Dropp inn-studio i Bergen


I peridoen 7. desember 2016 til 22. bebruar 2017 prøver Memoar ut ei ordning der erfarne intervjuarar er tilgjengelege på frivillig basis kvar onsdag. 

Dei vil kunne hjelpa med å gjennomføra intervju eller å assistera  viss du sjølv skal gjera eit intervju i Studio 1 på Bergen Bibliotek.

Slik bestiller du time: 
  • Finn ledig tid i kalenderen nedanfor her: 
  • Skriv ein epost med namn, fødselsdato og nokre stikkord om kva du har lyst å fortelja om til Studio1@memoar.no  - eller fyll ut skjemaet lengst nede på sida. (eller her)
  • Viss du ikkje brukar epost, kan du ringe Bjørn Enes, tlf 41516745.
Du får epost, brev eller telefon tilbake når me har gjort avtale med ein intervjuar som kan møte deg.

Ledig tid finn du her:


Kva skjer med opptaket etterpå?

Det er forteljaren og intervjuaren som eig opptaket, og som bestemmer kva som skal skje med det. 

Memoar sitt prinsipi9elle syn er at den viktigaste eigaren er forteljaren - altså ho eller han som vert intervjua. 

Derfor lar me forteljaren bestemma:
  • Opptaket kan vera privat
  • https://docs.google.com/a/enes.no/viewer?a=v&pid=sites&srcid=ZW5lcy5ub3xtZW1vYXJ8Z3g6NDI4MTBmNmU3ZWE0ZjQ5Mw
    Opptaket kan avlevarast til offentleg arkiv saman med andre opptak frå prosjektet Bergensminne  
  • Opptaket kan delast med slekt, vener, gamle arbeidskolleger og andre gjennom publisering på internett / Memoar.no 
Memoar ynskjer at flest mogleg skal dela forteljingane sine,  både gjennom avlevering til arkiv og publisering på nett. Det er difor intervjuarane brukar fritida si på dette arbeidet. 


Forteljar og intervjuar signerer eit avtaledoikument som skal lagrast saman med opptaket. Du kan lasta ned standard avtaledokument her. 
Dokumentet er laga slik at viss du berre signerer, har du sagt ja til både avlevering til arkiv og publisering på nett. Viss du vil avgransa kven som skal få sjå det, stryk du berre over deler av samtykket. 

Viss både forteljar og intervjuar vil dela opptaket, legg Memoar det ut på nett med eit passord som berre forteljar og intervjuar får. Når begge har sendt ei skriftleg melding til Memoar om at passordet kan fjernast, tek me det bort slik at alle interesserte kan få sjå. Då vil også opptaket bli lagt ut på Bergen.Memoar.no

Seinare vil me så forsøka å få opptaket dokumentert. 



Bestill time her:


Comments