Logging er den mest tidkrevjande delen av arbeidsprosessen i minnesamling med video. Mange vil også seie at det er den viktigaste. Gjennom prosjektet "Munnleg historie for alle" forsøker Memoar nå å bygga opp eit "loggarlag" - eit nettverk av frivillige som kan tenkja seg å vera med å dokumentera munnleg historie gjennom logging. for å bli "autorisert" som loggar, må du helst gå gjennom eit kurs, i det minste dette kortkurset på nett. I tillegg må du signera ei taushetserklæring. Loggen skal gi brukarar (i framtida og i dag) eit oversyn over kva intervjuet handlar om, og kor dei kan finna det dei har lyst til å sjå. Her har Bjørn Enes forsøkt å forklara:
Datakunnskap:
"Perler på ei snor":
Tidskoder:
Slike "koder" er ikkje meir komplisert enn informasjon om kor mange timar, minutt og sekund som har gått sidan start.
(Hundredelane treng me ikkje bry oss om når me loggar. Det er greit å vite at nokre dataprogram har dei med (WeVideo, Excel), andre ikkje (Vimeo, Google rekneark)).
Formålet med stikkorda er å gjera videoen søkbar. Brukarar - no og i framtida - som søker etter noko som finst i dette opptaket, skal fyrst finna nettsida der loggen står. Når dei ser loggen, skal dei raskt kunne få eit overblikk over kva det inneheld. Vil dei så sjå nærare på det, skal dei like raskt kunne finna tidskodane for det dei vil sjå på. Aller helst skal desse tidskodane også vera klikkbare.
Ein kunst er å bruka sannsynlege søkeord: Finst det ei emneordliste for fagfeltet, så er det fint å bruka ord frå den.
Etikk:
Ein viktig del av loggejobben er å vurdera om det finst etiske eller juridiske problemfelt i intervjuet.
Viss du finn slike, er det viktig å markera dei tydeleg, slik at prosjektleiar ser dei når ho/han får loggen. Marker - gjerne med raudfarge - kor dei startar (tidskode), og kor dei er gått over.
Papir og blyant:
Det gode og gamle verktøyet er ofte også det mest effektive! Også for folk som er vande med datamaskinar
Leit etter perle nr. 1 - skriv ca tidskode, noter ord som du merkar deg i den breie kolonna. Stopp videoen av og til.PC eller Mac eller Chromebook: Viss du er så vand med datamaskin at det er lettare enn papir og blyant, gjer du det på same måten. Hugs kaffien!
Send ferdig logg til prosjektleiar. Hugs å ta med markeringar av eventuelle etiske problemfelt. Har du ikkje fått adresse til prosjektleiar, så send loggen til post@memoar.no. Send han gjerne også til ho eller han som skal redigera, viss du veit kven det er.
Takk for innsatsen! Bli med på dugnad! Hjelp til å utarbeida innhaldslogg og tekstsamandrag av opptaket over! Viss opptaket er sperra med passord må du fyrst vurdera og signera eit taushetsløfte som du så må senda til post@memoar.no. Sjå meir om logging under Ny samlar? |
Samarbeid >