Om Memoar‎ > ‎

Stiftingsdokument

Protokoll frå stiftingsmøte 2. juli 2015 - Memoar.

Torsdag 2. juli kl 12 - 13 vart det gjennomført stiftingsmøte for organisasjonen Memoar.

Møtet vart gjennomført i Nordbøveien 16 med elektronisk deltaking av tre medstiftarar som ikkje kunne møte personleg på grunn av reise. Dei som tok del i stiftingsmøtet var:

Bjørn Enes (til stade), Astrid Helene Olsen (til stade), Jostein Saakvitne (tilstade over telefon), Lars Ole hafsmo (tilstade over telefon) og Gunn Marit Sæbæ Meyer (til stade over telefon)

Fylgjande saker vart gjennomgått:

  1. Presentasjon av bakgrunnen for møtet. Dette vart gjort ved at Bjørn Enes gjekk gjennom forhistoria slik den er oppsummert på nettsida www.memoar.org.

  2. Forslag til vedtekter. Forslaget var sendt ut på førehand. Det vart einstemmig vedtatt som vedtekter fram til fyrste ordinære årsmøte hausten 2015.

  3. Val av styre: Fylgjande styre vart vald:

Leiar: Bjørn Enes

Øvrige styremedlem: Jostein Saakvitne, Lars Ole Hafsmo, Gunn Marit Sæbø Meyer, Astrid Helene Olsen, Tove Heggø.

  1. Arbeidsplan: Fylgjande plan vart vedteken:

Styret skal arbeide for å etablere intervjustudio og serverløsying i samarbeidf med Bergen Bibliotek og Bergen Byarkiv.

Det skal produserast og publiserast eit knippe videoforteljingar snarast råd.

Me skal forsøke å gjennomføre tre åpne møter i haust.

Innan jul skal me ha starta medlemsverving, innkalt og gjennomført det fyrste ordinære årsmøtet.

  1. Budsjett: Fylgjande budsjett vart einstemmig vedteke:

Oppgradering av studio i samarb. med biblioteket: kr. 20.000,-

Kostnader utanom arbeidskost (domene, epost etc) Kr. 2.000,-

Annonsering kr. 3.000,-

Sum kostnader i interimperioden kr. 25.000,-

Søknad kulturkontoret i Bergen kr. 25.000,-


  1. Astrid Helene Olsen og Bjørn Enes vart valde til å signere protokollen.

Møtet vart avslutta kl. 13


Ssigner: 

Astrid Helene Olsen /s                                   Bjørn Enes /s





Protokolltillegg - stiftingsmøte 2. juli 2015 - Memoar.

I etterkant av stiftingsmøte er det peika på at det vart vald ein person for mykje til styret, i og med at

paragraf 6 i vedtektene slår fast at det skal velgjast tre eller fem personar til styret.

Etter ei telefonisk rådslaging mellom styremdlemmene har det vist seg at det er semje om at det

sjette styremedlemmet, Tove Heggø, ikkje skal reknast som innvald i styret. Heggø er orientert om

dette, og har ingen innvendingar mot det.

Det har vore semje om at denne saka er reint formell og ukontroversiell, og at det ikkje er naudsynt

å kalle inn til formelt møte. Men det var semje om at det skulle utformast som eit tillegg til

stiftingsprotokollen for av omsyn til registreringsprosessen i Eings- og Frivillighetsregisteret.


8. juli 2015

Bjørn Enes

Comments