Prosjekt‎ > ‎Industri‎ > ‎

Erling Stensholt

lagt inn 4. jan. 2016, 05:40 av Bjørn Enes   [ oppdatert 24. okt. 2016, 09:19 ]
Dette opptaket vart gjort heime hos Erling Olav Stensholt i Kristiansand den 3.desember 2015. Han fortel at han kom til Falconbridge som nyutdanna sivilingeniør i 1964, for å arbeide med eit SINTEF-prosjekt på dei gamle rostovnane. Eit drygt år seinare vart han tilsett direkte på Falconbridge, og med unntak av ein periode i Zambia (1968-71) og ein i Kanada (1971 -73) var han med i leiinga av den teknologiske utviklinga på Nikkelverket heilt til han gjekk ut av styret i 2005. Han var teknisk direktør frå 1978-1990, viseadministrerande direktør frå 1990 og adm. dir. frå 1995-2000.

I samtalen trekk han fram tre faktorar for å forklare dei store endringane på verket:

  • Behovet for endring vart akseptert,

  • Teknologiane var tilgjengelege - her trekk han fram prosessteknologi, datateknologi og materialteknologi, og

  • Hierarkiet vart avvikla: Den nye industrielle organisasjonen involverer alle medarbeidarar - alle må ha kunnskap og handlefrihet.

(Intervjuar er Bjørn Enes. Han gjorde ein tabbe under opptaket - hår frå ei vindhette på mikrofonen forstyrrar biletet. Memoar beklagar dette sterkt.) 

Direkte adresse til denne sida er http://Erling.Stensholt.memoar.no/ 


Erlin Olav Stensholt:



Stikkord i intervjuet:

NTH 1956 - 1961

Oppvekst i Lardal, Vestfold

SINTEF-prosjekt 1961 - 1964

Utvikling av klorluteprosessen

Kjent teknologi

Prosessstyring

Data i prosessstyring

Materialteknologi

Nikkelmatte

Forureiningar i produktet

Bruk av nikkel

Endringsmotstand?

Bemanningsreduksjon

Nytt jobbinnhald


Krisa i 1982-83

Energibruk halvert

Teknologiske sprang

Endringsfaktorane

Helsefarane

Miljøomsyn

Rosteprosessen

Kolsdalspipa

Utslepp - tungmetall

Utslepp - organiske stoff

Miljøpress

SFT - Statens forureiningstilsyn

Omstillingane frå 1975

Skadelege arbeidsplassar

Strippemaskinen


FOU-avdelinga

Oppfinnarar

Prosedyrebyråkrati?

ISO-normene

Trekke med alle

Hierarkisk tradisjon

Ny organisering

Zambia 1968 - 1971

Kva var det som hende?

Behov for endring

Teknologi

Organisasjon

Miljøkrav

maskina kan produsere....

....folk er det alltid bruk for.


Comments