Prosjekt‎ > ‎Sjøfart‎ > ‎

Ludvig Myrland

lagt inn 29. apr. 2016, 02:53 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jan. 2017, 10:16 ]
I dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som 15åring på eit skip fullt av "pakk" - og fyrste tur med eit gammalt, men normalt skip - til Leningrfad i 1953.

Opptaket vart  gjort i Bergen Sjøfartsmuseum den 3. mars 2016. Intervjuar er Bjørn Enes.

 Fleire detaljar om innhaldet i samtalen fylgjer under videovinduet. 

Direkte adresse til denne sida er http://Ludvig.Myrland.memoar.no/ 





Ludvig Myrland:



Ludvig Myrland startar med å fortelje om barndomsåra. Dei vart dramatiske, for ei ulykke gjorde far hans arbeidsufør. Foreldra dreiv butikk i Sandviken, men mor makta det ikkje aleine og gjekk konkurs. Familien vart sett på gata i 1938. Etter at avisa "Samarbeid" skreiv om dei, fekk dei hjelp til ein bustad i Svaneviken. Der vaks Ludvig opp under krigen - med russiske og serbiske slavearbeidarar i tyske fangeleirar som næraste naboar. "Eg såg meir enn ein unge skal sjå", fortel han.

Mange menn frå Svaneviken seilte nok ute under heile krigen, men bortsett frå to syskjenborn hugsar han ikkje så mykje om det. Derimot hugsar han svært godt dei som drog ut like etterpå, for etter berre ein tur kom dei heim "med Wranglerdress og Chesterfield i brystlomma" - og motorsykkel. Det ville Ludvig og, og då han vart femten trassa han mor sine planar om elektrolære og fekk faren til å skrive under på at han hadde tillating til å ta hyre.

Fyrste båt var damptankararen "Vally" som tilhøyrde Thv. Halvorsens rederi. Ludvig tok rutebåten til NewCastle og tog til Middelsborough utan å kunne eit ord engelsk, berre med ein adresselapp i neven.

"Båten var ny og såg fin ut - på avstand..." Men då han kom ombord viste det seg at båten var full av drit. Han meiner årsaka var at Thv. Halvorsens rederi ikkje fekk skikkeleg mannskap på grunn av at den opphavlege reiaren var landsvikdømt. "Det var mykje pakk ombord, rett og slett". Mellom anna vart messeguten banka opp regelmessig - han fekk kallenamnet "blåveispiken". Han fortel om valdsbruk mot dei yngste både ombord og i land. På fyrstereisa møtte han hamnehorer også for fyrste gong, blei trekt med på "sjåverde" - og fekk nye knyttneveslag av skipskameratar i bakrus etterpå. "Hadde det vore skikkelege sjøfolk ombord, ville nokon teke gutungane i forsvar. Men ingen gjorde det," fortel han.

Han sto ikkje kontraktperioden på 18 månader ut, men mønstra av i London og kom heim etter eit år - med Chesterfield i brystlomma. han kjøpte motorsykkel og. Trassi den dårlege erfaringa å fyrstereisa, var han snart på veg ut att: "Eing gjømann - alltid sjømann. Eg kjenner dragninga kvar vår enno, sjølv om det er mange år sidan eg gjekk i land for godt!" seier han.

Den neste båtane var heilt andre erfaringar med flotte mannskap - sjølv om båten i seg sjølv såg så gamal og sliten ut at han sa opp med ein gong han kom ombord fyrste gong ved brygga i Vaksdal. han måtte stå ein tur - og fekk oppleve Leningrad i 1953 før han returnerte til Vaksdal med korn frå Ukraina og tok toget derifrå rett heim til Minde.

I denne omgangen stoppar me Ludvig Myrland si forteljing der.

Sjå meir frå han under "Meir frå Ludvig Myrland."


Stikkord i opptaket:

Fødd på Nordnes

Konkurs 1938

Sett på gata 1939

Avisoppslag - "Samarbeid"

Krigsåra i Svaneviken

"Snottagut"

8 år gamal i 1945

Lysta på sjøen

"Wranglerdressar og Chesterfield"

"Alle" drog på sjøen

Fyrste hyre - 15 år

Far skreiv under - mor grein

DT Vally

Shabby båt

Thv. Halvorsens rederi

"Blåveispiken"

Storm i Biscaya

Nord-Afrikakysten

Valdsbruk ombord

- valdsbruk i land

Hamnehorer

"Nazistempelet" hang ved rederiet

Lett å få hyre i 1950-åra

18-mnd-kontraktar

Å kome heim...

Ut igjen

DS Marvel

Kolfyring

Leningrad 1953

Regnfrakken....

Klart skip...

Comments