Deltakarside

Praktisk informasjon:

Intervjuopptaka vil bli gjort  på Hotell Norge, i underetasjen, i eit av småroma som vert kalla "Inspiratoriet"
På oppslagstavler og plakatar vil vårt arrangement bli kalla "Memoar"

Det vil vera ein enkel lysrigg og ein liten lydopptakar med videokamera. Til hjelp for å få et godt bilete vil me også ha ein monitor.

Tilstade vil informanten - ho/han som skal intervjuast, pluss intervjuaren Olav Wicken og medhjelparen, Bjørn Enes. 

Avtale: I forkant av intervjuet vil me forklara kva som skal skje og legga fram eit avtaleutkast som informanten vil bli beden om å signera, enten der og då eller i etterkant. Avtaleteksten er her. 

Intervjuet vil foregå som ein reflekterande samtale. Me har planlagt det slik at me har god tid til ein hyggeleg og interessant samtale. 

Innan eit døger etter sjølve intervjuet, vil informanten få tilgang til ein peikar der ho/han vil kunne sjå opptaket som videostraum. Inen andre enn Wicken og Enes vil elles ha tilgang til opptaket.

Etterarbeidet:  I løpet av dei næraste månadene vil alle opptaka bli dokumenterte, dvs at det vert laga eit tekstdokument som gjer det enklare for framtidige brukarar å skaffa seg eit overblikk over innhaldet i opptaket og finna fram til dei enkelte delene av det. Denne dokumentasjonen vil så bli klargjort for avlevering til offentleg arkiv og eventuell internettpublisering.

Det er den einskilde informanten som har opphavsretten til intervjuet, og som har avgjerd om korles det skal kunna brukast. Prosjektet si oppmoding vil vera at heile samtalen vert gjort tilgjengeleg for alle intereserte.

Publisering: Dersom prosjektleiar (Olav Wicken) skulle vera av den oppfatnming at noko i eit intervju ikkje kan publiserast på grunn av etikk eller juss, ynsksjer prosjektet å laga ein publiseringsversjon  av opptaket der slike sekvensarer tatt bort. Det er framleis opphavskvinna/mannen som bestemmer om denne versjonen kan publiserast.   

Skulle det vera spørsmål er det berre å ta kontakt med prosjektleiar Olav Wicken på epost olav.wicken@tik.uio.no eller Bjørn Enes på tlf  eller epost bjorn.enes@memoar.n
 
Comments