Prosjekt‎ > ‎Sjøfart‎ > ‎

Sigurd Skagen

lagt inn 17. sep. 2016, 07:40 av Bjørn Enes   [ oppdatert 23. okt. 2016, 02:09 ]
Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han bytta til hyre på dekk, på MS "Taranger"  (Westfal-Larsen). Fyrste reise gjekk i Interocean Line, Europa og begge kystane i statane. I Marinen sat  han på kontor - fjernskrivarkontor -  men fartstid det fekk han likevel, slik at han kunne begynne på styrmannsskulen etterpå. Sjølv om han var nyforlova strauk han til sjøs att etterpå for å samle pengar til skipperskulen. Etter eit år vart forleveden lei av å vente, og reiste etter: Dei gifta seg i sjømannskyrkja i Rotterdam. 
Store deler av Skagen si forteljing handlar om den Norske Amerikalinja - den kongelege norske Amerikalinja. Han har både ris og ros å minnast om sitt gamle rederi. han begynte der like før nedgangstidene vart bratte, då flytrafikken tok over passasjerane, NAL gjekk over til cruisetrafikk og etter kvart vart det heilt slutt. 
Han fortel spennande både om linjefart på Lake'ane og stykkgodsfart på Madagaskar, Reunion, Mauritius og Komorane. Og han fortel om utfordringane med å vere skipper. Mot slutten fortel han også litt om Bergens Skipperfeing, der han har vore i styret  i ein mannsalder. 
Intervjuar er Bjørn Enes. Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 12. juni 2016. 

Direkte adresse til denne sida er Sigurd.Skagen.Memoar.no

Sigurd Skagen




Tidskodar og stikkord til innhaldet:
(Tala er timar:Minutt:Sekund:Hundredlar frå start):

00:21:001953 – Fyrstereis på M/S «Taranger»
00:50:00Interocean Line
01:04:001954 Marinen
02:46:00Fjernskrivarkontoret
03:20:00Om fjernskrivar
03:55:00Kald krig og O-melding
05:10:00Morse krev musikalitet
06:57:00Vanlig å gå til sjøs
08:00:00Sjøfolk i familien
09:54:00Krigsseglarar
12:10:00Interocean Line
13:10:00«Taranger» - forhistorie i tysk Aust-Afrika
14:14:00Passasjerar ombord
15:08:00Mannskapet på «Taranger»
16:01:00Usikker etter fyrste tur
17:18:00Fekk fartstid frå Marinen
17:45:001956: Lettmatros MS «Falkanger»
18:37:00County Line
19:11:00Murmansk på 1950-tat
20:54:001957 – Styrmannskolen
22:30:00Forlova

MS Lancelot
23:50:00Fyrste barn
24:39:00
25:30:00Bryllaupet
27:00:00MS Lancelot
28:00:00Mauritius
28:53:00Skipperskulen
29:45:00Lastelære
31:20:00Laste- og losseplanar
31:45:00Kopra
32:25:00Sisal
33:00:00Varmgang i lasta
34:08:00Bilar
36:40:00Lukelasting
37:40:00Hamnearbeidarane
38:17:00Skipperskulen
40:14:00Fyrste skipperhyre MS «Tanafjord» 1965
40:36:00MS «Bergensfjord»
42:10:00MS «Foldenfjord»
42:20:00MS «Oslofjord»
44:05:00Norske Amerika Linje
47:14:00Sluttattest i NAL
48:00:00Passasjerklassar
48:30:00Oslofjord forliste
48:10:00Aust-Afrikalinja
50:00:00Cruisefart
51:50:00Captains Table
52:40:00Julebåten
54:20:00«Kongelige norske»
55:40:00Overadministrert
56:17:00Jernbanetorget 1
58:04:00Sa opp i 1968
58:40:00MS «Topdalsfjord» på Lake'ane
59:50:00Slusane
01:02:13:00Thousand islands
01:03:20:00«Moneymaker Bridge»
01:04:20:00Tankfart
01:05:20:00Attende til Amerikalinjen 1972
01:06:40:00Containerskip
01:07:00:00MS «Lygnafjord»
01:07:15:00Madagaskar
01:07:40:00Staff Captain - «Vistafjord»
01:09:50:0017 nasjonar ombord
01:10:45:00200-300 mannskap
01:11:11:00Om å vere skipper
01:14:20:00Madagaskar
01:16:45:00Brann i ammunisjonslast
01:17:15:00Manjok
01:18:35:00Lasting med småbåtar på Komorane
01:20:06:00Mauritius og Reunion
01:23:30:00Star Shipping
01:24:56:00Container-revolusjonen
01:26:19:00Indonesia og Japan
01:29:19:00Tilbakeblikk
01:30:48:00Om å vere sjømann




Comments