Framdrift‎ > ‎

Prosjektplan

Utvikling av munnleg historie ("oral history") i Hordaland

Me som lever no er dei fyrste generasjonane i historia der "vanlege folk" kan leggja etter seg munnlege uttrykk i lyd- og biletformat i stort omfang. Dei nye opptaksteknologiane - magnetofonen frå 1930-talet, kasettspelaren frå 1960-talet og dei digitale lyd- og videopptakarane i vår tid - er forklaringa på ei spennande utvikling innan historie, kulturvitskap, samfunnsfag og frivillig kulturarbeid. Internasjonalt har det vakse fram eit nytt fagområde som har fått namnet "oral history".

Me manglar eit motsvarande omgrep på norsk, for utviklinga her har enno ikkje kome skikkeleg igang. Det er dette me har tenkt å endra med vårt prosjekt. Me vil gjennomføra eit krafttak for å utvikla infrastruktur, kompetanse og organisasjon i Hordaland. I løpet av prosjektperioden skal me setja munnleg historie ("oral history") på dagsorden og gjera Hordaland til eit foregangsfylke på feltet.

Bakgrunn:

Den ideelle organisasjonen Memoar vart stifta i Bergen i juli 2015 med formål å "fremje ein kultur for å ta vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv". Gjennom det fyrste oppbyggingsåret har me prøvd ulike måtar å verkeleggjera denne visjonen på.

  • Me har initiert og organisert to mellomstore innsamlingar av munnlege minneforteljingar, den eine saman med Sjøfartsmuseet i Bergen, den andre saman med fagforbundet Industri Energi.

  • Me har eksperimentert med nye metodar for dokumentering og katalogisering av munnlege minneforteljingar.

  • Me har forsøkt å avlevera dei munnlege forteljingane til lokalt, regionalt og nasjonalt arkiv. Det innsynet dette har gitt har me brukt til å laga ei privat arkivløysing i "nettskya" som me ynskjer å utvikle slik at innhaldet kan overførast direkte til offentgleg arkiv når eit (eller fleire) slike kan ta mot munnleg materiale.

  • Me har arbeidd saman med eit bibliotek for å prøva ut intervjustudio som nytt bibliotekstilbod (Bergen hovedbibliotek).

  • Me har laga og prøvd ut ein pilot på nettmedium - www.memoar.no - der forteljarar som ynskjer det kan publisera / dela sine forteljingar. (Per juni 2016 har me bistått 27 forteljarar med å publisera omlag 40 timar med munnlege forteljingar).

  • Me har forsøkt ut formidling av minneforteljingar som publikumsarrangement i samarbeid med eit bibliotek og eit museum.

  • Saman med eit idrettslag (Djerv) har me gjort eit forsøk med formidling av lokal forteljarkultur gjennom geotagging til ein mobil applikasjon, der utdrag av munnlege forteljingar kjem automatisk opp på nettbrett eller telefon når brukaren går ei vandringsrute.

  • Og me har laga og forsøkt ut eit kurs som skal gjere det lettare å starte som minnesamlar.

Alle desse aktivitetane har fungert som eit forprosjekt. No ynskjer me å bruke erfaringane i eit hovudprosjekt som kan utvikle alle desse ideane og pilotane til "ferdig" infrastruktur, kunnskap og organisasjon. Denne søknaden skildrar eitt års arbeid. Me trur nok at det trengs ein lengere prosjektperiode, men me vil sjå resultata av dette fyrste året før me tek stilling til om me vil søka om forlenging.




Før me går inn på det konkrete prosjektet,

ynskjer me å fortelja kvifor me meiner at visjonen vår

samsvarar med målsetjingane i den regionale kulturpolitikken: 

Formidling og deltaking: 

Den frie, munnlege forteljinga inneheld myje meir enn ord: Tonefall, andlets- og handrørsler, blikk, geip, glimt, rykk, smil, flir, lått - og mange lag med undertekst.

Munnlege forteljingar får særleg verdi når innhaldet ikkje vert styrt gjennom spørsmåla til ein statistikar, vinklinga til ein journalist eller filtreringa til ein vidareformidlar.

Likevel har munnlege kjelder lenge hatt låg status i Noreg. Den mest "hårete" ambisjonen vår er at det skal bli god folkeskikk for alle å fortelje under opptak ved viktige milepelar langs livsvegen.

Memoar vil gjere det lett å få gjort slike opptak, å få dei bearbeidd slik at dei vert søkbare element i vårt kollektive minne - og å få på plass den infrastrukturen som skal til for at dette "kollektive minnet" skal ha form av eit ope offentleg arkiv.

Me vil også at minnene skal kunne delast. Den delingskulturen som ser ut til å feste seg i vår tid er etter vårt syn grunnleggjande sunn og ei positiv motkraft til den tilskodar-kuturen som lenge prega moderniteten.

Me vil gjere alle til deltakarar i utviklinga av den store forteljinga om vår tid.


Samordning og samhandling:

Sjølv om munnlege forteljingar er den eldste av alle historiemetodar, så står Memoar for noko nytt når me vil samle minneforteljingar i masseomfang, gjere dei søkbare og lggje dei i offentlege arkiv for bevaring i all framtid.

Me ynskjer å konsentrere oss om dette "nye" (fokus og kompetanse på innsamling. dokumentasjon, arkivering og tilretteleggjing for bruk av munnleg historie).

Men me kan ikkje gjere det på ein einaste plass utan samhandlingog samordning med dei som alt er på dei ulike samfunnsområda:

- bibliotek, museum, arkiv,

- kyst- og sogelag, lokal- og organisasjonshistorikarar, slektsgranskarar

- kunstnarar, forskarar.

Alle treng betre metodar og kunnskapar om munnleg historie - og me treng samhandling med alle.

Kunstnarleg nyskaping: 

 I søknadsskjemaet for KUP-midler har me ikkje kryssa av for dette programområdet.

Men me kunne ha gjort det, for der er uklare grenser for kva som er samling og formidling av munnleg dokumentasjon, og kva som er nyskapande kunst.

Forteljarkunsten i seg sjølv er eit folkeleg kulturuttrykk som kanskje fortener ein rennessanse - både som "folkeleg" og profesjonell kunstform?

Munnleg historie er også ein av dei viktigaste (og eldste) formen for kjeldemateriale til litteratur, film, utøvande og visuelle kunstformer.

Kan det ikkje tenkjast at eit mangedobla tilfang av fyrstehands munnlege kjelder også vil kunne styrke alle kunstformer?

Ligg det ikkje også materiale til heilt nye kunstformat i denne visjonen?

Comments