Studio 1, Bergen Bibliotek


Viss du bur i Bergen: 

Alle innbyggarar i Bergen kan frå 2016 låne gratis eit intervjustudio i Bergen Bibliotek. 
Du kan lagre opptak i studio privat, la dei ligge i ei Dropboxmappe som kan delast med andre - eller laste dei opp til sosiale media som YouTube eller Vimeo.

Vil du vite meir? 
MEMOAR arrangerer kurs i bruk av studio og i minnesamling med video. 


Presentasjon: Slik går du fram:

Fullskjerm

Video: Slik går du fram:





Tekst: Slik går du fram: 

Sjekk kalenderen for å finne ledig tid i studio. 

Gå inn på Bergenbibliotek.no / Tjenester / Bestill et rom / Studio 1 for å fylle ut bestillingsskjema



Du får ein epost frå Biblioteket når bestillinga er stadfesta. 

Dersom tanken er å avlevera opptaket til offentleg arkiv og/eller å publisera opptaket på internett, 
bør du laga ein skriftleg avtale om dette mellom intervjuar og forteljar. 
Intervjuar og forteljar bør drøfta og gjerne signera det i forkant. 


Når dagen kjem: 
Gå til Biblioteket si musikkavdeling i andre etasje.

Vakta der (resepsjonen) veit at du kjem. 
Han / ho viser dei dykk Studio 1 og låser opp. (De får ikkje låne nøkkelen, men der er alltid folk i resepsjonen) 

Start datamaskinen i intervjustudio. (Startknappen er på baksida, i nedre venstre hjørnet)

Logg inn som "Memoar". Passordet får du i resepsjonen. 


Start kamera. 
Startknappen er på toppen av kamera: Trykk ned den vesle grøne knappen, og dra hjulet mot vindauget til du høyrer eit pip. 
Sjå i kameradisplayet, og dra startknappen mot vindauget att til kamera viser "Camera memory":

(Det skal altså ikkje stå "Play / Edig" eller "Camera Tape") 

Tenn lys. 
Det er brytar på kvar ledning. 

Nå skal alt vera klart. 
Plasser forteljaren i stolen slik at biletet blir fint - plasser ho/han helst i "det gyldne snitt".
Plasser intervjuaren i stolen framfor skjermen, helst så nær kamera som råd. 




Så er det berre å setje i gang!

 
Start opptak:
Trykk "Start recording" i menyen nederst i skjermbiletet.
Sjekk at menyen skiftar - når det står "Stop recording" i menyen, er opptakaren i gang.


Nå kan de gløyme teknikken og snakke i vei. 
Eit godt råd er å ikkje sjå i kamera - sjå på kvarandre. 

 
Stopp opptak: 
Trykke "Stop recording"
Sjekk at teksten i menyen skiftar - når det står "start recording" att, er opptaket slutt.

(De kan halde på så lenge de vil - eit opptak kan gjerne vera fleire timar langt. 
De kan også starte og stoppe så mange gjonger de vil.) 



Ferdig!

Etter siste "Stop recording" er jobben i prinsippet gjort. Opptaket ligg no lagra i ei Dropbox-mappe som heiter "Bergensminner".
Dersom du vil ha sendt opptaket heim til deg, kan du sende ein epost til Studio1@memoar.no og fortelja namn på intervjuar og forteljar og epostadressene der opptaket skal sendast. 

Bevaringsverdi:
Opptaket får mykje større verdi for framtida og for andre du deler med, dersom du forklarar litt i tekst om kva det handlar om.
Det ligg eit skjema i den same mappa som opptaka vert lagra i. Fyll det ut - eller fyll ut eit papirskjema som de får frå vakta. 

Redigering / publisering:
Viss du ynskjer hjelp til redigering og / eller publisering på Internett, kan du finna nokon på nettsida http://Hjelp.Memoar.no
eller kontakta den same adressa: Studio1@memoar.no 

Du kan leiga hjelp, eller be om at ditt opptak vert lagt i køen for dugnadsarbeid.
(Dugnadsarbeidet vert gjort av frivillige i Memoar. Viss mange ynskjer hjelp, kan det difor ta litt tid. 
(Memoar forsøker å finne finansiering slik at hjelparar kan engasjerast på lønna tid.)

Dropbox-mappa "Bergensminner" er ei felles mappe for Memoar, Bergen Bibliotek.
I fyrste kvartal kvart år, vert alle alle dokumenterte og delte opptak i Bergensminner avleverte til Bergen Byarkiv og til Norsk etnologisk gransking ved Folkemuseet).  Det er fagmiljøa der som avgjer kva som vert bevart.


For meir avanserte brukarar:

Kvar opptakssekvens får filmamn etter dato og klokkeslett: F.eks. 2016-01-27-13:04.mp4

Dra dykkar filar inn i dykkar mappe. 


Send så netadressa ("linken") til Dropboxmappa di til deg sjølv eller til andre. 
OBS: Alle som får nettadressa, kan sjå og laste ned opptaksfilane.

Redigering:

Mange har eige redigeringsprogram og dei bør bruka det dei er vande med. Memoar sitt standard format for ferdig film er .Mp4. 
Dersom du er medlem av Memoar, kan du få låne ein brukarlisens til nett-tenesta  WeVideo.com
Det er eit enkelt redigeringsprogram (du kan også etablera privat lisens der). 
Du kan redigera på den andre maskinen i Studio1. 
Ta kontakt med Studio1@memoar.no dersom du ynskjer å låna ein lisens. 


Internettpublisering:
Opptaket er forteljaren og intervjuaren sin eigendom. 
De står fritt til å dele opptaket med kven de vil - hugs berre at begge to er eigarar. 
Me tilrår sterkt at de har ein skriftleg avtale - f.eks. avtaledokumentet som også handlar om deling med Bergensminner. 
Memoar kan evt. hjelpa med internettpublisering dersom avtalane er gjort skriftleg. 

Spørsmål?

 
Lykke til!


Sjekk her når studio er ledig: 

Memoar Dropp inn Studio i Bergen




Comments