Prosjekt‎ > ‎Sjøfart‎ > ‎

Per Gustav Steimler

lagt inn 21. okt. 2015, 08:53 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 13:21 ]

Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter,  juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for å kome med MS "Estrella" (10.000 tdw) som gjekk i linjetrafikk for Bergenske Dampskipsselskap på SørAmerika. Fyrste turen hans var 22 mnd lang - han rakk å gå gradene frå dekksgutt via jungmann til lettmatros før han kom heim på tre vekers ferie våren 1964. Neste tur vart 14 mnd lang - og då hadde han akkurat fartstid nok til å begynne på Styrmannsskolen, berre 19 år gammal. I dag er han pensjonist på papiret - men i praksis skadestadsleiar og konsulent innan oljevern.  

Minneopptaket med han vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 18. oktober 2015, med publikum til stade. 

Intervjuar var Bjørn Enes.

Direkte adresse til denne sida er http://Per.Gustav.Steimler.memoar.no/ 



Kort fortald handla intervjuet om: 

  • Kvofor han valde sjøen

    Per Gustav Steimler

  • Fyrstereisa med MS Estrella i linjefart på SørAmerika. 
  • Miljøet ombord, 
  • Krigsseglarane
  • Rio, Santos og Buenos Aires  
  • Om å kome heim. 
  • Passasjer- og cruisefart 
  • Bulk og linjefart 
  • Rasjonalseringane på 70-talet 
  • Statusen til sjømannsyrket. 






Meir sjøfart:  Sjofart.Memoar.no

Comments