Prosjekt‎ > ‎Bergen:‎ > ‎

Randi Katharina Brustad

lagt inn 1. nov. 2016, 23:34 av Bjørn Enes   [ oppdatert 26. jan. 2017, 04:25 ]
Randi Katharina Brustad, tidlegare Haaland, fødd James-Olsen,  hadde det meste av 
oppveksten på Årstad i Bergen.  Mor hennar døydde då  Randi berre var sju år. Far hennar var lungelege - fyrst ved sanatoriet i Luster og seinare i Bergen. Frå Randi var ni år hadde ho stemor. 

I dette intervjuet fortel ho om episodar frå heile sitt litt liv - som var 93 år langt  då opptaket vart gjort.  Ho fortel om skulegang fyrst på Nygård, seinare på Jessen Skole, Ulrikke Pihls Pikeskole og Bergens Katedralskole og Universitetet i Oslo og Bergen der ho tok juridikum. Ho møtte filosofistudenten Arild Haaland  og gifta seg med han i 1944. Dei fekk tre barn. 

Randi var den fyrste kvinnelege leiaren av Studentersamfunnet i Bergen. Ho var ein av dei fyrste kvinnelege advokatane i Bergen,. Ho opna sin praksis i ein periode då det var store endringar i juridiske, sosiale, økonomiske og ikkje minst moralske  rammer rundt privatretten, og ho fekk svært mykje å gjere med familie- og skilsmissesaker i sin praksis. 

Desse sakene var slitsame, og ho søkte seg etter kvart til jusistjobb på Arbeidskontoret. Fyrst var ho jurist tilknytta Sjømannskontoret i mange år - deretter var ho leiar for ei ny avdeling for høgt kvalifiserte arbeidsøkjarar. I starten av oljealderen vart dette eit svært interessant arbeid. 

Utanom arbeidet var ho akrtiv på mange felt - mellom anna fortel ho om den tidlige kvinnerørsla på 1960-talet. 

Ho fortel mykje og engasjerande om barndom og  oppsedingskultur. Det tidlegaste minnet som dukka opp i henne i intervjuet var at ho fekk juling av far sin  - og at ho måtte sitje på badet og vente på at han skulle kome heim for å gi henne juling. 

Ho fortel om ein stor og  spennande venekrins i den  tidlege etterkigstida der dei - på godt og vondt - hadde omgang med mange kjende personlegdomar. Og ho fortel om alkohol og alkoholisme både heime og i venekrinsen. Ein av dei mest interessante sekvensane i opptaket er ein serie av forteljingar om familierettsaker ho hugsar særskilt godt fro si tid som praktiserande advokat. 

Intervjuet er to timar og førti minutt langt. Stikkordslista under videovindauget gir eit oversyn over gangen i intgervjuet. Talkodane i lista viser timar, minutt og sekund frå start. Nokre av stikkorda er klikkbare. Du kan sjølv lage peikarar til punkter i forteljinga ved å erstatte nullane med dei aktuelle tidskodene i denne peikaren:  https://vimeo.com/188213570#t=0h0m0s

Opptaket vart gjort 21. juni 2016 i Studio 1 i Bergen Bibliotek. Intervjuarar var Bjørn Enes og  Lise Haaland. 


Randi Katharina Brustad




Stikkord for innhaldet i intervjuet: 
01:14:00
Fyrste minne
02:14:00
Fyrste juling
03:10:00
Mor vart ikkje snakka om
04:17:00
Juling: Måtte venta på badet
05:50:00
Veslebror fekk brannsår
08:00:00
«Nå gråter din mor i himmelen»
10:58:00
Usenleg
12:06:00
Skulegang
12:32:00
Jessen Skole
13:05:00
Pihls pikeskole
14:29:00
Bestefar var domprost
16:59:00
Forteljingar om mor
19:17:00
Gestapoavhøyr
26:33:00
Ein full tyskar
28:29:00
Arild Haaland
30:05:00
Universitetet
32:03:00
Helserådet og tuberkulosen
33:23:00
eksplosjonen på Vågen
34:47:00
Far likte ikkje Arild Haaland
35:35:00
Hytta i Alversund
37:47:00
Tre barn
39:17:00
Studentersamfunnet
39:41:00
Indiahjelpen
40:57:00
Eigen advokatpraksis
41:30:00
Sjømannskontoret
42:30:00
Arbeidskontoret – avd for høgt kvalifiserte arbeidssøkjarar
45:33:00
Arbeidsmarknadsprosjket i Telemark
46:58:00
Problematisk mannskultur
49:47:00
Innvandring
54:49:00
Somalisk mannskultur
57:13:00
Eldre hjelper eldre
58:56:00
Foredrag – Vestlandske Blindeforbund
1 time +

2:20:00
Studentersamfunnet – Aksel Sandemose
03:30:00
Venekrins – Harald Ofstad
05:09:00
Venekrins – Olof Lagercrantz
06:27:00
Stor venekrins
09:49:00
Samfunnsliv og travelt familieliv
10:56:00
Skilsmissesakene
11:22:00
- økonomi bestemte
14:52:00
- fyrste sak i retten
16:30:00
- moralisme
18:01:00
- familievald
19:59:00
- mekling
22:10:00
- barnefordeling
25:33:00
- farskapssaker
28:13:00
Foreldrekonflikter går ut over borna
31:59:00
Kjensler
32:35:00
Kjensler og kulturkonfliktar
34:27:00
For lite verkelege kjensler?
36:07:00
«Meir opptatt av mor enn av mannen»
38:43:00
Fyrste kvinnelege formann i Studentersamfunnet
43:43:00
Tøff debattstil
44:40:00
Dans
45:36:00
U.Pihls Pikeskole
47:20:00
Flørtande lektor
48:50:00
«Frøkenaktige»
50:31:00
Handelshøgskulen vart nabo
51:35:00
Jessen Skole
57:07:00
Forteljarkunst
59:39:00
Sjølvbilete
59:56:00
Bestefar si slekt var sjarmerande
2 timar +:

01:02:00
Hån og juling
03:03:00
Mor hadde ikkje tid
03:50:00
Aldri rosande ord
04:09:00
Mykje krangling i 14-15års alderen
05:30:00
Solstrand
07:19:00
Tenestefolk
08:32:00
Syskjenkrangel
09:39:00
Alkohol
11:04:00
- Ville på restaurant
11:51:00
- Far sine siste dagar
14:11:00
«..gode og onde dagar..»
15:49:00
Familieselskap
19:04:00
Hjelpelaus
20:46:00
Redd
22:14:00
Måtte velgja: Juling, eller ikkje bli med til bestefar
23:03:00
Far var ikkje slem, berre lite følsom
23:42:00
Bestefar såg ikkje – eller blanda seg ikkje
24:12:00
Døden
26:59:00
har alltid sagt: «Eg vert ikkje gamal»
26:51:00
Kvinnerørsla
29:48:00
Vitenamkrigen og rustingsspørsmål
31:14:00
70-åra og Kvinnefronten
31:48:00
«Far? Veit ikkje – men mor er advokat..»
32:50:00
Dadda
35:23:00
Største endringane er kvinnerollene
37:09:00
Opplevde sterkast endring mellom 1986 og 1992
39:00:00
Eit godt liv.
40:10:00
SLUTT
Comments