Prosjekt‎ > ‎Sjøfart‎ > ‎

Paal Strand ("Pablo")

lagt inn 10. feb. 2016, 22:04 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 13:18 ]
http://Paal.Strand.memoar.no/


Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjerederiet Askøy Bergen, noverande Fjord Line. Han fekk verkeleggjort gutedraumen om å sjå verda. Men han fekk og innsyn i dei mørke sidene ved sjømannslivet - ikkje minst kva slag arr som tyske torpedoar hadde brent inn i sinnet til skipskameratar som hadde vore krigsseglarar.

Han fekk oppleve gullalderen i norsk skipsfart - og på godt og vondt fekk han oppleve endringane utover 1970-talet. På den eine sida vart det mogleg å invitere alle ombord - mannskap, offiserar og passasjerar - til grillfest på akterdekket. På den andre sida vart bemanninga bygd så ned at det i vere sjømann vart eit einsamt yrke.

Han fann kjærleiken i SørAmerika - "Frieriet kosta 110 dollar i telefonrekning" - og budde i mange år i Columbia. Men sist vart det så langt mellom hyrene i utanriksfarten at han tok med seg familien heim til Fana - og begynte på Askøyferja.

Direkte adresse til denne sida: http://Paal.Strand.memoar.no/


Paal Strand


Opptaket vart gjort på Sjøfartsmuseet i Bergen den 17/1-2016, med publikum til stade. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar. 

Stikkord i forteljinga:

Reiselyst

1961: TT "Frosta"

Mannskapet

Ein nydeleg båt

Speidar og Dræggegut

Fyrste bakkstørn

Standby

Utkikk

Algeriekrigen

Japan 1961

Musikk

Suez

Rortørn

Nr.1 på dansen i Fana

Som eit virus i kroppen


MS Trajan

Basra 1963

Nysgjerrigheit

Japan 1979

Synet på sjøfolk

Tatovering

Tatovering i dag

Hamnebyar

Containerrevolusjonen

Byssegut

Maskingut

Kjelesjau

Spylebelte

Doxfordmaskin

MS "Villanger"

Gøtaverken


MS "Utsira"

Maskinutvikling

Stempelsjau

"Maskinvirus" ôg.

- "ei sjel og ei skjorte....."

MS "Fauskanger"

Bygge ned skilene

Krigsseglaren"Onkel"

Openlugar

Krigsseglaren "Billy"

Kvinnene ombord

Psykisk

Einsemd

Kjærleiken

Santa Marta, Columbia

Arrestert i New York

Flytta heim i 1976


Comments