Prosjekt‎ > ‎Motkultur‎ > ‎

Jostein Saakvitne

lagt inn 16. okt. 2015, 23:49 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 09:07 av lars Saakvitne ]
Medievitar og forskar. Bur og arbeider i Bergen, men er opprinneleg frå Voss. Var i mange år knytta til Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen, men er no frilansar. 

Han har tidlegare vore med å utvikle  NorgeslexiNorDiki og tidsvitnebasen Norgesdokumentasjon.

Sjå TV2 sitt intervju med Saakvitne om funnet av den tyske propagandafilmen "Kampf um Norwegen"


I oktober 2015 publiserte Jostein Saakvitne samtalen med Arild Værness om fandom-miljøet i Noreg på 1960/70-talet: 





Arild Wærness og Jostein Saakvitne om norsk fandom på 1960- og 70tal:
Ein samtale om subkultur på 1970- og -80talet mellom fandomveteranane Jostein Saakvitne og Arild Wærness. 
Fandom hadde utspring i sterk interessse for science fiction, og mange av dei som vart engasjerte i dette miljøet laga sine eigne fanziner - "70-åras bloggar". Saakvtne / Værness startar no eit arbeid for å dokumentere fandomkulturen gjennom å samle inn fanziner og anna kjeldemateriale, og å gjere fleire opptak av munnlege forteljingar i samarbeid med organisasjonen Memoar.no. Les meir på fandombloggen.blogspot.no


Jostein Saakvitne og Arild Wærness



Kaj Skagen om motkultur på 60- og 70talet:
Kaj Skagen er norsk forfattar, Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå 19/10 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar. Intervjuet handlar i hovudsak om Skagen sine livserfaringar og aktivitetar på 1960-, 70-og 80-talet. Nokre stikkord er Forsøksgymnaset, Norsk Gymnasiastsamband, Gateavisa, Hjelmsgate, tidsskriftet Arken og husokkupasjonane i Berlin på 1980-talet. Mot slutten reflekteren han over desse åra slik han ser dei i dag. Han avrundar slik: "No er alle motkulturelle. Untatt eg".
Les meir på KajSkagen.Memoar.no

Kaj Skagen:






Tom Larsen om STRILEDANS OG BYDANS på 60/70-tallet
Jostein Saakvitne i samtale med Tom Larsen om hans unge dager i Bergen på 60/70-tallet. Tom gir en livfull beskrivelse om fenomenet striledans og hvordan musikk- og danselivet var i byn i disse tiårene. Jenter med brødskalk i håret og sjenerte gutter med brylcreme og tynne slips. Mye danseglede, og et yrende lokalt musikkliv.

Opptaket er ein del av samlinga Http://Motkultur.Memoar.no

Striladans:












Comments