Grethe Sangoldt - Bergen - Memoar
8. juni 2018
Nytt opptak. Grethe fortel om barndom og oppvekst på Nordnes.

LES MEIR

Barndom og oppvekst:

Dei fyrste minnene hennar er frå krigsåra. Ho hugsar leiken var avbroten for at dei måtte gå i tilfluktsrom når flyalarmen gjekk. Ho meiner å hugsa vagt at dei kunne høyra skot og eksplosjonar - men endå betre hugsar ho at dei alltid fekk noko godt når dei gjekk i tilfluktsrom. Og at dei vaksne var der saman med dei.

Ikkje ein gong eksplosjonen på Vågen er noko skræmande minne, sjølv om heile huset brann ned og ho måtte evakuerast til Åsane saman med dei andre ungane i nabolaget. Etterpå måtte dei innkvarterast hos ei dame i Fjellsdien som hadde stort hus: Alle som hadde plass, måtte opna dørene for huslause under krigen og den fyrste tida etterpå.

Ho fortel om Karamelldamen: Ei dame som kom og vinka på ungane. Når dei kom bort til henne, opna ho veska henta opp snop som ho gav dei. Ekte Smørbukk-karameller. Så gjekk ho sin veg. Ho har undra seg mykje på kven dette var - kor ho kom frå, og kanhende endå meir: Kor kom snopet frå? Og kviffor er det ingen andre som hugsar Karamelldamen?

Opptaket vart gjort 8. juni 2018. Inntil vidare er opptaket sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Grethe Sangolt.

INTERVJULOGG

00:00:00 Namn

00:36:00 Flyalarmen – tilfluktsrom – vi venta lydig på faren over

01:25:00 Ikkje veldig redd.- Dei vaksne var der – me fekk godteri

02:55:00 Me budde i Madsensgang på Nordnes – fyrste etasje

03:30:00 Me fekk tidleg telefon. Mange kom for å låna.

04:25:00 Me hadde leketøysforretning – det var smått med varer under krigen

04:45:00 Eksplosjonen: Vi blei henta med lastebil og køyrt til Åsane

05:40:00 Alt vårt ble brent. Vi mista alt

06:20:00 Madsensgang var omtrent ved Tollboden.

06:55:00 Etterpå skulle vi bo hos andre. Vi fikk plass hos ei enke i Egedes gate

08:10:00 Huset brant ned – far styrta inn for å redde ei lampe.

08:45:00 Mor var på sykehuset – hadde nettopp fått barn

10:10:00 Etterpå heldt livet fram som vanleg -hoppa paradis -

Rica erstatningskaffe, laga av havregryn

11:10:00 Banan og kveitebrød var berre for sjuke

11:30:00 Vi ble sendt til Austlandet for å feitast opp.

12:15:00 Siste krigsåret vart eg send til slekt i Gulen

12:40:00 Freden: Ei skøyte kom med flagg.

13:12:00 Me var redde for skumle menn og ondemenner / ondemannen

13:40:00 Eg var ute for ein lokkemann – eg var tolv år – Strandgaten

Han begynte å fomla med meg i heisen. Eg skreik. Han gjekk.

15:30:00 Frukt: Det hende me nappa til oss

15:55:00 I tredje klasse måtte me flyutte til Nygård Skole, tyskarane tok Nordnes

16:20:00 Frøken var kulturell – Vi hadde tallkarakterar

17:35:00 Jente og guteklassar – og lærarane kunne vera tøffe

18:00:00 Foreldrene heldt med frøken eller lærarane

18:50:00 Me hadde lekser. Ikkje alle fekk hjelp heime.B32

20:44:00 Laurdagen kom ei bankdame med lister – me hadde penger med

21:15:00 Klassetur til Gudvangen – med tog og buss

22:30:00 Vi var 21 i klassen – veldig gøy på tur

23:05:00 Så fikk vi lærerinne som hadde vært i Kina – fortalte om snøresko

23:40:00 Leikeplass på Nordnes. Diger stein som vi kalte Arbeidet

24:09:00 Karamelledamen – kom en dag og lokka oss til seg – ga oss snop

25:30:00 Ingen andre hugsar henne

26:15:00 Ei dame i et smau selde tyggegummi. Ho heitte Snefrid

Kor kan dei ha fått snopet og tyggegummien frå?

27:50:00 Så kom rasjoneringskorta – når rasjonane kom kunne me kjøpa snop

28:40:00 Så kom iskremen – å la gå!

To systre starta ein liten iskrembar – de var populære

. Kino – i Fanahallen gjekk det cowboyfilmar. Me sneik av og til

31:00:00 Me sneik oss inn med regncape – ein sat på skuldrene

32:00:00 Vi lekte til vi var ganske store. Men ikkje alle

33:05:00 Løperjenter. Me kunne tena opp til ei krone - i 12,13-årsalderen

34:35:00 Gutane tok ofte arbeid hos handverkarar

34:50:00 Bestemor: «Alle må vera i emploi» -

35:30:00 Noen gjekk middelskole, men ikkje alle. Eg måtte på handelsskolen

36:25:00 Det begynte å bli organisering blant arbeidsfolk

37:10:00 Far betalte betre enn tariff, men ville ikkje ha organiserte

38:40:00 På femtitallet kunne me importera -bl.a. Munnspel – det ble lang kø

jojo – og trådsneller

39:35:00 Me måtte ha importlisens. Det meste kom frå Tyskland

40:40:00 Bil måtte søkast om. Vår fyrste var en Moskovitsj -

41:55:00 Etter kvart blei me meir sjølvstendige .

42:15:00 Me begynte på dans – fyrst folkedans med kaffe, så ny dans med vin

42:40:00 Så reise. Fyrst sykkeltur rundt Sørlandet. Båt til Stavanger og sykkel heim

43:40:00 Me reiste frå 17-årsalderen – seinare til Danmark og England

44:25:00 I tjueårsalderen var me vaksne – frå då spurde me ingen

45:00:00 Scooterturen: Eg har skrive om turen fleire gonger. Hugsar ulike ting

47:10:00 Nordnes og Strandgaten: Vi flytta til et finare hus med heis.

Så flytta vi til Engen. Det var nært nok til å halda kontakten med Nordnes

48:20:00 Ei branntomt nær Engen. Der kom Sirkus Arnardo

Syster mi ville på sirkus kvar dag

49:30:00 Ein gong rømte ho med sirkus Arnardo. Etterlyst på radio

50:45:00 Arnardo ringte til politiet . Dei fann henne blant tepper, plysj og pakkenellikker

51:20:00 Ho kom heim med båt og snill politimann frå Haugesund

52:55:00 Sirkuset kom kvart år – dei søkte på tomt. Arnardo kom fyrst

54:05:00 Etter eksplosjonen – vi fikk nytt hus ikkje så lenge etter.

Det blei bygd barakker i Sandviken. Det var litt nedverdigande

55:30:00 Men der me kom på Engen var ein gammel bygård med god plass

56:00:00 Me hadde sveivegrammofon – med radiofantomene og utanlandsk musikk

56:35:00 Me hadde også madrasser slik at me kunne turna på rommet.

57:10:00 Der var også altan – me såg til Konsertpaleet og likningskontoret

Me sto på altanen når folk skulle levera sjølvmeldinga

58:30:00 Teateret – der kunne me segle på Bjørnson – Livlig oppvekst

59:25:00 Slutt