Prosjekt‎ > ‎

Sjøfart


Arrangement:

26. mars: 
"Gullalderen" i norsk sjøfart
- og kva det eigentleg var som endra seg då denne tida tok slutt?

"Forteljarpanel" på Bergens Sjøfartsmuseum  

Utveksling av minner om endringane som kom utover frå seksti- og syttitalet, så som nye navigasjonsinstrument, kommunikasjon, maskinutvikling, laste og lossesystem, skipskonstruksjon og hamneanlegg - og konsekvensar for organisasjon og kultur, både ombord i den einskilde skipet og i næringa som heilskap. 


I panelet
Edmund Hellman, motorrmann/reparatør, 
 Paal Strand, motormann/båtsmann/matros ,
John A. Hegg, matros/strymann/skipper, 
Olav Vindedal, telegrafist/mannskapssjef
Ernst R. Skage, kokk/stuert


Sundag 26. mars 2017  kl. 12 - 14:

I oktober 2015 tok Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum til å samle inn munnlege forteljingar frå norske sjøfolk.  Dette er viktig kulturarv. Det er verdfiult dokumentasjonsarbeid for framtidige forskarar, kunstnarar - og etterkomarar. Det er ein botnstokk i den norske identiteten. Og ikkje minst: Minnedeling er rike kulturopplevingar, både i godt lag og gjennom sosiale media. 

I november etablerte me innsamlinga av sjøfartsminner som eit prosjekt med eigne prosjektsider - sjå meir om prosjektet på adressa inviterar me ABM-institusjonar, sjømanns- og skipperforeiningar, reiarlag og investorar med på samarbeid.  Dette er nokre smakebitar frå starten:





Promo - minnesamling om sjøfart:

 



Minneopptaka er forteljaren sin eigendom. Kvar forteljar vert oppmoda om å dele (publisere) forteljingane sine. Etter kvart som dei gjer det, vil forteljingane bli publiserte her. Memoar lagar også ei eiga side for kvar forteljar, der dei kan legge mer innhald, fleire opptak, fotografi, artiklar etc, 

Adressa til desse sidene står som "Les meir" under kvar video. 

Ta gjerne kontakt for å avtale minneopptak: Post@memoar.no   

Ver OBS på at også Folkemuseet/Norsk etnologisk gransking samlar minnetekstar frå sjøfolk - sjå  Folkemuseet sine sider.  



Om prosjektet

Prosjektet "Sjøfartsminne" er eit samarbeid mellom Memoar, Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening. 

Det fyrste året har det blitt samla inn 12 grundige intervju om livet til sjøs.

Frå nå fram til desember 1919 er målet å bygge opp ei samling på minst 75 grundige forteljingar frå fyrstehands kjelder om livet til sjøs og på land i Bergensk og vestlands sjøfartsnæring. 



John Arne Hegg

lagt inn 25. mar. 2017, 01:36 av Bjørn Enes   [ oppdatert 25. mar. 2017, 02:42 ]

John Arne Hegg reiste ut som 15-åring i 1957. Han hadde aldri vore i tvil om at han ville bli sjømann, og gjekk rett frå Framhaldsskulen til si fyrste hyre som hjelpegutt på frakteskøyta Kannaskjær, som gjekk med alt frå murstein og plank til kolonialvarer og øl til handelsmenn og bønder rundt Tronedheimsfjorden. Om hqausten tok han eit tre månaders kurs på skuleskipet "Trøndelag" - og der fekk han tilbod om å reisa til Amerika for å mønstra. Hans fyrste båt var MS "Sønnavind" av Porsgrunn (Borgestad). Han ville helst i maskin, men var for ung og måtte på dekk. Under ein grisete reingjeringsjobb i rennesteinen nedst i romet, bestemte han seg for å bli styrmenn. I fyrste del av intervjuet fortel han om dei fyrste åra til sjøs fram til han var ferdig på styrmannskulen og hadde vore lenge nok i marinen til å få si andre landlov... 

Opptaket er gjort 1. februar 2017 i Studio 1 i Bergen Bibliotek. Intervjuar er Bjørn Enes 


Embed gadget








Logg over innhaldet i intervjuet:

0:00:33     Frakteskøyte «Kannaskjær» 
                tømmer, murstein, øl og brus  
0:03:14     Bestemte seg på framhaldsskulen – 
                mange sjøfolk i familien  
0:04:30  Draumen om å sjå verda - reiseskildringar  
0:05:45  Meldte seg på skuleskipet 
                «Trøndelag»   
0:06:45  Vill i maskin - dmpmaskin  
0:08:12  Fekk tilbod om å hyre i USA - 
                pass og visum  
0:09:50     -Til USA med fly,  desember 1957
0:10:55  Brann i flymotoren på Island  
0:12:05  Sjømannshjemmet i New York -
                fyrste blåveis   
0:14:45  På tur i New York - i Mariusgenser  
0:16:28  Fekk båt - mønstra som dekksgutt 
                «Sønnavind» av Prosgrunn  
0:17:35  Mannskapet - mange uteseglarar
                 og krigsseglarar  
0:18:40  Å purra ein krigsseglar ….
0:20:35  Maskinsjefen - hovudskade frå krigen 
0:21:30  Kaptenen var også krigsseglar  
0:21:59  "Sønnavind" - 18 år gammel - 
                treluker  
0:22:30  Det var style den gongen  
0:23:15  Rutiner - gjera båten sjøklar - lukene  
0:24:20  Skjærstokkar, kongestokk og 
                blindstokk  
0:25:05  Shelterdeck
0:25:55  Presenningane og skalkejern  
0:28:05  Treluker vanleg fram til 1970-talet  
0:28:45  McGregorluker - balanseluker  
0:31:25  Lukene har blitt større og større 
0:33:40  Bommane skulle leggjast ned 
                for å bli sjøklare
0:33:15  Dekksmannskapet - ti mann, 
                fordekk og akterdekk
0:34:12  Fyrstereisa på austkysten av USA  
Sjauarane i Newark - skulle vera vakt - «bloody eye»
0:36:20  Nattevakt under land  
0:36:45  Suez - «handla på boken» -
0:37:57  Fyrste album kjøpt i Suez
0:40:05  Militærutstyr til Basra og Kouranchar  
0:41:30  Vakt på ankerkjettingen i Kouranchar. 
0:43:25  Rennesteinar   i lastemommet
0:44:15  Eg skal pitladø bli styrmann  
0:45:05  Sveitte / kondens   på skroget 
0:46:35  Dunnage  - mykje gjekk på sjøen  
0:49:15  Miljø i fokus etter Torry Canyon 1968  
0:49:00  Tor Heyerdahl sette også fokus miljø 
0:51:40  Amerikanarane var foregangsmenn 
                på miljø i havnene  
0:52:45  Svære bøter for «snarvegar» i dag  
0:53:50  18 mnd kontrakt på fyrstereisa  
0:54:32  Fyrste avrekningsbok – US tillegg/
                 amerikatillegg
0:57:36  Kom heim som ein halden mann - 
                men pengane gjekk fort  
0:59:32  Tungløftbåt "Belocean" - 
                tre 180-tonns kraner 
1:01:15  Systeskip gjekk ut med jarnbanevogner 
1:02:00  Tumgløftbåten - konstruksjon  
1:03:55  Slark i surringane  
1:05:20  Jarnkonstruksjonar til Igarka, Sibir
1:06:05  IWL - international warrant Limits  
1:07:05  Verdas største kraftstasjon - 
                slippers i retur  
1:07:50  Berre kampteinen fekk gå i land
1:09:25  Russiske tallymen var unge jenter  
1:11:02  Polen på 50talet: 
                Folk ville kjøpa alt du hadde  
1:12:35  50 døgn i Argentina -  

1:13:40  Sjalusidrama på castilliansk - 
                knivkamp buenos aires   
1:15:45  Styrmannen rekk tak i drosje til sykehus
1:17:45  Overfall med madrasskjetting
                 Brownsville, Tx  
1:23:01  «Ingen skal overfalla vår dekksgutt!"
1:24:12  Genova - nyttårskvelden 1960 - 
                Ein skotte i lånt dress  
1:26:01  2år på Belocean - logs til japan - 
                redwood  
1:27:00  Japan 1960 - billig - kjekke jenter  
1:27:50  Trelasttil SørAfrika og Sudan  
1:29:59  Heim - storkara i Oslo - 
                bilete frå Rosekjellaren  
1:31:05  «Frå i dag er du matroa"
1:32:20  Black Diamond Line - 
1:32:50  Rotterdam
                Prøve seg som uteseglar  
1:33:40  Sjømannsbørsen i Rotterdam  
1:33:56  Svensk steambåt i Østersjøfart - 
                Leningrad og Strahlsund  
1:34:43  Tankbåt - Polystar Rasmussen - 
                tonnevis med maling  
1:37:50  Heim for å ta  Styrmannsskulen -  
1:38:10  Ventejob - 
                asfaltleggar på Ørlandet   flystasjon  
1:40:55  Gullalderen for norske sjøfolk: 
                pennicilin og før HIV
1:41:30  Du høyrer sjeldan om dagane i sjøen 
1:43:35  Jenter   
1:45:20  Mange vart gifte  ute 
1:46:10  Bigamilovane 
1:48:20  Venene heime 
1:51:10  Sjøfolk har aldri vore noko verd – 
1:52:19  Bankane to i kø for å få trekket 
1:53:05  Fiskernes bank 
1:54:52  Blomar til mor og truser til kjærasten  
1:56:29  Marinen - fram til andre landlov.....  
1:57:29  Slutt på del 1 

Edmund Hellman, Bergen

lagt inn 18. jan. 2017, 22:47 av Bjørn Enes   [ oppdatert 18. jan. 2017, 22:48 ]

Edmund Hellman hadde knapt sett sjøen då han bestemte seg for å ta eit firemånaders kurs på Risøy Folkehøgskule for sjøfolk i 1954. Fire månader seinare fekk han si fyrste hyre på M/S "Avance", som tilhøyrde Jens Henriksen rederi i Risør.

Han møstra på i Antwerpen, hadde fyrste landlov i Puerto Rico og vart så gåande i to år i sukkerfarta mellom Karibia og den amerikanske austkysten. Han trivdest betre enn han hadde gjort nokon gong: "Eg ville ikkje heim att. Sjølivet var blitt den nye heimen min!" Fortel han i dette opptaket frå august 2016.

Han gjekk frå båt til båt - stort sett på Amerika, Sør-Amerika og Fjerne Austen. Korte opphald i land var den einaste avvekslinga frå livet ombord. Han gløymde reint å tenkje på å sende brev til dei der heime. Kvar gong han fekk høyre at båten han var på skulle til Europa, mønstra han av. Bortsett frå ein gong då han ikkje fekk slutte, og rømte i staden. To gonger, frå same båt. med det resultatet at han vart svartelista og blei gåande på bommen i New Orleans. "Det var ei herleg tid!" Seier han no.

Han fekk vener, både ombord og i land. Og han fann kjærleiken - igjen og igjen. Då han til sist sette kursen heimover kom han nygift frå Japan. Då fyrst kom han på at han berre hadde gitt eit einaste livsteikn frå seg på ti år. Det var eit telegram om å sende pengar den gongen han fekk krav om å erstatte rederiet sine kostnadar med rømingane...

"Eg angrar ikkje på nokon ting - det har vore eit herleg liv! " seier han. Han segla alltid i maskinen eller som reparatør. Då rasjonaliseringane sette inn gjekk han i land - for snart å reise ut att som reiserparatør for Øgrey Mekaniske og som Nordsjøarbeidar. Det var i Nordsjøen han trefte si noverandre kone - og det var ho som henta han til Bergen.

Intervjuet vart gjort i Studio 1 i Bergen Bibliotek den 26. september 2016. Intervjuar var Bjørn Enes .



Edmund Hellman:



Tidskodar Tekst
00:40:00 Bestefar var svensk rallar
01:55:00 Oppvekst hos bestemor
03:05:00 Ein kamerat drog til sjøs
04:02:00 Eit plutselig innfall – Stormbrua
04:50:00 Risøy ungdomskule for sjømenn, Tvedestrand
06:50:00 Fyrste båt MS Avanse 1954-
07:15:00 Nordberg diesel – heilsveisa C4-skip

(Meir om «Libertybåtane» og C4)
08:00:00 Fyrste landlov i Karibia
09:22:00 M/S «Avance» -
10:50:00 Nordberg Diesel
11:50:00 Sjøvakter
13:20:00 18-mnd kontrakt
13:45:00 sukkerfarta
14:40:00 Sukkerarbeidarane på Cuba
16:40:00 Scandinavia Bar
17:20:00 Der er jenter....
18:25:00 Europa er hardare
19:20:00 Nassau
20:15:00 DS «Askeladden» - Farsjø, Oslo
20:36:00 Dampmaskin fra Fredrikstad Mek
21:22:00 Open veiv
22:40:00 Fyrbøter
23:05:00 Bermudatriangelet
23:15:00 Tre hurricanar
24:40:00 Talerøyr (med signalfløyte)
26:30:00 Utan framdrift – storm, kollisjonskurs, borgarkrig – dynamittlast... ......

27:50:00 Mytane om Bermudatriangelet
29:25:00 Storm i Sør-Kinahavet
33:00:00 Dekk og maskin

33:42:00 New York 1956 – fyrste avmønstring
34:27:00 Shippinga i NY
35:36:00 Ville ikkje til Europa....
37:42:00 «Heime» blei å vere til sjøs
38:13:00 New Orleans
39:16:00 Hornet
40:42:00 På rømmen i Santos
42:20:00 «- kan ikkje rømma med koffert, veit du!»
43:46:00 Ny rømming i New Orleans
45:43:00 Husvertinna
47:12:00 Svartelista
48:50:00 Hjelp frå kyrkja
49:40:00 På bommen i New Orleans
52:40:00 Cubakrisa 1962
55:40:00 Santos – stor og lille rabalder
56:00:00 Trikken i Santos
57:25:00 Møte i Montevideo
1 time
00:51:00 Brukte berre kallenamn
02:10:00 Sjøsjuke
02:58:00 Bakkstørn
04:22:00 Bar ombord
06:13:00 Krigsseglarar
07:04:00 Høyrde alltid at linjebåtar var verre
09:37:00 Romantikk i fjerne austen
10:00:00 D/S «Orania». Smith Sørensen, Arendal
10:08:00 Trippel dampmaskin
10:10:00 D/S «Byfjord», Kornelius Olsen, Tavanger
10:52:00 Bombay (Mumbai) - sjukeavmønstring
13:29:00 Dassane i Egypt

15:34:00 Fjerne austen
15:40:00 Tre typar dampmaskin
16:28:00 Ferie i Japan
17:14:00 Forelska i Kobe
18:53:00 Forelska i Nagoya
20:45:00 Avskjedbrev – båten kom ikkje attende
21:44:00 Gift i Japan
22:54:00 Nygift heim – etter 10 år utan livsteikn
26:10:00 Forelska i Rio
27:10:00 (Bjørn Enes fortel Yelida)
34:28:00 Norsk-Karibiske tradisjonar
35:16:00 Skotjuvane i Haiti
36:20:00 Klokketjuvane i Santos
37:40:00 Respekt for skytevåpen...
39:50:00 Reppen
41:14:00 Brot på vifteaksling
43:49:00 Utanbords naudreparasjon
47:49:00 God hjelp i godt rykte
48:32:00 Oppdal før mobiltelefonen
51:14:00 Siste båt Bergljot 1972 – Gill Johannessen
51:28:00 Rasjonaliseringane
53:23:00 Elefantbordet
59:12:00 I land for godt
2 timar
00:14:00 Cuba
03:43:00 Unge kvinner og unge menn: Ein viktig del av historia
09:07:00 Reisereparatør for Einar Øgrey
13:32:00 Nordsjøen
15:00:00 Amerikanarane
15:52:00 - og ho er eg gift med henne..

Sigurd Skagen

lagt inn 17. sep. 2016, 07:40 av Bjørn Enes   [ oppdatert 23. okt. 2016, 02:09 ]

Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han bytta til hyre på dekk, på MS "Taranger"  (Westfal-Larsen). Fyrste reise gjekk i Interocean Line, Europa og begge kystane i statane. I Marinen sat  han på kontor - fjernskrivarkontor -  men fartstid det fekk han likevel, slik at han kunne begynne på styrmannsskulen etterpå. Sjølv om han var nyforlova strauk han til sjøs att etterpå for å samle pengar til skipperskulen. Etter eit år vart forleveden lei av å vente, og reiste etter: Dei gifta seg i sjømannskyrkja i Rotterdam. 
Store deler av Skagen si forteljing handlar om den Norske Amerikalinja - den kongelege norske Amerikalinja. Han har både ris og ros å minnast om sitt gamle rederi. han begynte der like før nedgangstidene vart bratte, då flytrafikken tok over passasjerane, NAL gjekk over til cruisetrafikk og etter kvart vart det heilt slutt. 
Han fortel spennande både om linjefart på Lake'ane og stykkgodsfart på Madagaskar, Reunion, Mauritius og Komorane. Og han fortel om utfordringane med å vere skipper. Mot slutten fortel han også litt om Bergens Skipperfeing, der han har vore i styret  i ein mannsalder. 
Intervjuar er Bjørn Enes. Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 12. juni 2016. 

Direkte adresse til denne sida er Sigurd.Skagen.Memoar.no

Sigurd Skagen




Tidskodar og stikkord til innhaldet:
(Tala er timar:Minutt:Sekund:Hundredlar frå start):

00:21:001953 – Fyrstereis på M/S «Taranger»
00:50:00Interocean Line
01:04:001954 Marinen
02:46:00Fjernskrivarkontoret
03:20:00Om fjernskrivar
03:55:00Kald krig og O-melding
05:10:00Morse krev musikalitet
06:57:00Vanlig å gå til sjøs
08:00:00Sjøfolk i familien
09:54:00Krigsseglarar
12:10:00Interocean Line
13:10:00«Taranger» - forhistorie i tysk Aust-Afrika
14:14:00Passasjerar ombord
15:08:00Mannskapet på «Taranger»
16:01:00Usikker etter fyrste tur
17:18:00Fekk fartstid frå Marinen
17:45:001956: Lettmatros MS «Falkanger»
18:37:00County Line
19:11:00Murmansk på 1950-tat
20:54:001957 – Styrmannskolen
22:30:00Forlova

MS Lancelot
23:50:00Fyrste barn
24:39:00
25:30:00Bryllaupet
27:00:00MS Lancelot
28:00:00Mauritius
28:53:00Skipperskulen
29:45:00Lastelære
31:20:00Laste- og losseplanar
31:45:00Kopra
32:25:00Sisal
33:00:00Varmgang i lasta
34:08:00Bilar
36:40:00Lukelasting
37:40:00Hamnearbeidarane
38:17:00Skipperskulen
40:14:00Fyrste skipperhyre MS «Tanafjord» 1965
40:36:00MS «Bergensfjord»
42:10:00MS «Foldenfjord»
42:20:00MS «Oslofjord»
44:05:00Norske Amerika Linje
47:14:00Sluttattest i NAL
48:00:00Passasjerklassar
48:30:00Oslofjord forliste
48:10:00Aust-Afrikalinja
50:00:00Cruisefart
51:50:00Captains Table
52:40:00Julebåten
54:20:00«Kongelige norske»
55:40:00Overadministrert
56:17:00Jernbanetorget 1
58:04:00Sa opp i 1968
58:40:00MS «Topdalsfjord» på Lake'ane
59:50:00Slusane
01:02:13:00Thousand islands
01:03:20:00«Moneymaker Bridge»
01:04:20:00Tankfart
01:05:20:00Attende til Amerikalinjen 1972
01:06:40:00Containerskip
01:07:00:00MS «Lygnafjord»
01:07:15:00Madagaskar
01:07:40:00Staff Captain - «Vistafjord»
01:09:50:0017 nasjonar ombord
01:10:45:00200-300 mannskap
01:11:11:00Om å vere skipper
01:14:20:00Madagaskar
01:16:45:00Brann i ammunisjonslast
01:17:15:00Manjok
01:18:35:00Lasting med småbåtar på Komorane
01:20:06:00Mauritius og Reunion
01:23:30:00Star Shipping
01:24:56:00Container-revolusjonen
01:26:19:00Indonesia og Japan
01:29:19:00Tilbakeblikk
01:30:48:00Om å vere sjømann




Olav Vindedal

lagt inn 15. jun. 2016, 20:34 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 09:54 ]

Olav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til topps, gjennom katastrofen i 1975 og fram til slutten. 

Dette opptaket er frå Bergens Sjøfartsmuseum 8. mai 2016. Han startar med å fortelje om krigen, som sette djupe spor i minnet hans, sjølv om han enno ikkje var blii fire år i april 1940. 16 år gamal fekk han fyrste kontakt med handelsflåten gjennom Samvirkelaget i Årdal. Dei konkurrerte hardt med den andre butikken i bygda om å levere til båtane som kom med oksid aluminiumsverket. I 1955 begynte han på Telegrafistskuleni Bergen, utan ein dags fartstid. Fyrste bår vart MS "Heina" (Mowinckels rederi) som gjekk i linjefart på Europa og USA. Han fortel om telegrafisten sitt arbeid og teknologi på 1950-talet - og om krigsseglarar han arbeidde saman med.

Videdal si tid som "ekte sjømann" varte berre i fem år. Så har han desto lengre erfaring frå rederisida på land. Han tok til på mannskapskontoret i Rekstens rederi i 1962, og avanserte etter kvart til personaldirektør. Han arbeidde under Hilmar Reksten då alt peikte oppover, gjennom "katastrofen" i 1975-76 og heilt fram til reiaren gjekk bort i 1980. På slutten av Reksten sitt liv arbeidde dei to nært saman - ikkje med sjøfart, men med å gjere klar kunstsamlinga hans for ettertida. han fortel også om heimkjøpet av "Statråd Lemkuhl" - og historia om spleisebrødet. 

Intervjuar er Bjørn Enes frå Memoar.  Direkte adresse til denne sida er http://Olav.Vindedal.memoar.no/ 

.

Olav Vindedal:




Stikkord frå forteljinga:

Krigsminner

April 1940

Mai 1945

Telegrafisten

Skipshandel i Årdal

Telegrafistskulen i Bergen

Morsesignal

MS "Heina"

Cosmopolitan Line

New York 1956

"...sånt snakkar me ikkje med..."

Kontakt med andre skip

Kortbøløgen

Kallesignal

Krigsseglarane

Antwerpenseglarane

Behandlinga av krigsseglarane

Krigsseglar 1 - Ein skipper hos Reksten

Krigsseglar 2 - Ein elektrikar

Krigsseglar 3 - Ein kokk

Krigsseglar 4 - Ein maskinsjef

Krigsseglar 5 - Ein pumpemann

Hilmar Reksten og krigsseglarane




I land i 1962

Mannskapskontoret hos Reksten

Nybyggingprogram

T/T "Valentinian"

"..turbin or not turbin.."

Supertankarar

Mannskapsmangel

Faste tilsetjingar

"..men jeg vil ikke vite om det.."

Befraktningspolitikk

Mannskapspolitikk

Fascinerande person

Keisarane

Vaks opp på Nordnes

Reksten - 1940

Nortraship

Reksten - 1945

M/T "Julian"

Rekstenflåten i 1962

"..ein fjern sjef.."

Kunstsamlinga 1

Handverk og kunst

Kunstsamlinga




1973 - fraktratenepå topp

1975 - Katastrofen

Garantiinstituttet

1976 - Reksten sett utanfor

Kunstsamlinga 2

Reksten sine sisteår

Overkontrahering

1975 - 80: Nedbemanning

Mannskapspolitikk

Endringane

Teknologi og organisasjon

Kurs og vidareutdanning

Rasjonalisering

"Multi-purpose crew"

"Rasjonaliseringskaptein"

Likebehandling

Suksess avhang av dyktige folk

Reksten sine sisteår

Rekstensamlinga

Rederiet etter 1980

"StatsrådLemkuhl"

Spleisebrødet

Om sjøfartshistoria

UNI-stiftelsen


Gustav Jørgen Myklebust

lagt inn 10. jun. 2016, 01:59 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. feb. 2017, 22:27 ]

Det mest dramatiske i Myklebust si forteljing må vere kollisjonen då hans båt, MS "Jalanta" (Anders Jahre) vart delt i to av cruisedamparen "Constitution" i tett tåke i East River, New York, den 1.mars 1959. 

Men elles manglar det ikkje på hendingar - frå sjukeavmønstring i Belgisk Kongo, arrestasjon i Japan, redningsoperasjon under tyfon i Stillehavet, ein periode på bommen i New York - og revolusjon i Havana. 

Han sigla i handelsflåten under "gullalderen" på 50-og 60tal, og frå slutten av 1970-talet tok han del i oljeeventyret i Nordsjøen. 

Han fortel om Sjøgutlinja på Framhaldsskulen i Bergen, skuleskipet "Gann", "Liberty-båtar" ("C4-båtar") - og familietradisjonar i ei slekt der alle var sjøfolk.

Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 10. april 2016. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar.

Bakgrunnsinformasjonar for litt av det Myklebust fortel om finst her: Liberty-skip,  C-4-båtar, (sjå også boka "Den norske Libertyflåten")  Sjøgutlinja på Bergen Framhaldsskule,  Kure Shipyard,   MS "Justinian", MS  "Jalanta",  SS "Constitution", Aftenposten om kollisjonen,  -  MS "Oriente", 

Kortadresse til denne sida er http://Gustav.Jorgen.Myklebust.memoar.no/ 


MEMOAR: Gustav Jørgen Myklebust



(Forteljaren avgjer om passordet skal fjernast. han kan kontaktast via post@memoar.no)


Stikkord i forteljinga: 

Familietradisjonar

Far krigsseglar

Heile familien i Høegh

1961: Sjukeavmønstring i Kongo

C4-class ship - (Libertyship)

Union i Købehavn

"Prøvetur" som 12-åring

Bestemor og Hurtigruta

Sjøgutlinja på Framhaldskulen

(Sjøgutlinja starta i 1956)

1957: Sjøgutlinja på "Gann"

Hyrekontoret 1958

"Teikna i fylla og bygd i bakrus"

MS "Justinian", Reksten

Kure Shipyard, Japan

"7 days, all over"


MT "Jalanta", Anders Jahre

"---cleana tankane..."

Kollisjon i EastRiver

"Bullshithorn"

SS "Constitution"

På bommen i New York

MS "Oriente", Olsen & Ugelstad

Havana 1959

Ekstrainntekt....

Lake'ane

Avmønstring

MS "Sunda", Mowinckel

MS "Høegh Abeille"

Tyfon

Redningsoperasjon

"Kongsberggevær"

"Meg og Tromsødekken..."

Blindtarmen

MS "Utvik", Wilh. Torkildsen

I land i 1964

Andre periode: Nordsjøen

Sporveiane

1978: Ekofisk

"AMEK" -fleirfaglg opplæring

Reisecrew

Automatisering: "Ikkje alltid det held..."

Alexander Kielland

Rykter om Kielland-ulykka

Amerikanarane

(123 omkom)

"Førti tonn i ansiktet"

Tilbakeblikk

Alle kurs...

Helikopter


Ludvig Myrland

lagt inn 29. apr. 2016, 02:53 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jan. 2017, 10:16 ]

I dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som 15åring på eit skip fullt av "pakk" - og fyrste tur med eit gammalt, men normalt skip - til Leningrfad i 1953.

Opptaket vart  gjort i Bergen Sjøfartsmuseum den 3. mars 2016. Intervjuar er Bjørn Enes.

 Fleire detaljar om innhaldet i samtalen fylgjer under videovinduet. 

Direkte adresse til denne sida er http://Ludvig.Myrland.memoar.no/ 





Ludvig Myrland:



Ludvig Myrland startar med å fortelje om barndomsåra. Dei vart dramatiske, for ei ulykke gjorde far hans arbeidsufør. Foreldra dreiv butikk i Sandviken, men mor makta det ikkje aleine og gjekk konkurs. Familien vart sett på gata i 1938. Etter at avisa "Samarbeid" skreiv om dei, fekk dei hjelp til ein bustad i Svaneviken. Der vaks Ludvig opp under krigen - med russiske og serbiske slavearbeidarar i tyske fangeleirar som næraste naboar. "Eg såg meir enn ein unge skal sjå", fortel han.

Mange menn frå Svaneviken seilte nok ute under heile krigen, men bortsett frå to syskjenborn hugsar han ikkje så mykje om det. Derimot hugsar han svært godt dei som drog ut like etterpå, for etter berre ein tur kom dei heim "med Wranglerdress og Chesterfield i brystlomma" - og motorsykkel. Det ville Ludvig og, og då han vart femten trassa han mor sine planar om elektrolære og fekk faren til å skrive under på at han hadde tillating til å ta hyre.

Fyrste båt var damptankararen "Vally" som tilhøyrde Thv. Halvorsens rederi. Ludvig tok rutebåten til NewCastle og tog til Middelsborough utan å kunne eit ord engelsk, berre med ein adresselapp i neven.

"Båten var ny og såg fin ut - på avstand..." Men då han kom ombord viste det seg at båten var full av drit. Han meiner årsaka var at Thv. Halvorsens rederi ikkje fekk skikkeleg mannskap på grunn av at den opphavlege reiaren var landsvikdømt. "Det var mykje pakk ombord, rett og slett". Mellom anna vart messeguten banka opp regelmessig - han fekk kallenamnet "blåveispiken". Han fortel om valdsbruk mot dei yngste både ombord og i land. På fyrstereisa møtte han hamnehorer også for fyrste gong, blei trekt med på "sjåverde" - og fekk nye knyttneveslag av skipskameratar i bakrus etterpå. "Hadde det vore skikkelege sjøfolk ombord, ville nokon teke gutungane i forsvar. Men ingen gjorde det," fortel han.

Han sto ikkje kontraktperioden på 18 månader ut, men mønstra av i London og kom heim etter eit år - med Chesterfield i brystlomma. han kjøpte motorsykkel og. Trassi den dårlege erfaringa å fyrstereisa, var han snart på veg ut att: "Eing gjømann - alltid sjømann. Eg kjenner dragninga kvar vår enno, sjølv om det er mange år sidan eg gjekk i land for godt!" seier han.

Den neste båtane var heilt andre erfaringar med flotte mannskap - sjølv om båten i seg sjølv såg så gamal og sliten ut at han sa opp med ein gong han kom ombord fyrste gong ved brygga i Vaksdal. han måtte stå ein tur - og fekk oppleve Leningrad i 1953 før han returnerte til Vaksdal med korn frå Ukraina og tok toget derifrå rett heim til Minde.

I denne omgangen stoppar me Ludvig Myrland si forteljing der.

Sjå meir frå han under "Meir frå Ludvig Myrland."


Stikkord i opptaket:

Fødd på Nordnes

Konkurs 1938

Sett på gata 1939

Avisoppslag - "Samarbeid"

Krigsåra i Svaneviken

"Snottagut"

8 år gamal i 1945

Lysta på sjøen

"Wranglerdressar og Chesterfield"

"Alle" drog på sjøen

Fyrste hyre - 15 år

Far skreiv under - mor grein

DT Vally

Shabby båt

Thv. Halvorsens rederi

"Blåveispiken"

Storm i Biscaya

Nord-Afrikakysten

Valdsbruk ombord

- valdsbruk i land

Hamnehorer

"Nazistempelet" hang ved rederiet

Lett å få hyre i 1950-åra

18-mnd-kontraktar

Å kome heim...

Ut igjen

DS Marvel

Kolfyring

Leningrad 1953

Regnfrakken....

Klart skip...

Paal Strand ("Pablo")

lagt inn 10. feb. 2016, 22:04 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 13:18 ]

http://Paal.Strand.memoar.no/


Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjerederiet Askøy Bergen, noverande Fjord Line. Han fekk verkeleggjort gutedraumen om å sjå verda. Men han fekk og innsyn i dei mørke sidene ved sjømannslivet - ikkje minst kva slag arr som tyske torpedoar hadde brent inn i sinnet til skipskameratar som hadde vore krigsseglarar.

Han fekk oppleve gullalderen i norsk skipsfart - og på godt og vondt fekk han oppleve endringane utover 1970-talet. På den eine sida vart det mogleg å invitere alle ombord - mannskap, offiserar og passasjerar - til grillfest på akterdekket. På den andre sida vart bemanninga bygd så ned at det i vere sjømann vart eit einsamt yrke.

Han fann kjærleiken i SørAmerika - "Frieriet kosta 110 dollar i telefonrekning" - og budde i mange år i Columbia. Men sist vart det så langt mellom hyrene i utanriksfarten at han tok med seg familien heim til Fana - og begynte på Askøyferja.

Direkte adresse til denne sida: http://Paal.Strand.memoar.no/


Paal Strand


Opptaket vart gjort på Sjøfartsmuseet i Bergen den 17/1-2016, med publikum til stade. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar. 

Stikkord i forteljinga:

Reiselyst

1961: TT "Frosta"

Mannskapet

Ein nydeleg båt

Speidar og Dræggegut

Fyrste bakkstørn

Standby

Utkikk

Algeriekrigen

Japan 1961

Musikk

Suez

Rortørn

Nr.1 på dansen i Fana

Som eit virus i kroppen


MS Trajan

Basra 1963

Nysgjerrigheit

Japan 1979

Synet på sjøfolk

Tatovering

Tatovering i dag

Hamnebyar

Containerrevolusjonen

Byssegut

Maskingut

Kjelesjau

Spylebelte

Doxfordmaskin

MS "Villanger"

Gøtaverken


MS "Utsira"

Maskinutvikling

Stempelsjau

"Maskinvirus" ôg.

- "ei sjel og ei skjorte....."

MS "Fauskanger"

Bygge ned skilene

Krigsseglaren"Onkel"

Openlugar

Krigsseglaren "Billy"

Kvinnene ombord

Psykisk

Einsemd

Kjærleiken

Santa Marta, Columbia

Arrestert i New York

Flytta heim i 1976


Nils Audun Mugaas Vassenden

lagt inn 8. jan. 2016, 03:42 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jan. 2017, 10:27 ]

Vassenden vaks opp i Klokkarvik på Sotra, der mineleggaren KNM Tyr var stasjonert då det nærma seg krigsutbrotet. Han vart kjend med styrmannen ombord, og var augevitne til deler av kampane mellom Tyr og tysk marine etter 9. april.  Den same styrmannen vart redninga då Vassenden snaue to år etter krigen mønstra på skuleskipet Statsraad Lemkuhl. Han var då berre 14 år gamal, for ung til skuleskip. Men styrmannen gjekk god for han.  
I dette intervjuet fortel Vassenden utfyllande om tida på Statsraaden i 1947.  Han held fram med å fortelje om fyrstereisa si på Ditlef Simonsen sin lastebåt MS "Skagerrak", der det var eit stort innslag av krigsseglarar ombord. 
Han fortel levande om topedonerver og nattlege mareritt for dei - om om heimlengt og rømmingar mellom nygifte unggutar som måtte stå hyre i opp til 30 månader om dei var uheldige. 
Han mønstra som jungmann i september 1947 - og kom heim som matros, knapt 17 år gamal i 1949, etter to år på Austen og SørAmerika.  
Han fortel og om interessante år i Marinen på 1950-talet. 
Etter 1961 har han arbeidd i sjøforsikring og sjørett. (Sjå hans eigen utfyllande tekst nedanfor)  
Opptaket vart gjort med publikum til stade på Sjøfartsmuseet i Bergen, sundag 13. desember 2015. Intervjuar var Bjørn Enes





  (Utskrift)


Nils Audun Mugaas Vassenden

Direkte adresse til denne sida er http://Vassenden.memoar.no/ 


Stikkord i samtalen:

Klokkarvik i Sund på Sotra

Skuleskip - 14 år

Statsraad Lemkuhl 1947

Seglmakaren

Forpleiing

"Work-up"

Knopar og segl

Ingen safety

Faste plassar

211 gutar

Sjøsjuke i riggen

Forhistorie i Klokkarvik 1940

KNM "Tyr" 1940

Gjensyn på Statsraaden

Sjølvjustis

"Kongens kvarter"


Sjøvakter

Baut

Statsraaden i dag

Motoren

Tokt

Tatovering

Gløymd ventil

Landvakter

Disiplin

Avslutning på Statsraaden

Fyrstereis på MS Skagerak

Krigsseglarar

Mareritt

Forhistorie - Liverpool 1941-45

Då dei kom heim.....

Krav om seks års skatt

Bitterheit

India 1947


Rømmingar

Matros - 16 år

Heimlengt

Til Europa - 59 døgn i sjøen

Lesestoff

Heim 1949

Meir om MS "Skagerrak"

Wire-spleising

Kakerlakkar

Ut igjen

Marinen 1953

Offisersaspirant

Fenrik - KNM "Oslo"

Artillerisjef - KNM "Oslo"

Skipperskulen 1956

1961 - søkte jobbar på land

Ny jobb i sjøforsikring

Før - og nå


Ole Christian Næss

lagt inn 1. des. 2015, 09:46 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 09:56 ]

Ole Christian Næss reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968. Det var ein heilt ny måte å reise ut på, som vart introdusert på same tid som dei store nedbemanningane sette inn. Han fortel om nyvinningar innanfor navigasjonsteknikkar - eigentleg laga for fly - og om den nye opplæringsstrukturen i Wilhelmsen. Då ryktane tok til å gå om jobbar for sjøfolk på plattformer og boreriggar, kunne mange ikkje tenkje seg noko slikt. Derfor var det ikkje vanskeleg å få jobb på dei fyrste norske plattformane. Næss fortel fargerikt om dei fyrste åra av norsk rigg-fart. I Del 1 skjem han fram til 1976, då han gjekk frå plattform til forsyningsskip for å få godkjend skipsførarsertifikatet sitt. Det er den verste farten han har vore i, fortel han - meir om det i Del 2 som vert publisert seinare i desember 2015. 
Opptaket av Del 1 vart gjort i Bergen Sjøfartsmuseum sundag 15. november 2015. Intervjuar var Bjørn Enes.









 



I munnlege forteljingar som denne kan det lett oppstå "trykkfeil" i form av konkrete opplysningar som etterpå viser seg å vere feil. Næss har i ettertid funne to slike faktafeil: 

*) Riggraten etter ombygginga av Treasure Hunter i 1976 var 40.000 dollar, ikkje 60.000 dollar som det vert sagt under stikkordet "ratene".

**) Den første hyperbariske livbåten (redningsbåt for dykkarar under trykk) kom i 1977, ikke i 1978 som det vert sagt under stikkordet "Dykkarane".  Dykkarane var dermed utan rømmingsutstyr i eitt år, ikkje to. 


Del to av forteljinga er under arbeid.  Direkte adresse til denne sida er http://Ole.Christian.Naess.memoar.no/  


Ole Christian Næss



Mellomtitlar i forteljinga:

Oppvekst i Eidanger

Ungdomsskule - Gymnas

Offisersaspirant

Fyrstereisa 1968

MS Takara

Nedbemanning

"Sosial trykkkoker"

Skandalekampen

Bulkfart

Lukeproblem

Stykkgods

MS Taimyr

Europa - Austen

Scan-Service

Nye navigasjonsteknologiar

Opplæring på brua

Navigasjonsskulen på Ekeberg, Oslo




 


Marinen

Telegrafistkurs

Kjærleiken

MS Tricolor

Kjærasten ombord

Skipperskulen i Kristiansand

1975 - offshorealderen

Midt-Austen

Rykter om plattformjobbar

Starten i Nordsjøen

Ocean Viking / Ocean Traveler

Amerikansk organisering

Norsk organisasjon

Amerikanarane

Waage2

Aker H3

Treasure Hunter





Jomfruturen Treasure Hunter

Ny blackout i Kanalen

Riggmekanikaren

Slagside i Marokko

"Norge - Amerika 1-1"

H# og Atlanterhavsdønningane

Ratene *)

Opplag

Austersjøen

Svensk olje likevel?

Crane & construction

Franskmenn og skottar

"Boogie Street"

Dykkarane **)

Meir om crane & construction

Treasure Finder - Brent

Over på forsyningsskip



Håkon Drange

lagt inn 22. okt. 2015, 04:22 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 09:27 ]

Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før han kom ut. I mai 1947 mønstra han på damptankaren "Tiger" som då låg i dokk i Fredrikstad for å lappe kulehol frå krigen og byggast om frå kolfyr til oljefyrt kjele. Så gjekk det ikkje betre enn at oljetanken eksploderte - og fyrstereisa begynte med tre månader i dokk på Akers Mekaniske - dokka finst enno, som småbåthamn på Aker Brygge....

Det er litt mykje bakgrunnslyd på dette minneopptaket - Håkon Drange melde seg spontant til å fortelje etter den "offisielle delen" av eit minneopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015. Det er dette publikumet me høyrer i bakgrunnen på opptaket.

Direkte adresse til denne sida er:http://Haakon.Drange.memoar.no/

Håkon Drange fortel om:


  • Kvifor han vart sjømann

    Håkon Drange

  • Fyrstereisa mai 1947 - våren 1948

  • Mosquitofarten på Aruba (nederlandske Antiller)

  • Sjømannskyrkja der

  • Mannskapsutskifting

  • Aircondition / standard ombord

  • Turen heimover

  • Korleis han vart stuert

  • Krigsseglaren "Stillehavbets skrekk"

  • Bryllupp og familieliv

  • Rasjonaliseringane på 60- og tidleg 70tal

  • Båtane D/T "Tiger", MS "Risanger", MS "Høyanger".

  • Og litt om 23 år som terminalarbeidar på skur 22 på Dokkeskjerskaien  


Meir sjøfart:  Sjofart.Memoar.no

1-10 of 13