Hjelp

Alle kan fortelja, og alle har ei forteljing å dela. 

Men alle trivst ikkje med å intervjua - og enda færre har tid og interesse til å læra seg å dokumentera, redigera, arkivera og publisera. 

Er DU mellom dei som har denne interessa og vil ta deg tid, kan Memoar hjelpa deg på vei - fyrst og fremst med kurs.

Treng du hjelp . så arbeider Memoar for to løysingar: 

Dugnadshjelp:

Me arbeider for å rekruttera og læra opp frivillige som kan og vil hjelpa til med å samla inn, dokumentera, redigera, arkivera/avlevera og publisera minner. 

Dei fleste frivillige vert rekrutterte gjennom minne-innsamlingar om spesielle emner, så som sjøfartshistorie, yrkes- eller bedriftshistorie, lokalhistorie etc etc. 

Dersom dine forteljingar kan gå inn i eit slikt prosjekt, vil det vera større sjanse for å få dugnadshjelp. 

Det same gjeld dersom dine forteljingar kan vera starten på eit nytt minnesamlingstema! 

Slik gjer me det:
Memoar-medlemmer som har sagt seg villige til å arbeida dugnad, får tilgang til ei nettside som heiter Upublisert.Memoar.no      (Sida er usynleg for andre).

Der kan dei velgja dugnadsoppgåver som interesserer dei. 
Vil du på den lista. kan du ta kontakt med oss på epost til post@memoar.no


Leigehjelp:

Me arbeider også med å bygga opp eit nettverk av profesjonelle hjelparar. I fyrste kvartal 2017 sender me ein invitasjon til studentar og frilansarar innan fagområde som historie, kulturvitskap, journalistikk og filmproduksjon om å formidla oppdrag til dei. 

Dei vil få tilbod om å plassera gratis annonsering av sine tenester her. Når dette er på plass, vil interesserte kunna ta direkte kontakt med leverandørar. 

Kva kostar det?
Prisane på slikt arbeid vil truleg kunne variera etter kvart som leverandørar melder seg. Førebels kan me informere om at fylgjande prisar vert brukte i Memoar sine prosjektbudsjett: 

Intervju:                                                                               ca. kr. 3.200,-
(Førebuingssamtale, førehandsresearch, avtalediskusjon, organisering av opptak, gjennomføring av intervju (inntil tre timar), opplasting til Dropbox:

Etterarbeid:                                                                         ca. kr. 6.400,-
(Dokumentasjon med tekst og stikkord, etikkvurdering, produksjon av publiseringsversjon med stikkord som undertekstar, produksjon av dokumentasjonsdokument og nettside, publisering på nett, klargjering for avlevering til offentleg arkiv).



Comments