Ressurssenter‎ > ‎

1 - Forprosjekt munnleg historie (oral history)

Vi som lever nå er fyrste generasjon som kan ta vare på og dela munnlege primærkjelder i massomfang. Det gir svært mange moglegheiter, både for forskarar og historieformidlarar, regionale og lokale administrasjonar, næringsliv og frivillige organisajonar og familiar:

  • Nøkkelpersonar kan fortelja med eigne ord, gjerne i timevis, og opptaket kan bevarast for all framtid.

  • Originalopptaket kan gjerast søkbart

  • Ut frå originalopptaket kan det lagast korte utdrag til bruk i mange formidlingsmedia (utstillingar, presentasjonar, som levande illustrasjonar i artiklar, i digitale applikasjonar/vandringsruter, i nettmedia og sosiale media etc)

Memoar kan samarbeida om eller leigast inn til forprosjekt munnleg historie (oral history) for å definera målsetjingar, organisera, budsjettera og planlegga munnleg historieprosjekt. Me har gode erfaringar med å «kickstarta» eit slikt forprosjekt med eit kortkurs.

Kursinnhald:

Detaljane i kursinnhaldet vert tilpassa kvar kunde/samarbeidspartnar. Kurset vekslar mellom foredrag/presentasjonar og diskusjon om kunden/samarbeidspartnaren sitt konkrete behov.

  • Kva er munnleg historie (oral history)? Historikk, internasjonalt, litt minneteori, grunnar for munnleg historieprosjekt, munnlege kjelder supplerer, men erstattar ikkje andre kjelder.

  • Innhaldet i eit munnleg historieprosjekt:

    • Intervjuopptak: Utval av forteljarar. Etikk og jus – avtalar, opphavsrett og ytringsfridom. Førebuing før intervjuopptak. Tekniske krav. Tidsbehov.

    • Dokumentasjon: Prosjektarkiv – lagring, backup og deling av råstoff. Etikk – Ver varsam-plakaten. Opptaksfil og publiseringsfil. Logging eller transkripsjon. Emneord. Tidskoding. Markering av aktuelle utdrag.

    • Redigering: Prinsippet om minst mogleg redigering. Etikk, ytringsfridom og opphavsrett i redigeringsfasen. Opptaksfil og publiseringsfil. Start og slutt. Revisjon av tidskodetagging. Produksjon av publiseringsfil. Produksjon av kortvideoar. Prinsipp for filnamn.

    • Avlevering og publisering: Arkivering i personmappe. Etikk, ytringsfridom og opphavsrett i samband med publisering. Avlevering av original- og publiseringsfil til norsk Folkemuseum eller anna offentleg arkiv. Arkivering av redigert materiale (utdrag).

    • Formidling: Innbygging av video og tekst i nettsider. Utvikling av prosjektnettside. Innbygging av video i presentasjonar, bloggar. Publisering gjennom sosiale media. Innbygging i digitale applikasjonar. Geotagging. QR-koding.

    • Budsjettering: Kva kostar eit totalprosjekt? Kva kan ein gjera sjølv – kva må ein leiga hjelp til? Kor kan ein leiga hjelp?

Dette kurset kan gjennomførast som eit dagskurs der formålet er å gi deltakarane godt nok overblikk over kva som skal til for å planleggja og budsjettera eit munnleg historieprosjekt.

26/11-2018-BE

Comments