Framdrift


Vellukka minneopptak med Kaj Skagen

lagt inn 22. okt. 2015, 08:40 av Bjørn Enes   [ oppdatert 22. okt. 2015, 08:46 ]

Manddag 19. oktober vart minneopptaket med Kaj Skagen gjennomført. Intervjuar var Jostein Saakvitne og Bjørn Enes assisterte med kamera/lyd. 

Klipping og publisering av dette opptaket må drøye nokre dagar på grunn av opphoping både av industri- og sjøfartsminner. Me reknar med at det vil vere feerdig seinast i midten av november. 

Det vert no arbeidd med å finne finansiering for eit meir konsentrert arbeid i dette prosjektet. 

Kontaktperson er Jostein Saakvitne.  Epost: motkultur@memoar.org  

3/10: Opptak 2 i prosjekt Motkultur avtalt.

lagt inn 4. okt. 2015, 01:35 av Bjørn Enes

https://no.wikipedia.org/wiki/Kaj_Skagen
Intervjuopptak nummer to i Memoar sitt prosjekt Motkultur er avtalt måndag 12. oktober. Det vert ein samtale mellom Jostein Saakvitne og Kaj Skagen. Opptaket skal gjerast i Bergen. 

20/9-15: Nytt prosjektinitiativ: "Motkultur 1970"

lagt inn 2. okt. 2015, 23:07 av Bjørn Enes

Under arbeidet med å utvikle iden om å utvikle eit prosjekt om innsamling av forteljingar om norsk fandom, har spørsmålet meldt seg om perspektivet heller skal utvidast til heile den motkulturrørsla som slo inn i Noreg på slutten av sekstitallet, insirert av hippierørsla i USA. 

Jostein Saakvitne etablerte 20. september ein ny blogg til bruk i utviklinga av dette utvida perspektivet. 

Du finn bloggen her: http://motkultur70.blogspot.no/

16/9-15: Prosjektnettstad etablert

lagt inn 16. sep. 2015, 03:17 av Bjørn Enes   [ oppdatert 16. sep. 2015, 10:11 ]

Omtrent samtidig med at Saakvitne etablerte bloggen, hadde Memoar klar botnstokken til prosjektnettstaden for dokumentasjonsprosjektet. Det er Bjørn Enes i Memoar som laga fyrsteutkastet og fekk det på nett med adressa http://fandom.memoar.no.

Det er på same tid etablert ei epostadresse for prosjektet - fandom@memoar.no . Post til denne adressa går til Arild Værness, Jostein Saakvitne og Bjørn Enes (leiar i Memoar). Etter kvart som andre melder seg for å bli med i dette arbeidet, vil mottakarlista kunne utvidast 

Biletet som er brukt i topplogoen er eit utsnitt av Deivort sitt bilete frå 2006. Det heiter "what it may look like from titan"

16/9-15:Saakvitne etablerer "Fandombloggen"

lagt inn 16. sep. 2015, 03:11 av Bjørn Enes   [ oppdatert 16. sep. 2015, 10:12 ]

I fyrste omgang publiserte Jostein Saakvitne nærast berre ei arbeidsliste på addressa http://fandombloggen.blogspot.com. Men etter kvart skal den bli "ein ny fanzine på nett"

15/9-15: Opptak av dei fyrste forteljingane

lagt inn 16. sep. 2015, 03:07 av Bjørn Enes   [ oppdatert 16. sep. 2015, 10:14 ]

Tysdag 15. september 2015 gjorde me opptak av dei fyrste munnlege forteljingane om fandom-miljøet på Vestlandet. 

Arild Værness og Jostein Saakvitne sat i eit hjørne av utestaden BarBarrista i Øvregaten i Bergen og samtalte om fanziner, cons, fanfeider og andre ting som rann ut av minnet.
 
Det var og der og då dei sette i gong arbeidet for å digitalisere og publisere gamle fanziner 

1-6 of 6