Alle har ei forteljing å dele - og alle kan lage forteljingar. Det er like enkelt som å slå av ein prat på eit bussstopp: Ta opp mobiltelefonen, Start kamera, Start videoopptak - film den som fortel Del på Vimeo, YouTube eller Facebook. MEN: Memoar ynskjer at fleire skal gjere det litt meir "profesjonelt": - Sikre litt betre lyd - Lage eit litt meir målretta intervju - Dokumentere det slik at andre kan finne litt lettare fram i det - Arkivere det på ein plass der det kan finnast att om femti år. Det er ikkje mykje vanskelegare! Me har tre råd: 1: Ta eit kurs (Frå 2016 vil Memoar gjerne hjelpe til å lage kurs kor som helst i landet. Ta kontakt: post@memoar.no) (Memoar vil gjerne hjelpe andre bibliotek med å etablere intervjustudio. Ta kontgakt!) Memoar kan formidla både dugnadshjelp og profesjonell hjelp. Les meir her. |