Prosjekt‎ > ‎Industri‎ > ‎

Robert Alsaker

lagt inn 14. feb. 2016, 22:03 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 13:23 ]
Robert Alsaker kom frå elektronikkverksemda NERA i Bergen til jobb som rasjonaliseringsingeniør på Falconbridge i juli 1964. 

Han begynte med metodestudier i vedlikehaldsavdelingane (MTM-systemet). Året etter kjøpte fabrikken det amerikanske UMS-systemet (Universal Maintenance System), som i hovudsak gjekk ut på å studere arbeidsoperasjonar, måle naudsynt tid og rekne ut grunnlag for arbeidsakkordar. UMS-organisasjonen vaks til 20, i tillegg valde fagforeininga eit tilsvarande tal UMS-tillitsmenn.  

Men der var motstand mot systemet frå Arbeidarforeningen, og mange mellomleiarar meinte at det var tungvint og fordyrande.

I 1969 kom den fyrste administrative datamaskinen. Den vart brukt meir og meir, og frå 1972 tok for alvor nedbygginga av UMS-staben til.

Den fyrste datamaskinen i produksjonen - "Nikkeline" - vart starta to år tidlegare. Begge maskinane var tidlege i datahistoria, men der var lite eller ingen kontakt mellom miljøa eller kulturane rundt dei: "Nikkeline" var drift, IBM 360 var administrasjon. Begge stader fylgde store endringar i organisasering. For eksempel vart det tydeleg at skilet mellom månadsløn til funksjonærar og timeløn til arbeidarar var fordyrande på grunn av doble og tredoble kontrollrutinar som ikkje lenger var naudsynte. Skilet vart avskaffa for å rasjonalisere, men det tok tid - mellom anna av di Arbeidarforeininga var skeptisk.

Organisasjonsendringane har helde fram. Han spissformulerer at formenn ikkje lenger trengst, og at ingeniørar ikkje trengst trengst i produksjonen lenger - dyktige fagarbeidarar er nok, og høgare teknisk kompetanse bør øyremerkast forsking og utvikling. Teknologi, miljøfokus og kompetanseheving har vore drivarar i utviklinga, men tvers gjennom endringane har kjerna vore den same: Eit framifrå samarbeid om å produsere.

"Industridød" er eit like meiningslaust uttrykk som "det papirlause samfunn".

Direkte adresse til denne nettsida er http://Robert.Alsaker.memoar.no/


Robert Alsaker:




Stikkord i opptaket:

1964 - Rasjonaliseringsingeniør

Metodestudier (MTM)

UMSmetoden 1965

Tidsstudier

1969 - motstand mot UMS

Akkordarbeid

UMS-akkordar

UMS-observatørar

UMS-tillitsvalgte

Eksempel motoroverhaling

"Gøys" på SO2-anlegget

Kloralarm i Elektrolysen

Slutten på UMS

Motstand mot akkord

Byråkrati

Nedbygging av UMS-staben

Datamaskinar

IBM 360



Programutvikling

Programfeil

"Hullkortavdelingen"

RPG-programmet

"Nikkeline" - 1967

Tidleg datahistorie

To datakulturar

Elektronikken - 1959

Militær teknologi

Systemtenking

Ny organisering

Eksempel: Timeregistering

Dobbeltkontroll

To lønssystem

Fast løn for alle

Avviksrapportering

Kulturendring

Arbeidar - funksjonær

Skepsis mot likt lønssystem



Skepsis mot pensjon

Avvikling av hierarki

Datamaskinane

Kreftsaken

Prosessomlegginga

"Vekk frå pyrometallurgien"

Fordelane med KLprosessen

Den nye organisasjonen

Krisa i 1982

Tradisjonar i Personalavdelinga

Nedbemanning

Pyramidekutting

Kompetanseheving

Kutting frå toppen

Formennene

Ingeniørane

Fagarbeidarane

Samarbeidstradisjonane



Comments