Ressurssenter

Forteljingar om oppvekst, skulegang, arbeidsliv og fritid, om store og små hendingar, sorger og gleder 
– det er eit grunnelement i all historie og all kulturvitskap.
Memoar kan bidra med:
  • Forprosjekt. Dagskurs om planlegging av intervjuinnsamlingar.
  • Intervjuinnsamlingar: Førebuing. Emneordlister. Utval av kven som skal intervjuast, Gjennomføring av intervjuinnsamlingar. Opplæring til organisasjonar som vil gjera intervjuinnsaminnga sjølve. Kurs om etikk, jus, opphavsrett og ytringsfridom, lyd, lys og bilde, intervjuteknikk og lagring av råstoff. Digitalisering av gamle opptak.
  • Dokumentasjon: Produksjon av tekstar og loggar slik at lyd- og videofilar blir søkbare. Opplæring til organisasjonar som vil gjera dokumentasjonsarbeidet sjølv. Redigering av bevaringsverdige kjeldefilar og korte formidlingsfilar. 
  • Infrastruktur: Samarbeidspartnarar kan bli med å dela felles struktur for mellomlagring, redigering, arkivering og publisering av store lyd- og videofilar.

Tidlegare var det berre forteljingane til dei aller mest synlege personane som kunne bevarast, og berre det som vart fortald i skriftleg form. Me som lever no er fyrste generasjon som kan legga etter oss munnlege forteljingar i masseomfang, frå heilt vanlege menneskje. Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, har som visjon å samabeida med historielag, musé og andre frivillige og profesjonelle verksemder om å bygga opp rike samlingar av munnleg historie i alle kommunar og alle fylke.