Helgekurs i Sarpsborg 3-5 mars 2017, Østfoldmuseene/Memoar

Memoar og Østfoldmuseene  gjennomfører introduksjonskurs til munnleg historie / minnesamling på Borgarsyssel Museum i dagane 3 - 5. mars 2017. 
Deltakarane er tilsette og frivillige ved Østfoldmuseene, i alt ca 10
Posjektleiar er Christine Haugsten Ellefsen 
Kursleiar er Bjørn Enes frå Memoar

Fokus:
«Borregårdssamfunnet» (arbeids og kvardagshistorie i og rundt Borregård Fabrikker).

Tid og stad :
  • Fredag 3 til sundag 5. mars, alle dagane frå  kl. 9 - ca 15:30. 
  • Administrasjonsbygget ved Borgarsyssel Museum i Sarpsborg. 

Forslag til køyreplan: 
Fredag 3. mars kl 09: - 15:30
  • Presentasjonsrunde: Kursleiar og kvar deltakar fortel litt om seg sjølv.
  • Munnleg historie - Kva og kvifor? Bjørn går gjennom presentasjon og me  diskuterar  
    • Litt minneteori, litt om Memoar, litt om arbeidsområda opptak, dokumentasjon, deling og formidling, litt om rollane intervjuar, forteljar og formidlar, litt om etikk og juss, litt om arkivering og bruk. 
  • Lunsj 
  • Verktøyet: Me skal leika oss litt med kamera - lyd og lys   (Memoar sitt mobilstudio, to kamera, ein lydopptakar)
  • Førebuing av minst to intervju på dag 2. 
    • Kven skal intervjuast? Kva skal intervjuet handla om? Kven skal intervjua?
Laurdag 4. mars kl 9- 15:30:
  • Intervju 1 - gjennomføring. 
  • Samtale om erfaringane 
  • Intervju 2 - Gjennomføring
  • Lunsj 
  • Etterarbeidet: Bjørn går gjennom presentasjon og me  diskuterer  
    • Dokumentasjonsmetoden, redigering av publiseringsversjon, mellombels arkivering, avlevering til offentleg arkiv, publisering på nett, bruk av munnleg historie i museum og andre publikasjonar.
  • Dokumentasjon av intervju 1 og intervju 2 ( Halve gruppa på kvart intervju).
  • Arkivering og publisering: Demonstrasjon av enkel videoredigering og opplasting til nett. 
Sundag 5. mars kl 09- 15:30
  • Produksjon av nettside: 
    • Introduksjonstekst, embedding av video, stikkord, tagging av stikkord. 
  • Lunsj 
  • Prosjektutvikling: Bjørn går gjennom presentasjon og me  diskuterer
    • Arbeidsminner, Borregaard. Fokus, målsetjingar (antal), temaliste (endringshistorie), samarbeidspartnarar, budsjett, frivillig/profesjonell, 
  • Etablera av fylkeslag av Memoar i Østfold?
  • Evaluering

Teknikk:
Me treng fylgjande utsyr:
  • Storskjerm eller prosjektor (info om tilkoping med eller utan HDMI) (Att: Christina)
  • Netttilgang (breidband) (Att: Christina)
  • PC: Deltakarane kan veldig gjerne ha med kvar sin PC, særleg på laurdag og sundag.  (Oppmoding til deltakarane)
  • Kamera:  (Bjørn har med to. Viss museet harvideokamera, er det fint om de/dei og kan vera med) - Evt. også lydopptakar.) 
  • Lys (Bjørn tar med Memoar sitt mobilstudio)
  • Bakgrunn: Me satsar på å bruka ein vegg eller eit rom eller - viss det er godvær og ikkje alt for mykje trafikkstøy - utandørsopptak. 

Organisering/økonomi: Forslag:
  • Innhald og køyreplan: Bjørn foreslår, juseterer etter innpel og tar aqnsvar for gjennomføring. 
  • Lokale: Kristine ordnar lokale og finn ei løysing for kaffi og lunsjar (evt. kan deltakarane få melding om å ta med matpakke) 
  • Kontakt med deltakarane:  (Invitasjon, praktisk info etc.)  Christine? 
  • Teknisk utstur: 
    • Bjørn ordnar to kamera, to lysstaiv og ein PC/Mac 
    • Christina ordnar  strskjerm/prosjektor+lerret, breidbandstilgang og oppmodar deltakarqane om å ta med eigen PC. 
  • Pkonomi: 
    • Memoar dekker Bjørn si løn  (Normal pris for dette kurset vil vera 37,500 kr) 
    • Østfoldmuseene dekkjer reisekostnad og overnatting for Bjørn .
    • Østfoldmuseene dekkjer lokalleige, kaffi, (evt. lunsjar), løn til eigne tilsette.
    • Frivillige stiller på eiga tid.  




Comments