Ressurssenter‎ > ‎

2 - Intervjuinnsamling

Stiftelsen Memoar er eit ressurssenter for munnleg historie som samarbeider tett med offentlege institusjonar, frivillige organisasjonar, næringsliv og privatpersonar om å samla inn, dokumentera og bevara immateriell kulturarv i form av munnleg historie. Me kan også formidla fagpersonar som kan leigast inn til slikt arbeid.

Innsamling handlar både om å kartlegga, digitalisera og arkivera eksisterande munnleg kjeldemateriale på forgjengelege media (lydband, kasettar, gamle videoband, CD/DVD´ar), og om å førebu og gjennomføra nye intervjuopptak. Memoarstaben og/eller tilknytta frilansarar kan påta seg å utføra begge kategoriar innsamlingsoppdrag, eller å bistå organisasjonar/verksemder som sjølve vil gjera det meste av arbeidet.

Memoar kan bidra med fylgjande tenester:

  • Intervjuinnsamling: Rådgjeving under utval av kven som skal intervjuast (timebasis), førebuing, rigging, gjennomføring, nedrigging og opplasting til prosjektarkiv. Normal timebruk er ca 6 timar/intervju. Det omfattar forarbeid, rigging, intervjuopptak, feltdagbok og etablering av/opplasting til prosjektarkiv. Større prosjekt gjer det mogleg å rasjonalisera tidsbruken - konkret tilbod må utformast i kvart prosjekt.

  • Intervjukurs for organisasjonar / verksemder som vil gjera intervjuarbeidet sjølve. Dagskurs kr. 6000,- pluss lokalleige og lunsj. Kurset omhandlar:

    • Kva er munnleg historie? Målet med munnleg historie-intervju. Etikk og jus, opphavsrett og ytringsfridom.Samtykkeerklæring / avtale om bruk.

    • Tematikk i dette konkrete prosjektet: Kva trur me at me er på jakt etter? Fyrsteversjon av emneordliste.

    • Utval av forteljarar. Kven inviterar me fyrst?

    • Litt teknikk:Kamera, lyd og lys.

    • Magien i den gode samtale: Kunsten er å få forteljingane til å renna. Litt om å vera forteljar. Litt om å vera intervjuar. Litt om sant og usant, minne og meining. Styrke og manglar i munnleg kjeldemateriale. Øving.

    • Avslutting av intervju. Prinsipp i prosjektarkiv. Opplasting til prosjektarkiv. Feltdagbok.

  • Rådgjeving/support under intervjuinnsamling: Dette må diskugterast konkret i kvart prosjekt.

  • Etablering av permanent intervjustudio: Institusjonar som bibliotek, musé, lokalarkiv eller historielag med eigne lokale kan med stor fordel etablera permanente intervjustudio. Me har erfaring og kan hjelpa med lågbudsjett-løysingar. (Kamera – lys – lyd, studioprogram, arkiveringsløysing – direkte opplasting til prosjektarkiv)

Til hjelp i budsjettering:

  • Vanlegvis går me inn i samarbeidsprosjekt, heller enn normalt kjøp/sal av tenester.

  • Me budsjetterar samarbeidsprosjekt med timepris kr 550,-. Ved mva-pliktig tenestesal vil timeprisen vera 690,- inkl mva.

  • Kontakt for konkret samarbeidsdrøfting eller tenestebestilling: post@memoar.no, att. Bjørn Enes eller Efraim Kanestrøm.

26/11-2018-BE

Comments