Prosjekt‎ > ‎

Sund

Johannes Høyland

lagt inn 18. jun. 2017, 01:56 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. jun. 2017, 11:18 ]

Johannes Høyland vaks opp som sonen til jordmora, Ho arbeidde fyrst på Fjell, så Klokkarvik, Koparvik og Austevoll før dei flytta til Kalvaneset i Klokkarvik. Det var den 24. mai 2017 sat dette opptaket vart gjort med Johannes - i godstolen på Folkeboksamlinga i Kommunehuset i Sund. Planen var at han skulle fortelja om skulen. Men han var no innom ganske mykje anna og, både sosialhistorie og språkhistorie og kulturhistorie ikkje minst. Utanom alt det han sjølv har opplevd, sit dei godt i minnet, alle dei sogene som bestefar hans fortalde.  "Det var ei kjerne av sanning i det meste som bestefar fortalde", seier han. Det er ikkje umogleg at det kan seiast det same om han sjølv. Heldigvis let han seg ikkje bremsa unødig av dette spørsmålet. Hadde han det gjort, hadde ettertida gått glipp av forteljinga om korleis Tinen flaug på kavaien då veren som hadd gått i skårafeste stanga han utfor ein regnversdag, medan bestefaren til Johannes låg og balte med eit makrellsteng på den andre sio tå vågen. Du kan gå rett til den forteljinga her). Heile forteljinga til Johannes er over to timar lang. Du kan gå rett til delforteljingane frå lista under - eller du kan sjå heile flaumen av levd liv. Me tilrår det siste! 

Intervjuarar var Bjørn Enes, Helge Bjorøy og Bente Fosse.






Johannes Høyland


00:00:00Presentasjon – Johannes Høyland - Mor var jordmor i Fjell, Sund, Kopervik, Austevoll 
01:15:00Me budde hos Jette på Austevoll 
01:50:00Mor brukte å plystra – mange rekna det som synd 
02:10:00Uraslåtten 
02:40:00Kalvaneset – der hadde me innlagt vatn – men utedo. 
04:00:00Osvald var sterk. Ein gong hadde han med snus på skulen
04:40:00Meir om jordmorjobben - kvinner som skulle føda kom og budde hos oss.
07:40:00Mor og doktoren reiste rundt og tok pirquéprøvar
08:17:00Småskulen – oppstilling på geledd 
09:37:00Femtoms spiker - «Austevoldarar» 
10:06:00Me var åtte i klassen og gjekk annankvar dag 
11:25:00Berre ein lærar – dette var før psykologane kom 
12:25:00Storskulen – Ingebrigt Skoge. Den fyrste som dreiv friluftsliv 

Skautakleivo – Longavatnet 
13:00:00Polyemielittutbrot i 1956 
13:30:00Storskulen – oppstilling. 
14:00:00Storefri – når læraren slutta å eta, slo me ballen til havs 
14:30:00Ingebrigt Skoge var god å fortelja – me opna ikkje boka i soga og biblehistoria 
15:30:00Sløyd dei siste to vekene før ferien. Det var høgdepunktet 
16:30:00Jentene hadde handarbeid. Dei fekk ei sy-lærarinne frå byen. Me testa ho med å slå klubba i veggen... 
17:00:00Bading før ferien. Symjeopplæring – Ingebrigten hadde investert i livbelte 
18:20:00Ein gong kom grisane til Ingebrigten og la på sym 
18:40:00Pellefino, Sofus og Larris heitte sauene til Ingebrikten 
19:20:00Arnfinn i posten fortalde om hauggubben og gamlaløo som måtte flyttast.
21:05:00På Huldrahaugen sette dei ut ungar og spedalske 
21:58:00Meir om grisane til Brigten – kappriding
22:30:00Når det lei mot jul kom besto frå Liafjellet . Då hadde ikkje grisane lenge att
25:35:00Det var flotte jenter på Liafjell.
26:00:00Dampen – Båtane – Karmsund, Bremneset
27:39:00Gamlekarane var på kaien – Arnfinn i posten, Absalon 
28:30:00Karmsund gjekk Stolmenruto, Bremnesen gjekk 
29:20:00Heile bygdafolkjet møtte på kaien når båten kom. 
29:40:00Særleg var deet spanande nå\r det kom damer frå byen 
31:29:00Det var tre butikkar i Klokkarvik: Barakken, Opsethen og i Neset. 
33:25:00Lerøydamo med kaninskinsbikini 
34:40:00Ingebrigten sa litt som var sant, men laug for det meste
35:10:00Handelsmannen fortalde om den store hummaren 
36:49:00Presten, doktoren og lensmannen skulle det helsast på. Og trygdesjefen
38:08:00Hjemmet på Nordstrand og alkisane frå bydn – Greven, uteseglar Odin og Arne, kongen på Nordstrand
40:38:00

«Me var så heldige at me ikkje hadde SFO»

41:48:00Tene pengar - Skraphandlaren – og juleheftesal – og sal av fisk. Seinare vart det jobb på kaien. 
43:40:00Danielsen privatgymnas – me hadde gamle Danielsen i soge og geografi 
46:40:00«Hva badet Kleopatra i?»
47:10:00Ikkje vanleg å gå på skule. Berre dei som budde på Klokkarvik gjorde det..
49:00:00Eg gjekk på skule saman med folk frå Kalfaret 
51:17:00Eg gjekk der for eg ikkje hadde nok poeng til å koma inn på offentleg skule 
52:54:00Det var forlskjell på folk frå Klokkarvik og andre 
55:30:00Om språk og dialektutviklinga, R'ane og ulike dialektar i grendene i Sund.
57:25:00På steinsland seier dei ARR 
58:00:00Det kan variera frå¨den eine familien til den andre 
59:00:00Sjølv snakkar eg bymål med røyrleggjaren 
1 time 
00:00:00Utdanningt – lærarskulen i Tromså og jobb i Verdal – attende til Sund i 1972
00:50:00Jobba som fiskar – lærte meir om skulen på fiskje enn på lærarskulen
02:15:00Kulturkollisjon å koma attende til skulen – det skulle vera møte om alt mogleg 
04:00:00Me slo saman kroppsøving og naturfag på 1990-talet
06:10:00Laksetrapp
06:50:00OstraMonsen og ToftaMonsen
08:00:00Då Toftamonsen skulle slakta 
09:14:00Då veren til Toftamonsen daua 
10:00:00OstraMonsen mista det eine auga 
11:20:00Folk ville ha OstraMonsen til å skyta kval nett då han skulle berga turrhøyet 
12:20:00OstraMonsen såg ut som Robinson Crusoe 
13:40:00Bada og skifta klede to gfonger i året 
15:32:00SmåLarsen og bokken som hadde gått i skårafestet 
16:55:00SmåLarsen hadde taus – bygdefolkjet sende bod på presten 
17:38:00SmåLarsen handla årsforbruket i butikken på Sundsjødn på vetlajulafto kvart år. 
18:28:00Ei dama oppe ved Noresjødn hadde dreng – bygdefolket kravde at dei måtte gifta seg 
19:52:00Eg hugsa då betefar fortalde slike soger 
20:54:00Tinen – var ein røynd kvalskyttar, han skaut 68 kvalar. 
22:05:00Tinen hadde nett som ei skei inni skallen 
22:57:00Då Tinen vart stqanga ut frå fjellet av ver som hadde gått i skårafeste
25:30:00Ein slu bergensar fekk høyre denne forteljinga 
26:10:00Jensen var frå Klepparviko. 
26:57:00Då Jensen skulle sko hesten 
27:30:00Johannessen hadde brekt rompetongen 
28:46:00Ein kval hadde kome seg or noto.
30:15:00Grisakassen var for liten 
31:50:00Med landnota til Bestefar - Ei påske kasta me 100 hl sild, og fkk større løt enn dei som var 
34:20:00


35:30:00Symjeopplæringf 
36:22:00Når det var nisa i vågen, skaut dei den og 
38:15:00Me budde 15 – 18 menneskje i myra – bestefar kokte krabbar 
39:22:00Han var den siste som malte i kvedna på Lonehaugen – havramjøl i sinkstampar på loftet 
40:12:00Tyskarane oppdaga aldri at han var største kornbonden i kommunen 
40:50:00Fiskaturen – han sat i bakrongji og song 
42:34:00På saueleiting 
44:05:00Slåttekarane – tigersprqang over hesjenbe – kappspringing
45:12:00Snu hjøyet 
45:33:00Når Folgefonna vert svart, kjem det regn – og andre verteikn. 
47:20:00Orrfugljakt 
48:02:00Alfred var sjølvlært dyrlækjar 
48:40:00Ein måtte alltid ha sprit når kua var dårleg 
50:17:00Bikini på avbetaling 
51:01:00Tronge kår – kamp om graset – å «gå i båt som ei Goltakui» 
52:15:00Lyse på maten 
52:50:00Storabåten og Lessemento – sklatevengjer fulle av makk 
54:40:00Dei hadde landnotlag, men ungane fekk ikkje oppgjer Onkel Karsten braut ut. 
56:00:00Nygårdsvolden og Splinten 
56:55:00Stønot 
57:20:00Bestefar sette fiskjen  ut i mer og selde heile sommaren 
58:18:00Størja – #la meg få ein ti tolv stykkje» 
58:45:00Bestefar fekk så mykje fisk at han heldt på å forlisa 
59:40:00Mykje politisk diskusjon når båtane skulle stoffast 
2 timar 
00:15:00Etter middag gjaldt det om å koma seg på dass før gamlekarane kom for å diskutera politikk 
01:30:00Klede – amerikanske marineuniformar frå Trysklandsbrigadane – den fyrste olabuka – lappane 
02:00:00Slutt for denne gongen.

1-1 of 1