Fandom

15/9-15 - Bergen: Samtale mellom Jostein Saakvitne og Arild Værness

Dett er i uformell samtale mellom dei toveteranane i norsk Fandom. Dei snakkar mykje om Fanzine-kulturen på 1970 og -80talet, om korleis dei gjorde det reint teknisk for å lage den tids "bloggar" i stensilert format - fram til kopimaskinane kom og gjorde det mogleg å distribuere både bilete og forseggjorte layoutgrep (med Letraset)

Dei fortel om Fanziner (mikrotryksaker),  Fanfeider (strid mellom fans), Cons (kongressar eller konvent), og internasjonale nettverk. Dei snakkar om Fancom som ein del av motkulturen i Vesten. I Noreg var den aldri større enn nokre få hundre aktive. Men internasjonalit og særleg i USA var Fandom store saker med titusenvis av deltakarar på "Worldcon. 

I Noreg var kollektivet i Hjelmsgt. og økokollektivet på Karlsøy i Troms to kjende uttrykk for Fandom.

Saakvitne og Værness startar no eit arbeid for å dokumentere norsk Fandom. 

Samtale om norsk fandom

 
Comments