Ressurssenter‎ > ‎

4 - Infrastruktur

Memoar arbeider for at det offentlege skal etablera «eit munnleg riksarkiv» der både profesjonelle og frivillige kan avlevera bevaringsverdig munnleg kjeldemateriale på same måte som for skriftleg kjeldemateriale. Vingteren 2018/2019 samarbeider me med Norsk etnologisk gransking om å utvikla www.minner.no til eit slikt avleveringspunkt.

Fram til drifta av eit slikt «munnleg riksarkiv» er sikra, kjem Memoar til å bygga og oppretthalda eit mellombels arkiv for alle som har avleveringsklart munnleg kjeldemateriale. Dette mellombels arkivet har form av ei nettskyløysing i samarbeid med Dropbox.

I tillegg til arkivering av ferdig og avleveringsklart materiale, trengs det ein felles infrastruktur for effektiv arbeidsflyt og (ikkje minst) arbeidsdeling i prosessen frå intervjuopptak fram til avleveringsklart dokument. Denne kjem det til å vera behov for også etter at «eit munnleg riksarkiv» er på plass.

Kort skissert ser denne infrastrukturen slik ut:

  • Prosjektarkiv: Straks eit intervju er gjort, blir råopptaket lasta opp til ei prosjektmappe i Dropbox.

  • Redigering: Frå prosjektarkivet blir råstoffet tatt inn i det skybaserte redigeringsprogrammet WeVideo for enkel redigering av publiseringsbart intervju og/eller kortare utdrag til bruk i formidling. Etter redigering blir videoane lasta attende til prosjektarkiv.

  • Publisering: Lange og/eller korte videoar som skal publiserast blir kopiert over frå prosjektarkiv til den skybaserte publiseringstenesta Vimeo. Derifrå kan videoane strøymast il internet, byggast inn i nettsider eller mobilapplikasjonar, QR-kodast, geotaggast etc.

  • Parallelt publiserar me også gjennom Minner.no. Når/viss den får tilsvarande funksjonalitet som Vimeo vil den bli primær publiseringskanal.

  • Arkivering / avlevering: Når arbeidet med dokumentasjon og redigering er fullført og skriftleg avtale om bruk er signert, vert personmappa i prosjektarkkivet merka klar for avlevering. Avhengig av kva som er avtalt i det einskilde prosjekt vil mappa så bli avlevert til lokalt arkiv eller museum og/eller til Norsk Folkemuseum gjennom Minner.no.

  • Viss det ikkje lukkast å få avlevera til offentleg bibliotek, museum eller arkiv, vil mappene bli verande i Memoars mellombels arkiv fram til «eit munnleg riksarkiv» er på plass.

Historielag, musé, bibliotek eller arkiv som ynskjer å bli med på å bygga ein slik felles infrastruktur kan leiga seg inn for eit år om gongen til desse prisane:

Prosjektarkiv: Kr. 1500,- pr. 1,5 Tb

Redigering: kr. 150,- per brukarlisens.

Publisering: Kr. 1.000,- pr. 1Tb

Arkivering: Inkludert i prosjektarkiv.

Ta gjerne kontakt for å drøfta kortare eller lengre tids tilknytting til denne infrstrukturen. Kontaktpunkt: post@memoar.no, att. Bjørn Enes 

Comments