Om Memoar‎ > ‎

Årsmelding 2019

2019 har blitt gjennombrotsåret for Memoar. Vi er nå ein landsomfattande organisasjon med ein profesjonell stab og svært gode relasjonar til dei viktigaste samarbeidspartnarane våre, som er Landslaget for lokalhistorie, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga.

Ressursane våre er eit stort frivillig engasjement og verdfull økonomisk støtte frå Bergen Kommune, Hordaland (nå Vestland) fylkeskommune, Norsk Kulturfond og den største støttespelaren i 2019 - Sparebankstiftelsen DNB.

Sist årsmøte blei gjennomført 2. mars 2019. Dette styret blei valt: 

  • Bjørn Enes (leiar)
  • Jostein Saakvitne
  • Ada Freng
  • Birger Haugdal
  • Mari Hjelmeland Østensen

Mari ba seg fritatt, og har vore permittert frå styrearbeidet sidan oktober. Ho blei ikkje erstatta, så styret har fungert med fire medlemmer i halve perioden.

 

Prosjekt:

I 2019 har vi arbeidd med desse prosjekta, som alle har levert eller leverar sine eigne års- eller sluttrapportar:

 

Stab:

I løpet av året har vi bygd opp denne staben:

  • Bjørn Enes har arbeidd full tid i Memoar heile året, med ein avtale om at han har hatt høve til å ta ut betaling for arbeid i prosjekt med budsjett for arbeid.
  • Line Grønstad blei i august engasjert som prosjektleiar for Munnleg historie for alle. (Ho har hatt redusert arbeidstid for å gjere ferdig sin doktorgrad, og Bjørn Enes har vikariert)
  • Barbro Matre vart i september engasjert i  full stilling fram til sommaren 2022 som medarbeidar og leiar av delprosjekt i Munnleg historie for alle.
  • Inger Christine Årstad vart i oktober engasjert i 50% stilling i seks månader for å ta del i oppbygginga av prosjekt Munnleg historie for alle .
  • Johan Knutsen vart i oktober engasjert i 20% stilling som medarbeidar i sjøfartsprosjektet. Han arbeider elles som frivillig med same avtale som Bjørn Enes.
  • Jonas Sandved Rudjord har sidan oktober vore engasjert i ein trainee-avtale.

Memoar har kontor i Danckert Krohns gate 1 i Bergen sentrum. Vi samarbeider med Bergen Off. Bibliotek om drift av eit offentleg intervjustudio i Bergen.

 

Økonomi:

Inntektene har i 2019 vore medlemskontingent, deltakarbetaling på kurs og konferanse, kostnadsdeling med samarbeidspartnarar,  offentlege tilskot og støtte frå Sparebankstiftelsen DNB. Dei viktigaste støttespelarane har vore:

  • Bergen Kommune (driftsstøtte, prosjekt- og arrangementsstøtte)
  • Hordaland fylkeskommune (prosjektstøtte)
  • Norsk Kulturfond (prosjektstøtte)
  • Landslaget for lokalhistorie (formidlar momskompensasjon, prosjektstøtte)
  • Sparebankstiftelsen DNB (hovudsponsor for “Munnleg historie for alle”)

Vi har heile året arbeidd med å styrke den uavhengige delen av økonomien, som ikkje er avhengig av offentlege tilskot. Ambisjonen er at når “nådetida” med støtte til “Munnleg historie for alle” er over i 2022, skal vi vere i stand til å utvikle arbeidet vidare. Eit eksempel på korleis er eit samarbeid med Tingvoll Museum om oppfylgingsarbeid på sjølvkostvilkår.

Sjå elles vedlagt årsrekneskap med notar.


Vidare utviklingsarbeid:

  • Hovudsaken i 2020 blir å vidareutvikle “Munnleg historie for alle”. Korona-pandemien  har sett ein bråstoppar for arbeidet i vår. Samtidig har den fått oss til å tenkja nye tankar om digitale arbeidsmåtar. Alt i vår vil vi forsøka å gjennomføra det fyrste kurset der deltakarane ikkje kjem saman, men deltar via direkte web-casting ut kombinert med billedtelefoni inn.
  • Styrka arbeid for å involvere born og unge i arbeid med munnleg historie blir også ei viktig satsing i dette prosjektet i 2020.
  • Sjøfartsprosjektet kjem til å halde fram, samtidig som oppsamla etterarbeid vil bli unnagjort.
  • Eit nytt industriprosjekt blir starta opp, med eit pilotarbeid på Raufoss.
  • Arbeidet for å samla partnarar rundt visjonen om et nasjonalt Senter for munnleg historie vil halda fram.
  • Memoarkonferansen 2020 blir både ein møteplass for frivillige og profesjonelle “minnesamlarar” i heile landet/Skandinavia, og eit fagleg forum som i 2020 vil spisse problemstillinga personvern og ytringsfridom (sjå www.memoarkonferansen.no)
  • Førre årsmøte ga styret i oppdrag å vurdera spørsmålet om Memoar skal endra organisasjonsform til stifting eller såkalla ideelt aksjeselskap. Dette har vore vurdert, men det blir ikkje lagt fram noko slikt forslag til dette årsmøtet. Nåverande form fungerer utan problem, så endring blir fyrst og fremst eit spørsmål om strategi. Dersom det lukkast å etablere eit senter for munnleg historie, vil det kunne ta den rolla som ei stifting kunne tatt.

 

26/3 2020

For det avtroppande styret

 

Bjørn Enes 

Ċ
Bjørn Enes,
26. mar. 2020, 06:48
Comments