Kunstnarliv

Memoarprosjektet Kunstnarliv starta som eit samarbeid med Tekstlab kort etter Memoarkonfernsen i 2018. I juni vart det gjort åtte intervjuopptak med nokre av dei kunstnarane som samarbeider i og med Tekstlab, og i oktober var dei ferdig dokumenterte til Tekstlab markerte sitt ti års jubileum med festivalen "Glokale stemmer" i Oslo 17-21. oktober 2018.

Kvart intervju er ein til halvannan time langt. Det handlar om livet og kunsten til kvar av forteljarane, slik dei såg det i midten av juni 2018. Tanken er at det skal lagast liknande intervju med fem til ti års mellomrom så lenge dei lever. Slik vil samlingane bli både dokumentasjon av kvar si personlege og kunstnariske utvikling - og eit bilete av ein kunstnargenerasjon i Noreg i det 21. hundreåret.

Intervjuar i alle desse opptaka har vore Bjørn Enes. Han var då 67 år gamal, med bakgrunn dels som industriarbeidar og dels som journalist. Han hadde inga spesiell kunstnarisk utdanning eller erfaring, ut over å vera eit interessert publikummar.

Opptaka er å rekna som lydopptak. Dei er gjort med videokamera, men utstyret har ikkje vore godt nok, slik at biletkvaliteten er svært mangelfull. Me publiserar likevel ein videoversjon, for å få med kropsspråket til forteljarane. Så sant forteljarane går med på det, kan opptaka brukast etter vanleg CC-BY-lisens, men fortrinnsvis som lyd.

Vinteren 2019 /2020 har me ressursar å setja inn i eit samarbeid: Takka vere #sparebankstiftelsendnb kan me gå inn i samarbeidsprosjekt med tre fulle arbeidsdagar pluss 20 timar etterarbeid utan kostnad for samarbeidsparetnarar:

Vår vanlege prosedyre er slik:

Ho/han som skal intervjuast - Forteljaren - får avtalen i forkant.

Når me møtest, snakkar me kjapt gjennom avtalen, og viss alt er OK signerar me avtalen i to eks, eit til kvar av oss.

Me gjennomfører intervjuet. Det bior lagt i Dropbox - og Forteljaren kan få ein link slik at ho/han kan sjå råopptaket. Dei kan og lasta det ned om dei vil.

Viss me har midler til det, lagar me eit dokumentasjonsark om opptaket. Det består av ein logg med tidskodar - altså eit oversyn over innhaldet i samtalen med informasjon om kor forteljaren kan finna kvar sekvens - og eit tekst samandrag.

Forteljaren får tilsendt begge deler så snart dei er ferdige.

Me lagar ein publiseringsversjon av opptaket. Normalt er den lik opptaksversjonen, utan slikt tørrsnakk som det alltid blir i start og mot slutten. Men VISS opptaket inneheld noko som bryt med god presseetikk eller norsk lov, så tar me det bort.

Så lagar me ei nettside. Der vil me legga tekstsamandrqaget, loggen og videofila med passord. Forteljaren får passordet - og ingen andre. Så er det forteljaren som bestemmer om og når passordet kian fjernast.

Til sist blir videofil, innhaldslogg, tekstsamandrag og den siognerte avtalen levert inn til eit offentleg arkiv for langtidslagring. Vanlegvis blir det Norsk Folkemuseums innsamlingsverktøy for munnleg historie - www.minner.no pluss eit lokalt museum eller akriv.

Og der vil det ligga i tusen år :-)

5. juni 2018 - Bjørn Enes

Avtalar:

Memoar har som hovudprinsipp at forteljarane - dei som blir intervjua - har opphavsretten til intervjuopptaket, saman med intervjuaren.

Memoar oppmodar alle til å dela sine forteljingar - det vil i praksis seia

a) å avlevera dei til eit museum eller eit offentleg arkiv for at folk i framtida skal ha tilgang til dei, og

b) å publisera dei på internett, for at også folk i nåtida skal kunne sjå/høyra dei.

Alle som vert intervjua av Memoar er velkomne til å publisera forteljingane sine på ei av undersidene til www.memoar.no.

Kvar gong Memoar lagar eit intervju, ber me om ein skriftleg avtale med forteljaren. Vårt avtaleforslag i denne serien ser du nedanfor her:

(Klikk på bildet for lesbar versjon)