussar og troll - og julanissen som budde i Høylandsfjellet.
41:30:00Jolaftan: Det var kvardag fram til mammo hadde vore i floren.
42:50:00Me var aldri i kyrkjo - men me høyrde på klokkene frå Klokkarvik
43:50:00Det hende at det kom emmisærar med lysbilete frå Afrika
44:58:00I Klokkarvik var der bedehus - dei var komne litt lenger der
45:30:00Meir om jula - eg hugsar berre ein julepresang, ein raud lakkportemoné
46:50:00Juladagen var alt forbudt
48:30:00Folk fortalde historier
49:05:00Eg hugsar dei snakka om Einar Gerhardsen
49:47:00Læraren min var nok meir interessert i politikk enn i skule
51:13:00Stortrivdes i huspost i Åsane etter skulen
54:53:00Lærarane mine: Dei var litt finare folk enn andre, saman med presten, doktoren og lensmannen
56:38:00Alle måtte stå opp ved pulten og lesa utanatleksene- Katekisma var vanskeleg.
59:50:00Framhaldskulen. Læraren var berre 19 år. Han hadde oss i alle fag.
1:00:48:00Dei som var betre stilte gjekk på relskule i bydn.
1:01:32:00Meir om husposten: Fri annakvar helg og annankvar onsdag - Duesleppet
1:03:25:00Tente akkurat nok til å reisa heim når det var dans på ungdomshuset.
1:03:55:00Tannlegen - heile framhaldsskulen reiste til bydn for å gå til tannlegen.
1:04:45:00Om å treffa andre ungdomar
1:05:59:00Eg gifta meg då eg var 18. Eg kunne både vaska og koka.
1:07:10:00Romantikken - syster mi hdde truffe mannen sin. Han hdde ein bror
1:08:32:00"Du treng ikkje seia nokonting - dei snakkar sjølve heile tida"
1:09:39:00Dobbeltbrudlaup i juni 1963. Eg var gravid heile tida.
1:11:39:00Me bygde hus på Kleppe. Me gjorde det mesta sjølve.
1:12:08:00Eg var gravid heile tid – fekk ungar frå eg var 18 til eg var 25
1:13:19:00Huset var ferdig - stort hus på 80kvm for for 24:000 kroner
 1:14:06:00 Bestemor si brudlaupstale
1:15:50:00Dei som ikkje måtte gifta seg, fekk ikkje ungar.
1:16:29:00Odden - mannen - kjøpte traktor. Etter kvart vart han maskinentreprenør.
1:17:24:00Eg tok handelskulen - og i 1972 tok eg sertifikat. 
 1:18:05:00 Om å byggja i Sund 
1:19:27:00Vskemaskin fekk me i 1967,
1:21:24:00Før kjøleskapet lagde eg mykje pannekaker, for me kunne ikkje kasta mølka når ho vart sur
1:22:54:00Eg hugsar då me fekk komfyr i 1951 eller 52. Før det brukte me primus
1:23:50:00Oppvaskmaskin i 1978
1:24:38:00Symaskinen ca 1964
1:26:02:00Mammo var ein gong ute av landet - det var i 1986, i Danmrk.Men husmorferie to gonger.
1:27:01:00Ferie var for byfolk.
1:28:00:00Eg slutta å sy på 1980-talet. Då vart klede så billege.
1:30:10:00Mammo hadde symaskin - trømaskin - og vev.
1:31:27:00Lefsebaking
1:33:32:00Blåmjølk
1:34:38:00Oppskrift på lefse
1:37:05:00Kvnner skal ha rettar, men må ikkje vera fanatiske.
1:41:58:00Innlandskultur og kystkulur

Eg ville ha sertifikat – bilen sto jo berre på stas, nett som hesten!
1:46:00:00Eg gjkk datakus 1982
1:48:20:00Me kjøpeme modem i 1992
1:50:57:00Ei kolloal uvikling – frå eit stort familiehus på 85 kvadrat, til eit lite koseleg hus for meg sjølv på 129...
1:53:20:00Pensjonistlivet er sterkt undervurdert!
 1:56:00:00 Slutt
Comments