Kaj Skagen
Kaj Skagen er forfattar, i dag busett i Bergen. Han var ein av dei sentrale personane innanfor det motkulturelle, anarkistisk og antroposofisk inspirerte miljøet på 1960- og 70-talet. I dette opptaket frå den 19/10 2015 vert han intervjua på sitt eige kontor av Jostein Saakvitne frå Memoar.
Han fortel om Forsøksgymnaset, ulike politiske og litterære aktivitetar, grupperingar på 60-, 70 og 80-tal. Han reflekterer også over perioden slik han ser den i dag. Han seier mellom anna at dei motkulturelle rørslene på 70-talet eigentleg ikkje sto for noko nytt, både hippiekulturen, antroposofien og marxismen hadde sine høgdepunkt langt tidlegare - dei vart berre fullførte på 70-talet. "Alt det dei motkulturelle sto for på 1970-talet er jo mainstream i dag. No er alle motkulturelle. Untatt eg".
Opptaket er utstyrt med mellomtitlar for å lette navigering i det. Sjå Http://KajSkagen.Memoar.no
Arild Wærness og Jostein Saakvtine
Kafédrivar, teikneserieskapar, forlagssjef, festivalgründer, - ein kan velgje mange titlar for å presentere Arild Wærness. Han har røtene på Stord, har farta over det meste - og bur i Bergen.
Hausten 2015 sette han seg ned for å mimre over ein liten del av historia si saman med ungdomskameraten Jostein Saakvitne. Saman laga dei "sam-forteljinga" om norsk fandom på 1970 og -80talet. Medan kamera gjekk, bestemte dei seg for å starte ein innsamlings- og publiseringsprosjekt for å publisere gamle fanziner frå subkulturen av science-fiction-tilhengjarar på 60- og 70-talet.
Stikkord for samtalen:
Fanziner - og teknikkane for å mangfaldiggjere tekstar og bilete i stensilmaskinane si tid.
Cons - Norcon, Swecon, Gøtacon og Worldcon.
Kven som var med - kva det vart av dei seinare.
Kva dei skreivom
- og kva dei krangla om.
Mot slutten av samtalen vert dei to samde om å starte prosjektet fandom.memoar.no
Hot News
Viser innlegg 1 - 5 av 6.
Vis mer »
| Høyr / sjå Værness og SaakvitneOpptak av ein minnesamtale om norsk fandom mellom veteranane Arild Værness og Jostein Saakvitne Fleire opptak? Send idear til fandom@memoar.no |